Krafttak mot dårlig samvittighet!

Muleg dykk ikkje trur meg, men eg har faktisk gått på søndagsskule. Og eg hugsar spesielt godt ein førelesning om samvittighet. Den stramme frøkena, lærte meg at samvittigheten er ein trekant som ligg rett ved sidan av hjertet. Kvar gang eg gjer noko eg ikkje bør, så dreier trekanten eit hakk til høgre, og den spisse kanten pirkar borti hjertet mitt. Og det gjer såpass vondt, at det minner meg på at eg ikkje bør gjere det eg ikkje bør gjere. Guds lover er nemlig skreve inn i hjertet mitt, kunne ho fortelje - og utløyste rotasjon på trekanten. Hi-tech kropp, skal vete. Og so fare, so good. Men så sa ho at viss eg fortsatte å gjere ting eg ikkje bør gjere, så snurrar trekanten rundt og endar opp som ein runding! Og da gjer det ikkje vondt lengjer – men da har eg mista samvittigheten min! Dette gjorde voldsomt inntrykk på eit ungt barnesinn - sidan eg visste at eg heller ikkje denne gangen hadde levert fra meg femkroningen som pappa hadde gitt meg. Eg hadde så fryktelig mykje meir lyst å bruke den på godteri enn på kollekt, serru… Men sto eg i fare for å miste samvittigheten min no??? Berre fordi eg var så voldsomt i kontakt med følelsane mine, som hadde så grusomt lyst på sjokolade?

Heile teorien viste seg dessverre å vere vranglære. Den dårlige samvittighetstrekanten mistar ikkje sin skarpe brodd. Eg syns eg høyrer det samme refrenget om att og om att hjå mange av mine kjære medmennesker, som stadig fortel om dårlig samvittighet for dei merkeligaste ting. Enten er det dårlig samvittighet for å ikkje trene, eller så er det dårlig samvittighet for å trene for mykje, og dermed misse tid med familien. Eller det kan vere dårlig samvittighet for å jobbe for mykje – eller for å jobbe for lite og aldri komme à jour. Eller for alle dei husarbeidssysslene som skulle vert gjort, men som ein ikkje rekk. Eller for å prioritere seg sjølv, for ein gongs skuld. Eller for alle dei gode vennane ein burde fått tid til å ringt. Eller for alle dei gamle og helselause ein burde besøkt. Eller for den bursdagen du gløymte. Eller for den sjokoladen du åt, istadenfor ein brokkoli. Det fins omtrent tusen ting til, det er mulig å få dårlig samvittighet for. Så min nye teori er at trekanten tvert imot veks seg større og større, og snurrar fortare og fortare rundt, og snart raspar den opp heile kroppen innvendig.

Handlar ikkje dårleg samvittighet ofte om uavklarte forventningar? At ein trur dei rundt forventar noko av deg, men så har du lyst å prioritere anleis? Men kanskje den andre ikkje har dei forventningane likevel – kanskje du trur feil?

Eg kan gjerne ha dårleg samvittighet for å kjøpe sjokolade istadenfor å gje kollekt. Det var jo dumt gjort.
Men eg trur spesielt mange kvinner går rundt med altfor mykje dårlig samvittighet, og det syns eg er forferdeleg dumt. Så kan me ikkje prøve å utrydde den litt? Gjere trekanten litt mindre? Neste gang du får dårlig samvittighet for eit eller anna – kan du ikkje da prøve å spørre omgjevnadane dine om det verkeleg er nødvendig at du skal gå rundt med ein roterande trekant inni deg? Kan du ikkje berre forklare at du denne gang har lyst å prioritere litt anleis ? Eg trur nemleg du får eit svar i din favør. Eg trur at viss du berre kommuniserar ut det du tenkjer, så er det forståeleg for dei rundt deg. Og dei forstår at det er vinn-vinn, for viss du har det bra, så har dei det bra. Kan me ikkje prøve?

7 kommentarer:

  1. Var det ikkje Frøet gospelkor du var aktiv i?

    SvarSlett
  2. Oi..Frøet gospelkor...no fekk du, kven du enn er, meg til å ligge på sofaen og grave djupt i hukommelsen! Eg hugsar eg var med i eit gospelkor som liten ja, men dei sterkaste minnene som kjem opp er frå pausane med saft og kjeks.. Kan godt hende du har rett, eg hugsar ikkje navnet, men frykteleg morsomt å få eit slikt stikkord frå fortida, som setter igang mimring! Takk :-)

    SvarSlett
  3. Ein fekk lov til å drikke så mykje saft som ein berre ville. Og så kunne ein kjøpe Pepsi i ein hemesnikra kiosk bod - i bedehuset. Ei ung jente, kalla "eitt åring" var primus motor.

    Til oppvarming under framsyningar for publikum blei det sunge "Hei Hei hei hei, her kommer gutta som har vaska, sei sei sei sei. Her kommer gutta som har vasket sei, -som har vasket torsk og sei."

    Var ikkje med sjølv, men det har satt seg i hukommelsen.

    Amen.

    SvarSlett
  4. Høres so lett ut når en lese d du skrive, at en skal prøve å ikkje ha dårlig samvittigheit for dei valga og prioriteringane en gjer i kvardagen. Tenk ha d berre vore so enkelt.....!!! Kanskje d e so enkelt også, berre ej so ikkje he dei "rette verktøya" for å få d til....?????
    So dinna store trekanten so vekse og spinne fortare og fortare rundt i kroppen, kan virkelig være ei utfordring (byrde)å bære med sej. Skulle gjerne hatt ein fjernkontroll (som virka på en sjølv, so klart)der d stod samvittigheit, så ein kunne velge om ein ville ha den på eller av (eller gjerne berre litt).
    Men du he rett: for he en sjølv d bra, so he dei andre rundt dej d også bra.

    SvarSlett
  5. Av en eller annen merkelig vitenskapelig grunn så trodde jeg samvittigheten vår har med noe med den prefrontale pannebrask el. neo cortex å gjøre, sånn rent fysisk ;) Men lurer jammen på om hun Bibel-dama har rett, for det kjennes innmari ubehagelig ut i hjerteregionen.

    Som 9-åring spurte jeg min kjære morfar om hva dårlig samvittighet er. Han la ut en historie om hvordan han i sin barndom hadde sneket seg ned i kjelleren sammen med en kamerat. Der hadde han gitt seg til å drikke av potetbrennevinet til faren sin (min oldefar).
    Du kan skjønne at de to guttene ble både fulle og dårlige. Dagen derpå var han heller ikke så pigg, så dette gjør at morfaren min den dag i dag forbinder dårlig samvittighet med fyllesjuka etter sin fars potetbrennevin. Og han er snart 90 år- med andre ord en lærepenge for livet!!

    SvarSlett
  6. Jøss, du som hugsar Frøet imponerar med svært god hukommelse! Skulle gjerne hatt ein kveld og eit glas vin med deg, kjenner eg :-)Ehh..alter-vin, sjølvsagt ;-)

    Og kjære anonyme venn uten fjernkontroll.

    Nei, det er ikkje lett – men det er ikkje vanskeleg heller. Fordi du heilt sikkert er eit flott menneske med alle funksjonar intakt, og eg er heilt sikker på at du har alle verktøya du treng!
    Og eg er ikkje nokon guru på området sjølv, min utdanning består hovudsakleg av fordjuping i meieriproduksjon…, men i min eigen kamp for å bekjempe dårleg samvittighet, har eg følgjande strategi:

    1. Erkjenn at dårleg samvittighet ikkje er konstruktivt – den skapar stress, den gjer vondt og den kan stort sett ikkje brukast til nokon ting. Erkjenn at den i stor grad må få sparken, for at du skal få det bra.
    2. Observer kvar gang du kjenner at trekanten begynner å gå rundt. Dårleg samvittighet opptrer gjerne saman med andre følelsar, men du kjenner den igjen når den kjem.
    3. Finn årsak
    - Dårleg samvittighet fullstendig utan meining: Til dømes fordi du sit inne på ein solskinnsdag, fordi du ikkje har trent idag eller fordi du åt ein sjokolade. Dette går ikkje ut over nokon andre enn deg sjølv, og da er det fullstendig overhode ikkje nødvendig å plage deg sjølv ytterligare. Tenk ”Pytt sann! Eg er sjef over meg sjølv, eg bestemmer kva eg vil”.

    - Dårleg samvittighet med litt meining. Til dømes fordi du prioriterar deg sjølv istadenfor andre. Men av og til er det nødvendig. Store delar av tida brukar me på å dekke andre sine behov. Fordi me er flotte mennesker, som lever i tett samspel med andre, og det forventast at me må gje av oss sjølv. Som regel er den ”ofringen” godt betalt – me gjer gode gjerningar og det kjennes nydelig. Da er den dårlege samvittigheten berre ein indre påminnar om at no er det kanskje på tide å prioritere andre. Men sjekk lønnslippen innimellom. Føler du at du får betalt? Vert du satt pris på? Dersom du, mot formodning, føler at svaret på det essensielle spørsmålet er negativt, kan du i første omgang redusere den dårlege samvittigheten proporsjonalt. For ingen skal bli tatt for gitt. Dersom du sjølv er flink til å sette pris på andre, så er det rimeleg å forvente å få noko tilsvarande i retur. Men du har ansvaret for å sei ifra. Ingen luktar kva du tenkjer, og reine ord er bedre enn alle formar for kroppsspråk.

    - Dårleg samvittighet med all verdens god meining. Til dømes viss du har rana ein bank.

    4. Kommuniser med omgjevnadane.
    Du og alle andre tenkjer rasjonelt. Det du tenkjer er det som er riktig for deg. Og dei som er rundt deg er glad i deg, og vil deg det beste. Men dei må forstå kva du tenkjer. Så du må fortelle dei det. Med ein åpen og ærleg kommunikasjon, er eg heilt sikker på at dere kjem fram til ein god løysning for begge.

    5. Trykk Ctrl + Alt + Del på kategori uten og med litt meining. Desse årsakane til dårleg samvittighet kan herved slettast frå hard-disken. Alvorlegare årsakar til dårleg samvittighet, som sorterar under 3c) krever anna handling. Denne kategorien har ikkje ein yster som meg kapasitet til å greie ut for. Anna enn å sei; Ta konsekvensen av dine eigne handlingar og ta ansvar for å komme på rett kjøl igjen.

    6. Høst fruktene
    Når du setter grenser for deg sjølv, aksepterar at du kun er eit menneske som ikkje klarar alt og litt til, så får du kontakt med deg sjølv att. Den indre stemma, som tidlegare berre satt borti ein krok å furta, får no fortelle deg litt meir. Og du slepper følelsen av å vere tom. Livsgleda kjem tilbake og du vert i stand til å nyte tida di, saman med deg sjølv og saman med andre.

    Oppsummert: Litt jobb er det. Og litt vanskeleg innimellom. Men det er godt betalt. Prøv!


    Og gode Siri; Det var nok pedagogisk på mange måtar å gje den forklaringen til ein 9-åring. Så holdt ein seg kanskje vekke både frå dårlege gjerningar og dårleg brennevin ei stund ;-)

    SvarSlett
  7. Hei og takk for kommentar på bloggen min:)
    Du er inne på et viktig tema her...gikk selv på søndagskole og det eneste jeg husker er at jeg gjømte meg under senga til mine foreldre for å slippe å dra dit:))
    Dårlig samvittighet? Det har jeg ikke...heldigvis. Men jeg er så voksen at jeg har lært meg å nyte livet! Her og nå...det kommer med alderen tror jeg:)
    Kos deg og ha gode dager, klem fra meg:)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)