Du er din eigen lykkes smed

I går var livet kjipt. Sånne dagar har vel alle innimellom. Det kjennes som at verden går oss imot, antallet idiotar aukar og fokuset ligg på alt som ikkje er bra. Det er utrulig lett å bli passiv, syns litt synd på seg sjølv og ein syns det er på HØG tid at lykka snart skal treffe oss i bakhovudet!

Men det som er utrulig fascinerande å oppdage kvar gang, er at heile nøkkelen til å få det bedre - den sit du med i handa di. For ein trumf! For ein faaabelaktig erkjennelse det er, at du ikkje er avhengig av nokon andre for å få det absolutt strålande!

Den trufaste lesar fekk med seg at eg hadde ein dårleg opplevelse på handball-ban..på handball-benken på søndag. Sjølvtilliten knakk, og eit dusin sjølvtillits-høge bergensarar rundt meg, forsterka effekten. Da skjønte eg at eg det var feil tidspunkt å vere på ein arena der eg ikkje mestra like godt som dei andre. Så i dag oppsøkte eg heller ein arena der eg kunne sikre meg ein god opplevelse. Og eg hadde flaks. Den første eg traff når eg møtte opp på ein badminton-trening i dag, var eit gudsord frå Kvinnherrad. Eg registrerte at hjerna mi sa "KRIK" tvert. Du veit...spinkel type, litt tynn i håret, smørblid..men eg innsåg at eg overhodet ikkje var i posisjon til å inneha fordommar ovanfor andre. Så eg smilte breidt, tok den kjekke karen i handa og presenterte meg høflig. Og han viste seg å vere av typen Deilige Medmennesker, som er åpne, utadvendte og har eit ønske om at andre skal føle seg vel i deira selskap. Sånn som eg antek me er alle sammen, når me har ein god dag. 

Og leiken begynte - først litt forsiktig, høflig, prøvande. Ga hyggelige tilbakemeldingar, ga dei andre litt ros og som ein inntørka svamp tok eg imot alt som kom i retur. Og etter to timar med beinhard fighting på bana og positive opplevingar på meta-nivå, så var eg så kvalmande høg på sjølvtillit at eg smilande kasta inn håndkleet. Og no sit eg foran PCen, nydusja og mett,  med ein usvikelig tru på at UANSETT kva som møter meg av utfordringar fra no av, så skal eg takle det!

Oppsummert er altså livet så forbaska enkelt: Innsjå at ansvaret er ditt, bygg på dei gode sidene dine, sørg for å gje deg sjølv positive mestrings-opplevelsar, vær raus med skryt og ta imot all skryt like raust, smil utapå sjølv om det av og til kan kjennes litt naturstridig - og VIPS! Lykka treff deg i bakhovudet, fordi DU gjorde dei nødvendige grepa og fordi DU eiger di eiga lykke.

Halleluja!

7 kommentarer:

  1. Kjempekjekt, Camilla!!! No vart ej gla!!!
    Sant at me e vår eigen lykkes smed, sjølom d ikkje alltid e like enkelt å ta dei rette valga for å få d bra.
    Men veldig bra at du he tatt initiativ og ansvar for å dei gode opplevingane du he hatt idag :-) Bergensera e no sikkert kjekke folk d også.

    SvarSlett
  2. Er så enig så enig!
    Vi trenger bare et skikkelig spark bak noen ganger for å se det!

    Ha en flott onsdag!
    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  3. Sjå der ja? Ordna seg for snille jenter ;)

    SvarSlett
  4. Du skriver så underholdende og fint, Camilla!
    Syns du kan klappe deg selv på skulderen å si høyt: (på ditt klingende nynorsk)- jeg er unik! Jeg er positiv! Jeg er god til det meste, ihvertfall å være et medmenneske som vil alle godt!
    Halleluja, for gode opplevelser :)
    Jeg ble i godt humør av å lese dette innlegget.
    Smil, du har lykkes:)
    Klem fra Siri

    SvarSlett
  5. Halleluja for deg,Camilla!!!:)
    Saknar deg..!
    KLEM:-)

    SvarSlett
  6. Blir komande vekes prosjekt dette! :) fare for at det kjem til å gå med ein del kronor..

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)