Lean Life: Resultat av å tenke langsiktig

I forrige innlegg insinuerte eg heilt på slutten ein drastisk endring; Skulle eg virkelig slutte å snuse?
*lufta dirrar*

Alle endringar er, i mindre eller større grad, vanskelige. Ein endring fordrar ein ny måte å tenke, snakke, handle og leve på. Me har ulik terskel for kor store endringar me utan vidare kan klare å gjennomføre på strak arm. For nokon blir kvardagen utrygg om linjalen ligg på ein annan plass enn den gjorde i går. Og eg har forståelse for alle si grense. Forandringar gjer vondt, altså. For alle. Kunsten består i å dele kamelane litt opp. I mindre serveringsstykker. Og svelge bit for bit. Å kontinuerlig forbedre seg.

Når det gjaldt den snusingen, så las eg ei veldig oppløftane bok om kognitiv adferdsendring i påska. Ein klok mann skreiv at verden ikkje treng å vere svart/kvit. Alternativa er ikkje berre "Snuser" eller "Ikkje-snuser". Eg velger å finne noko i mellom der, som eg kaller "Snuser når eg må". Eit lite kompromiss. På vegen fram. I god lean-ånd, så er det ein åtti-prosent-løysning. Og det er eit viktig livsfilosofisk poeng; Du treng ikkje vente til du har den hundre prosent perfekte løysningen, før du startar med noko. Berre begynn ein plass. På førti prosent. Seksti prosent. Eller åtti. Gjennomfør eit forsøk. Få ein erfaring. Lær noko.  Evaluer. Så kan du forbedre løysningen din, og tilslutt nå hundre prosent.

Så no snuser eg berre når eg strengt tatt må. Ein eller to gangar i løpet av dagen. Og mirakel-ordet for å få det til er:
- Etterpå.
Kvar gang eg får lyst på ein snus, tenker eg:
- Ja, du skal få etterpå.
Også glømmer eg det litt. Gjer noko anna i mens. Også får eg lyst på snus igjen, og tenker:
- Ja, heilt ok vennen min. Du skal få etterpå.

Så lett er eg å lure..

3 kommentarer:

  1. Veldig bra strategi det der. Etterpå er virkelig et mirakel ord. Jeg har prøvd det selv i diverse sammenhenger, og kan skrive under på at det virker. Selv om det av og til kan få litt uante konsekvenser. Da barnebarnet var to år lærte han betydningen. Når han ville noe som ikke helt passa inn, sa foreldrene ”etterpå så”. Når foreldrene sa: Nå må du rydde lekene dine, eller legge deg, sa poden smørblidt ”Etterpå så”
    Forresten veldig koselig at du er tilbake på bloggen :-)

    SvarSlett
  2. Flinke du e, Camilla, som he greidd å redusere so masse på snusinga!!!
    Ej skal snart igjennom en liten operasjon, og burde absolutt slutta eller kutta drastisk ne på røykinga. Skulle gjerne hatt litt av motivasjonen, inspirasjonen, pågangsmotet og viljen din for å greie d; so send gjerne litt av den slags min vei :-)

    Kjempekjekt at du blogga igjen forresten - e like spent kvar dag ej e inn på sida di;-)
    Ha ei heilt fantastisk lean-life-aktiv-veke!

    SvarSlett
  3. Hehe, barn vettu, mormor - det meste me seier til dei, kjem rett i retur! Takk for koselig melding!
    And Thank u, fru Anonym :-) Gi meg adressa, så sender eg inspirasjon og alt du vil ha. Men du finn den nok sjølv også ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)