Det er sansynligvis meininga at eg skal bli redd. I alle
fall tilstrekkelig skjelven til at eg kjøper VG for å finne ut om det er sant.
Og kanskje tilstrekkelig bekymra til at eg let vere å publisere bilder av
middagen min i kveld. I frykt for at vital informasjon om privatlivet mitt skal
komme på avveie.
Men ha! Eg lar meg ikkje skremme.
Det Facebook veit om meg, er stort sett at eg er ei
kvinne, på 35 år, som bur i ein by og at eg har ein utdanning. Også har dei
sansynligvis ein viss oversikt over kva nettsider eg er innom. Ifølge
statistisk logikk og reklamebransjens våte draumar, skal den type data kunne
forutsei kva annonser det lønner seg å vise meg.
Det er hi-tech. Storebror seg meg. Dagens teknologi gir
god mulighet til å samle inn enorme mengder grunndata – og føkke den saman til
konklusjonar som ofte er total skivebom.
All eigen erfaring med statistikk tilseier at eg kan
samle inn data på kva som helst - og få det til å bety akkurat det som passer
meg.
Ein rask kikk på Facebook beviser at eg har rett. Ut fra reklamen
som vises på veggen min, som altså er eit resultat av statistisk logikk, så er eg ei utspjåka 2,3 barnsmor, i høge
hælar med ein caffe lattè i handa og ein chihuahua i handveska. Middagen får eg
levert på døra og min statistisk
sansynlige ektemann serverar meg blomster fra Mester Grønn og perleøyredobbar
fra Chanti. Eventuelt ein svart,
sensuell nattkjole fra Zalando.
Ha! Grov skivebom alt saman. Eit heilt klassisk tilfelle
av statistisk screw-up. Unntatt det der med den svarte, sensuelle nattkjolen.
Neida. Joda. Neida.
Konklusjonen er at Facebook ikkje veit alt om meg. Men eg
derimot - veit alt om Facebook. Eg er der tross alt ein gang i timen..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Morsomt om du legg att ei strofe ;-)