Kva skjedde med den globale oppvarminga??

Det er muleg eg har tatt feil. Det er muleg eg lo høgst først, også gløymte eg at den som ler sist, ler best. No angrar eg. No frys eg.

For ein månads tid sidan var eg nemleg litt eplekjekk, og lo av verdas mektigaste som sat i København og skulle redde kloden. Eg trudde dei egentleg var der på eit kamuflert julebord. Det var jo ikkje særleg truverdig, når dei overtrøytte, fnisete og med pulesveis, ramla ut av møtelokalet i siste minutt, og sa "We have a deal! (hikk!)". Eg trudde ikkje at det dokumentet dei i siste liten klarte å skrable ned, var verdt servietten det var skreve på.

Men i etterpåklokskapens lys, med hakkande tenner og frosne tær, forstår eg at dei redda moder Jord rett før jul. Obama kan klare alt, altså! Men etter ei veke med naglesprett, ullstilongs og polar voks på dei smørefrie langrennskia, forstår eg at det er slutt på den globale oppvarminga. Den siste månaden har me sansynlegvis bretta så mange mjølkekartongar og sortert så mykje matavfall, at den globale nedfrysninga allereie har starta. Det har vert -20 grader i ei veke, og endeleg har det vorte bruk for Det Norske Forsvaret. Dei har nett publisert boka: "Slik kler du deg i vinterkulda". Og akkurat no er 50 000 unge, tapre soldatar i ferd med empirisk forskning til oppfølgingsromanen: "Dette drikker du i vinterkulda".

Eg må innrømme at eg saknar den globale oppvarminga. Eg veit det er egoistisk, overfladisk og ansvarslaust - men eg er heilt nødt å innrømme at eg drit i om verda går ad undas om 1000 år. Er det verkeleg nokon som er så rause at dei orkar å halde ut denne sprengkulda resten av livet, berre for at dei som kjem ti generasjonar etter oss, skal få nyte jorda vår akkurat slik den er no? Berre at alt er nedfrose..dei kjem ikkje til å få laus ein einaste ting. Er det eit fullverdig liv for dei? Kan me verkeleg ta ansvar for alt? Eg høyrer til generasjon X - eg er vant til å kose meg og nyte livet! Og no frys eg på fingrane når eg kjøyrer bil - gje meg den globale oppvarminga tilbake!!

5 kommentarer:

  1. Kanonbra skreve:) Skal bruke ei stund på å lese igjennom bloggen din idag :)

    SvarSlett
  2. Bra! -og du, kanskje du kan spørre Stein Erik Hagen om hvordan man fyller ut de rette søknadskjemaene, så får du støtte til både varme og mere til! Sjekk innom meg, så får du se hvor lett det er!

    SvarSlett
  3. Steikje dårli gjort me all dinne globale nedfrysinga...einaste dei oppnår e at folk verte meir sjuke, å då går sjukefråværsarbeidet rett til H..... Snakk om dobbeltmoral!!!!

    SvarSlett
  4. Ler så jeg rister. Du kan virkelig få sagt det :-)

    SvarSlett
  5. keep up the good work! Vi vil framleis ha meir!!! så arti å lese, og jammen har du rett også:) Janne

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)