Høgt elska - sårt savna...

Å bli tatt vare på - DET er jo den beste følelsen! Å kjenne seg elska - virkelig elska - ingenting er bedre enn det! Når omgjevnadane rundt deg gjer absolutt alt for at du skal vere trygg - da er livet strålande! Difor er eg svært glad for at Noreg elskar meg, og for at dei forbyr alt som kan gjer at eg kjenner meg utrygg i kvardagen.

Det siste beviset på Noreg sin hengivenhet til folket, er at godteri som liknar på røyk og snus, blir forbudt etter nyttår. Eg kan nesten ikkje vente! Difor er eg svært glad for at handelsstanden allerede har montert nye stålkonstruksjonar i butikkane sine, slik at det ikkje lenger er mogeleg å sjå kva som er inni snus-skapet eller i tobakk-hylla.
Om ei veke eller to, er det heller ikkje mogeleg å få kjøpe Hockey-pulver, marsipan-pølser eller lakrispiper lengjer. Eit veldig viktig forbud!
Personleg syns eg det har vert tungt å møte på desse i butikken - tungt å sjå på dei, der dei ligg innbydande i hylla si. Det er nesten som dei roper etter meg: "Kjøp deg ei pipe! Begynn å røyk pipe!" Og dei motbydelig, store marsipanpølsene med tutti-frutti på, har trollbunde meg, eg fell heilt i stavar og tenkjer på Bill Clinton og sigarar umiddelbart!
Så det var på høg tid me tok tak i dette seriøse samfunnsproblemet!

Men me kan ikkje gje oss enda. Me må sørge for at absolutt alle kan kjenne seg trygge i Noreg - fedrelandet vårt. Så eg håper me snart kan forby brus også - det rimar tross alt på snus.

Mmm..eg kjenner meg elska, eg kjenner meg trygg...eg kjenner meg som EIN TREÅRING...VISS DOKKE BERRE SÅ VIDT VÅGAR Å FJERNE HOCKEYPULVER FRÅ BUTIKKANE, SÅ SKAL EG KUTTE AV DOKKE BALLANE OG SY DEI FAST I PANNA PÅ DEI FORBANNA JÆVLANE SOM IKKJE HAR ANNA Å BEDRIVE ARBEIDSDAGEN SIN MED, ENN Å FINNE PÅ IDIOTISKE FORBUD SOM REDUSERAR VOKSNE FORNUFTIGE MENNESKER TIL OVERBESKYTTA FJOLS UTAN EVNE TIL Å TA VARE PÅ SEG SJØLV!

5 kommentarer:

  1. Hjelp!! E det mangel på arb.oppgåve,som gjer at dei sitte å vedteke slikt..?? eller e det maktsykje..??
    Viss dei ska forby marsipanpølsene,bør dei forby mange sjokoladetypar og,som kan sjå ut som sigarar..:/
    Ja,ja..her i landet hekje me vet te å ta vare på oss sjøl,so det e bra myndigheitene veit ka som e best for oss..?!??

    Kos dej me hockey pulver i helga,Camilla..medan du kan..:)))

    SvarSlett
  2. Heisann :-)) Så koselig at du har lagt deg til som følger av bloggen min :-)) Jeg er ganske ny i blogglandia, så jeg er ikke flink til å finne frem til forskjellige bloggere enda!
    Koste meg da jeg leste det du har skrevet, veldig bra!
    Lurer på om det blir forbudt å ha tobakk liggende hjemme? Kommer nok...men da vil det bare gjelde for oss vanlig dødelige, ikke de med penger og makt ;-)

    Ha en fantastisk dag!
    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  3. Vi er bare rett og slett verdensmestre i "regler og forbud". og dette bruker vi all verdens tid på ! Men vi er det absolutt mest ineffektive landet når det gjelder effektiviteten i helse og sosial, sykehus, NAV køer osv...der er vi udugelige...Norge, Ola Dunk og molboer...

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)