Odin fortjener at vi alle tar ansvar

Kva skal til for å få oss alle til å stoppe opp?
Kor ille må historien fra virkeligheten vere, for at vi skal sette oss ned, sleppe det vi har i hendene og la alle tankar om trivialitetar forsvinne?
Kvalifiserer ikkje historien om 13 år gamle Odin, som valgte å ta sitt eige liv, til at Norge stopper opp? For ein dag, i det minste?
Kva om VG hadde komt ut i dag, med kun den eine saken - ingenting anna?
Som ein symbolsk handling på at denne historien angår oss alle?
Ikkje berre familien i sorg, lærere, rektorer, PPT-tjenester, fortvilte foreldre og skamfulle elever?

Bør vi ikkje alle ta på oss eit ansvar?

Javisst kan vi skylde på andre, peike på svakhetar i skuleverket, klandre alle som var direkte involvert i denne saken, eller gå inn i politisk meiningsbryteri om nasjonale prøvar, målstyring fra vugge til grav og eit evig forbanna mas om å yte max heile tida.

Men eg trur ikkje det er nok. For det er ikkje berre fine Odin på 13 år som ikkje orka meir. Fra 2002 til 2012 tok 37 barn, under 15 år, livet sitt. Dei ville ikkje vere her lenger - dei ville heller dø, enn å leve sammen med oss. For ein hjerteskjærande fallitt! Må vi ikkje alle ta ansvar da? Det er vel ingen som blir født mobbere? Det er vel ingen som er blitt satt til livet, med eit forutbestemt oppdrag på at dei skal gå rundt å plage flest mulig andre? Vi er vel alle eit speilbilde av kvarandre og samfunnet vi lever i?

Så kor effektivt hadde det ikkje vert, om alle våre kjære 5,1 millioner mennesker i dette landet, berre kunne satt seg ned i sofaen, tenkt seg litt om og bestemt seg for å ta ansvar?

"Alle som eg omgåes, skal eg behandle med respekt og likeverdighet. Eg skal løfte blikket i alle kvardagssituasjonar, og prøve å få auge på alle dei usynlige rundt meg. Eg skal smile og helse høflig på medmenneska mine, og tiltale dei med navn, sjølv om navnet kan vere langt, utenlandsk og vanskelig å hugse. Med litt konsentrasjon, skal det nok gå. Om eg veit navnet på dei rundt meg, kan eg også begynne å bli kjent med dei. Bli glad i dei, iallefall tilstrekkelig kjent med dei for å sjå at vi alle sammen egentlig berre er ein liten skjør spurv, innerst inne. Empatien veks av slikt. Eg skal stå opp for andre, ta ansvar for å korrigere uønska atferd eg ser - men så skal eg også prøve å vere raus mot dei som gjer noko dumt. Neste gang kan det vere meg. Eg skal leite etter styrkar, istedenfor å pirke i svakheter. Eg skal spele andre gode, for det er berre kjipingar som tilegner seg kunnskaper dei nekter å dele med andre. Og eg trenger ikkje kjøpe alt mulig fæncy ræl for å demonstrere overlegenhet og klasseskille, for det er egentlig berre veldig ensomt å plaske rundt i eigen luksus. Eg er ikkje bedre enn deg, og du er ikkje bedre enn meg.
Så skal eg lære dette til barna mine - både gjennom ord og handling."

Om vi alle hadde prøvd, så godt vi kunne - vil barna ha lyst å leve sammen med oss da?

1 kommentar:

  1. Nydeleg skrive kjære Camilla! Godt å sjå du har "opna" bloggen din igjen,med gode kloke ord! :)

    ("Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv" -Arnulf Øverland)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)