Den perfekte setning som vert fødd for seint...

Er det berre gamle damer som snakkar med seg sjølv? I så tilfelle er min mentale alder nærare 80 år. For eg arresterar stadig vekk meg sjølv i å gå rundt å snakke halvhøgt. Utan nokon i umiddelbar nærleik - forhåpentlegvis! Når eg tek oppvasken om kvelden til dømes, tenkjer eg attende på dagens hendingar. Føretek ein liten mental oppvask; Kva har eg lært i dag? Og ofte dukkar det opp ein samtale eg har gjort i løpet av dagen, som eg strengt tatt ikkje er heilt nøgd med. For eg er ein av dei som alltid kjem på dei geniale kommentarane - for seint. Fem timar etterpå, når vedkommande for lengst har forlate åstaden og eg står å skrubbar panner, kjem eg på kva eg skulle sagt. Med Zaloskum opp til albogane, fødes dei briljante formuleringane, som hadde passa heilt perfekt i den samtalen. Så eg tenkjer "Åh, neste gang skal eg sei akkurat det der!" Men neste gang er alltid ein heilt annan gang, og då passar ikkje den geniale innøvde kommentaren likevel. Eller eg har gløymt han. I etterpåklokskapens lys er alltid tankane mykje klarare. Jobbintervjuet er ein klassikar. Når det gjeld som mest å vere tydeleg, reflektert og veloverveid! Då sit eg der med svette hender og liknar mest ein sporv, som piper fram eit meiningslaust svar, blotta for sjølvtillit. "Ehh, kvifor eg skal få denne jobben? Nei, eg er no ganske grei og trur no kanskje at eg kan klare å få til dette her."
Fem timar seinare står eg med rak rygg på kjøkkenet, osar av sjølvtillit og utbasunerar tydeleg og klart "Eg har dei faglege kvalifikasjonane dykk etterspør, samt relevant røynsle. Eg meinar også klart at eg har personlege eigenskapar som vil høve godt i arbeidsmiljøet og eg har ein klar strategi på korleis me bør gå fram for å nå målsettinga for avdelinga!".
For ikkje å snakke om når eg uforvarande møter drømmedama på butikken. Ho eg hadde så lyst å verte betre kjent med. Men når hormonane også vert involvert, kan eg sjå langt etter den klare tanken. Då går det nok nærare sju timar, før eg med ein skitten smørkniv i neven kan anlegge ein kul og tilbakelent tone "Hey! Hyggeleg å sjå deg! Kan eg by deg på caffe latte ein dag?" Og om oppvasken er stor nok, lirer eg av meg ein friartale som får den stridigaste svigermora til å smelte! Talen hjelp sjølvsagt lite, så lengje publikummet mitt berre er skitne mjølkeglas. Men oppvaskstunda mi vert i alle fall underhaldande! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko!

4 kommentarer:

  1. Fabelakti!! Æ e akkurat likens! kjæm på de bra kommentaran ailt for seint..! Bra d finnes fleir av oss =)

    SvarSlett
  2. Hehe, så da blir me to som går rundt på meieriet å snakkar halvhøgt for oss sjølv, mens me bannar over super-setningen som aldri fekk sjå dagens lys :-)

    SvarSlett
  3. Jepp!! Tru nok d ja!:-D Lure på om æ ska byn å skriv ne aill de setningan æ aldri fikk bruk fer å lag ei samlebok?

    SvarSlett
  4. Hehe, det kan bli ei saftig SALMEbok ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)