Homofile & barn

Til alle som ligg søvnlause i frykt for at verden vert så ravgalen at til og med homofile kan få lov å adoptere ungar: Slapp av! Det kjem ikkje til å skje så lenge du lever.

For sjølv om norske myndigheter skulle få eit innfall av generøsitet og gje homofile rett til å verte vurdert som adoptivforeldre, er det få adoptivland som tillet homofile foreldre. Sidan eg sjølv er lesbisk, ville eg likevel satt veldig stor pris på om denne lovendringen kom, slik at eg dermed kunne verte frigjort frå å vere ein såkalla "uegna omsorgsperson". Det plagar meg. Men begrepet er interessant. "Manglande omsorgsevne". Ein ganske hard påstand, som rammar homofile og barn under 16 år. Altså; for å vere egna til å ta seg av eit barn, må du vere over 16 år og heterofil.

Eg trur homofile og barn-diskusjonen er hetero-samfunnets store dekkoperasjon. For viss me for alvor skal byrje å diskutere omsorgsevne, så trur eg det vil få alvorlige konsekvensar for folketalet her i landet. Kvifor er det til dømes ingen som set spørsmålteikn ved om kriminelle er egna som foreldre? Alle som har plettar større enn parkeringsbøter på rullebladet sitt, burde jo verte kastrerte på augneblinken! Deira haldningar og livsførsel kan ikkje vere til barnas beste. Eller kva med nazistar? Det fins register over desse, så det ville jo vere ein enkel sak å forby dei seksuell samkvem uten prevansjon. Eller toppidrettsutøvarar, popstjerner og politikarar på høgare plan, som årleg har over 25 reisedøgn. Er ikkje nærhet og tilstedeværing viktige faktorar i vurderingen av omsorgsevna? Og dersom seksuell praksis er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ikkje - kvifor slepp da sadomasochistar fri? Når dei skal vere snille med kvarandre, så slår dei jo! Men sjølvsagt slep dei fri, fordi seksuell praksis IKKJE er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ei.

Det er ingen menneskerett å ha barn. Og det ville gleda meg stort om me kunne begynne å ta hensyn til barnas beste. 40 000 barn vert mobba minst ein gang i veka på skulen. Det er ikkje fordi dei har homofile foreldre. Dersom eg eingang vert mor - og vert ei dårleg mor - så er det ikkje fordi eg elskar ei kvinne i staden for ein mann. Tvert imot. Det betyr at eg har teke kjenslene mine på alvor og kvar dag må eg ta konsekvensen av det. Å vere open homofil kjennes ofte som å vere eit eksotisk dyr i ein dyrepark. "Har du høyrt? Ho der er sånn...sånn lesbisk". Sanninga er at dei fleste av oss er langt mindre eksotiske enn alle andre. Me står opp tidleg om morgonen for å gjere ein god jobb for arbeidsgjevaren vår, me prøver å vere ei god dotter for foreldra våre, me vil vere gode vennar og naboar, lovlydige samfunnsborgarar og me betalar skatt for å finansiere barnehage og kontantstøtte til heldige foreldre. Av og til kjennes det urettferdig at samfunnet velsignar eit barn som er unnfanga i fylla på eit gatehjørne ein mørk haustkveld - mens eit stabilt og velfungerande homofilt par med solid økonomi og eit godt støtteapparat rundt seg, vert frateken muligheita til å gjere livet betre for eit gatebarn frå Guatemala.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)