Ingen klagar. Eg blir gal!

Det regnar. Igjen. Uhøflige mengder. På femte døgnet. Men ingen klagar. Eg blir gal!

Det er ikkje det; Eg er vant til regn. Og eg tåler vatn. Men eg treng å snakke om det! Eg treng å få det ut, eg treng å bearbeide, før eg kan gå vidare. Eg treng  ein fellesskapsfølelse, og eg treng at me går sammen for å sympatisere! Eg syns ikkje eg ber om mykje. Men bergensarane er bokstavlig talt vannTette!

Opptil fleire gangar har eg tatt mot til meg om morgonen, å sykla på jobb. (iallefall ein gang..) Til tross for at eg søvndrukkent har registrert at det pøsar ned, så har eg tenkt: "Det fins såvisst forbanna dårleg vær, men eg skal sykle likevel!" Og kjempekry over bragden, men våt som ei drukna kråke, kjem eg på jobb - med eit intenst behov for at me alle sammen skal samle oss i ein sirkel, i ein felles muntleg klage-orgie over himmelens ubarmhjertighet! I ein halv time.  Men nei. Ingen forstår. Bergensarane klagar ikkje.


Det er merkelig. Bergensarane er utrulig patriotiske. Dei simpelthen elskar alt som har med Bergen å gjere. Dei bur ikkje i Norge - dei bur i Bergen. Det er nett som dei anerkjenner Bergen som eit eige land, og dermed har ein genuin nasjonalfølelse for alt som er innafor dei sju fjell. Eller sju knausar..høgste knausen er omlag 900 meter. Men spør ein bergensar; Vi harrrr kjææmpehøye fjælll! Og vi errr bessst! Det er nett som evolusjonen har gjort noko eige med bergensarane. Gjennom generasjonar har dei gått rundt med gul sydvest og tilpassa seg klimaet på ein heilt imponerande måte. Eg mistenker dei til og med for å synes at gul sydvest er kledelig.  Har nokon forska på genkombinasjonen deira? Og det mest imponerande er at det er dønn gjennomført. Ta buekorpsa til dømes. Det kan jo ikkje vere tilfeldig, at buekorpsmusikk høyres prikk likt ut, som kraftig regnvær på eit stove-vindu!

(Scenehenvsining: Forfattaren av dette innlegget får ein tekstmelding. Finn mobilen, ser at meldingen er fra ein bergensar. Les høgt:)
Hei! Er det ikke fint å høre at regnet trommer mot vinduene? Smilefjes.

Skjønnar du kva eg meinar?? Det er UMULIG å få ein bergensar til å klage på været. Med mindre det blir for mykje sol...Og det blir det jo aldri. Så det er ei lukke at det berre er sju dagar til eg skal feriere på Sunnmøre. Da skal eg nytte høve til å klage i kor.

Men for all del; Bergensarane er søte. Værbitte, men søte.

11 kommentarer:

  1. Hehe. hæærrlig. Fleire skulle vore som bergensarane kanskje :-)

    SvarSlett
  2. Vi sunnmøringar er flinke til å klage vøtt;)

    SvarSlett
  3. Eg e fornærmet for at du kaller de flotte fjellene våre for knauser ;-). Dessuten, så e gul sydvest ganske fint og ikkje minst effektivt.
    Hilsen en vannTett berrrgenser :-)

    SvarSlett
  4. HEHEHE :)) kor forferdeli å ikkje kunne få klage på veiret til nokon!! Eg ELSKAR å klage på veir!!! og eg ELSKAR at andre klagar på veir saman med meg!!! ALT vert so mykje betre når ein får klage på veir!!! JA! kom til sunnmøre!! Her er nok av folk som vil snakke om veir! Både godt og dårleg veir ;)

    SvarSlett
  5. Eg merka at eg har budd for lenge i Bergen. Eg blei djupt fornærma av heile innlegget.... Grynt...

    SvarSlett
  6. Herlig innlegg! Eg likar å klage på veret, det er ein del av meg som sunnmøring;) Men eg klagar sjeldan "surt".... Det er berre så godt å ha noko felles med dei andre som er like klissvåte etter ein tur ut!

    Denne bloggen har eg sansen for, eg kjem plutselig tilbake!

    SvarSlett
  7. Oi, he visst "hirra på dej" nåken bergensera me ditte innlegge her, Camilla!!!
    Men d e ingenting å bry sej om. E sunt å få kunne klage litt; og når d e om været, so gjer d i alle fall absolutt ingenting. For me veit alle d at været kan me ikkje gjere nåke me - berre ta imot d me fe! Å klage over været e heilt ufarlig, og d e lov.
    Men du...været e masse bedre i Ørsta veit du :-)

    Ha en fortreffelig dag i regnværet i mårga!

    SvarSlett
  8. Nå fikk jeg meg en god latter i min egen elendighet (ref. min egen blogg ;)elendighet ja, men ikke på grunn av været, altså, for her er det den beste høsten på eviglenge. Bare for å gni det inn...litt;)
    Jeg har en teori ang. bergensere og stemmevolum. Siden de er omgitt av så utrolig høye fjell, må de kanskje rope for å overdøve ekko?!

    Og om du føler for å klage på regnet kan du evt, ta en prat med søster'n. Hun har bodd der lenge nok til å skulle blitt herdet. Men hun tar det like personlig hver gang det blir litt vått i pannebrasken. Og hun jobber i Marinen. Ja, jeg lyver ikke. Helt sant. Slå opp på forsvarets utdanningssider. ;)
    Det med været og humørsyke er muligens genetisk i min familie, for jeg er ikke stort bedre enn hun offiseren. Men jeg holder meg hvertfall for det meste innendørs.

    Syns du er sporty som sykler til jobb, jeg.
    Og det er helt naturlig å ønske sympati og skryt når man utfører slike heltedåder.
    Håper og tro du får trøst til du kommer til Sunnmøre!

    SvarSlett
  9. Heisann :-))
    Måtte flire litt...men..har du ikke hatt dette innlegget tidligere?? hehe...
    ihvertfall noe av det??

    Her skinner endelig sola igjen, fikk lettere panikk da det snødde idag morges..
    Ha en regnfull men fin dag videre og klem fra meg

    SvarSlett
  10. Jeg svinger innom kun for å gi deg en klem.

    KLEM!

    SvarSlett
  11. Eg bur rett utforbi Haugesund klager gjerna med deg om det sørens drittregnet eg ;o)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)