Queen of fucking everything!

Åh, smak på den setningen, da!
*Du må umiddelbart reise deg opp, stå rett i ryggen, få puppane fram - og hyl følgjande setning:*
I dag er eg Queen of fucking everything!!!
*Sett deg ned, smil og vær sjef resten av kvelden*

Eg var strålande nøgd med årets julegave til onkelen og tanta mi i år: Eit rosa traktorvaffeljern fra Moods of Norway! Med sin kreativitet og fokus på staute, norske kulturverdiar frå bygdene, har Moods ein evig plass i hjertet mitt. Og eg blir i strålande humør av å ta på meg eit Moods-plagg.
Når eg fekk snusen i at dei skulle lansere eit rosa vaffeljern, var det ingen tvil om at det skulle vere årets julegave. To månadar i forvegen fekk eg kloa i eit eksemplar og eg kunne knapt vente med å gi det. Eg hadde sjølvsagt ulidelig lyst på eit sjølv, men fann ut at det var smartare å sørge for at nokon sto i evig traktorvaffel-gjeld til meg!
Men 1.juledag inntraff katastrofa! Ved første vaffelsteiking, small det i rosa metall og eigarane måtte skuffa konstantere at termostaten gjekk åt skogen. Kaputt - før vaffeleventyret hadde begynt!

Men eg var heilt trygg på at Moods-butikken i Bergen kunne fikse meg eit nytt. Så med godt mot, gjekk eg for å bytte.
- Beklager, vi har ikkje fleire igjen.
- Men dere kan vel få tak i?
- Sorry, heilt utsolgt i heile landet. Fins ikkje fleire.
- Hæ? Får dere ikkje inn igjen da?
- Kanskje til neste jul...
- Høyr her mister - til neste jul er ikkje godt nok. Eg treng traktorvafler no!
- Som sagt...tomt..
- Men kan dere ikkje få fiksa termostaten på denne da?
- Beklager...
- Beklager? Eg kjem til å dø. Eg treng eit nytt!
- Du kan få ein tilgodelapp...

Og vips var Årets Julegave transformert om til ein tilgodelapp...Eg kan ikkje vere bekjent av å gje ein tilgodelapp til jul! Så eg hadde ikkje anna valg enn å sette meg ned å skrive tidenes dramaqueen-brev til Simen Staalnacke. Eg måtte gå rett til toppen!

Og Mr.Moods Himself skuffa ikkje! I dag fekk eg hentelappen på Posten, og kunne strålande fornøgd overbringe julegava på nytt:
Kompis Simen hadde til og med lagt med Grandma`s Waffle Mix - Make Waffels, not war!
Og eg kunne notere to myself: Aldri gi opp. Du er Queen of Fucking Everything!

5 kommentarer:

  1. HAHA!!!smeis,du fe det jammen til Camilla!:)) Syns ej ser utrykke ditt når du sit å forfatta brev til moods-Simen!;-))
    Han fall nok pladask når han las dine fantastiske skriverier,å sende deg det einaste jarnet som var igjen i landet:-)
    (..sakna deg forresten!!!)
    KLEM!

    SvarSlett
  2. Hårre steik du ekje verst! Hadde ej vore na Staalnacke so ha ej sendt to!! Et til dej å et til ne tante å na onkel!!
    YOU ARE THE QUEEN!!!

    SvarSlett
  3. Steik, ditta fixa du, Camilla !!!
    Men ette d ej kan huske so e d ikkje første gongen du skrive slike brev, stemme ikkje d....?! Men va vel ikkje akkurat traktorvaffeljern d va snakk om da....
    Tenke onkel og tante vart stråålande fornøgde.

    Ha ei fortsatt super helg, og sørg for å få i dej nokre traktorvaffler :-)

    SvarSlett
  4. Kjære queen! Eg skulle ønske at du snart ville skrive meir! Bloggen din har gitt meg mange artige stunder, du skriv veldig godt! :)
    Håper du har det bra.

    SvarSlett
  5. Lengter etter oppdatering eg og:)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)