Eg trur på eit liv etter døden også

Denne er til deg, www.jannetove.blogspot.com.
Du var gift med ein mann du elska, han fekk kreft og du følgte han i alle dei gode og tunge stundene fram til han døde. I tida etterpå sovna du med klump i halsen og våkna med angst i magen. Det vart vanskeleg for deg å forestille deg, at det er eit liv etter døden. For den som ikkje dør.

Den 26. desember 2004 døde 226.000 mennesker i tsunamien i Sørøst-Asia. Aceh i Indonesia vart hardast ramma. I dag takkar dei Allah for at tsunamien kom. Livet i Aceh før tsunamien var krig, vold og frykt. No er det fred. Det indonesiske folket trur på Hikmah, som er ein religiøs overbevisning om at det vil komme noko godt ut av det verste. Og med denne overbevisningen klarte det indonesiske folket å finne eit liv etter døden. Dei fleste familiar mista ein eller fleire familiemedlemmar. Mange sto igjen utan den vakre kona si, eller den trygge mannen sin. Men få månadar etter tsunamien, var dei fleste gift på nytt. Ifølgje Hikmah, så ville dei som fortsatte å elske Gud og tenke positivt etter tsunamien, få ei gave som gjorde livet deira bedre enn før katastrofa.

Du skal ikkje ha dårlig samvit for å fortsette livet ditt, Janne. Du tenkjer fortsatt på Bjørn kvar dag og du steller grava hans. Menneska som skuler på deg, fordi du har funne deg ein ny kjærest, kan kanskje tenkje på korleis det hadde vert i Indonesia, om alle dei etterlatte etter 226 000 mennesker, skulle fortsette å pleie sorga si til evig tid. Det vert ikkje fred av sånt. Det er uendeleg trist når eit menneske dør, men me som sit rundt, har ingen glede av å sjå på at den som sit igjen nærmast, dør også. Den største gleda me kan få, er å sjå at det triste draget om ansiktet ditt, kan mildne litt. Det betyr ikkje at du har gløymt alt, men at du er blitt sterk nok til å gå vidare i livet - til glede for deg sjølv og dei som fortsatt er rundt deg. For det er eit liv etter døden også. Iallefall for dei som ikkje dør.

4 kommentarer:

  1. Eg er mållaus Camilla....du er fantastisk og set ord på ting på ein utruleg god måte. Av mange kommentarer eg har fått på historia mi er dette ein av dei beste. TUSEN TAKK
    No sit eg her att med ein utruleg god følelse og i helga fekk eg ein kommentar frå ei dame som eg helste på for føste gang i haust og sidan har vi ikkje snakkast - før no i helga. Ho meinte at eg hadde forandra meg på desse månadane - i positiv lei. Ho syns eg hadde eit anna drag i ansiktet. Ho er eit menneske som ser andre menneske og ho såg nok at tristheita var mindre markant enn før.

    Eg er så takknemlig for at eg har det så godt:-)

    Klem frå Janne Tove

    SvarSlett
  2. Camilla, du formidlar på ein sjeldan måte. Og eg kjenner meg att i det du skriv, og er heilt einig. Sorg skal ikkje gøymast vekk, men livet skal heller ikkje dekkast til. Heldigvis er det ofte sånn når folk døyr at etter ei stund sletnar minna om det vonde bort, medan det som var godt framleis er sterkt og vakkert. Takk for påminninga di om at me skal gi sorg plass, men ikkje dyrka den for sin eigen del. Livet er for kort til å setjast på vent. Takk :)

    SvarSlett
  3. For et nydelig innlegg. Du er utrolig flink til å skrive.

    SvarSlett
  4. Fint dere likte det :) Heia livet.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)