Skal vi danse?

Øy, det var eit spørsmål eg aldri har spurt nokon om før, uten å kødde. Skal ikkje gjere det no heller.

Men las nett i avisa at det skulle starte eit dansekurs i Ørsta. Og instruktøren skulle vere Ingrid Beate Thompson, bedre kjent som snella til Sigurd Sollien i Skal vi danse. Eg skal sjølvsagt ikkje melde meg på.

For tenk om eg er dritflink? Tenk om eg berre glir inn der, og eit heilt ukjent og urealistisk stortalent av ei ballerina, åpenbarar seg for alle dei andre deltakarane! Høyrte eg nokon som lo?
Det er ikkje kødd! Det kan godt hende eg er fabelaktig god å danse! Når eg berre får varma opp dansefoten, så kan det hende verden får sjå moves som aldri før har vorte presentert! Og da er det veldig sansynleg at snella til han Sigurd, plutselig vil at eg skal vere med i Skal vi danse på TV. Og det går jo ikkje. Har du sett dei kjolane? Viss eg skulle vridd meg ned i ei sånn leopard-drakt...kan dokke slutte å le?? Eg får ikkje konsentrert meg til å skrive vidare!

Altså, viss eg skulle manøvrert meg inn i nettingsstrømper og ein av dei kjolane med så heftig utringing at det ser ut som eg har hår på brystet...HYSJ! Ingenting å le av! Det hadde vorte bedårande nydelig, men eg kan jo ikkje. Eg må jo vere på jobb på mandagar i seks-sjutida, og eg hadde ikkje nådd det. Fly på søndag kveld og berre stress... Nei, det går ikkje. Sorry, damer.



(Scenehenvisning: Den potensielle danseløva av ein forfattar, lener seg godt tilbake i stolen og tenkjer: "Hmm, sånn er det å tenkje som ein mann med utømmelig sjølvtillit, altså! Det må eg prøve oftare! Og anbefale det til alle kvinner i Ørsta som egentlig har lyst å melde seg på kurs, men som ikkje tørr, fordi dei trur dei ikkje er flinke nok...)


D U E R M E I R E N N F L I N K N O K T I L A L T!!!

7 kommentarer:

  1. TåreiaugenetahofliraWenche14. januar 2010 kl. 13:24

    Hohoho.. Du skriv heilt fantastisk, Camilla! ^^, Du klare akkurat det du vil!!

    SvarSlett
  2. Altså, "du er meir enn flink nok til å klare alt" høres veldig oppløftende og fint ut på papiret (eller på skjermen), Men sorry mac, noen ting kan man bare ikke. jeg må liksom bare innse at jeg aldri blir noen habil fotballspiller, kokk eller strikker...

    SvarSlett
  3. Hehe..morsomt! Men tenk så moro det hadde vært med en vri på programmet? helt vanlige, ukjente folk som er med..Ikke det at JEG vil, jeg har 2 venstrebein og de få gangene jeg våger meg ut på gulvet, ender det opp med at jeg fører...og det skal visst ikke ei dame gjøre...

    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  4. Vyrde Malina!
    Er John Arne Riise, Ingrid Espelid Hovig eller (slit litt med å finne ein verdenskjent strikker...) bestemora mi! - er desse rakettforskarar?
    Nei, det er ikkje komplett umulig å sparke ein fotball i mål, mekke ein brun saus eller fikle ihop nokon sokkar. Det er klart du kan klare det! Men kor god du blir, og kor god du vil bli - og kva som er godt nok for deg, er berre opp til deg. Gidd du å strikke eit par timar kvar dag, så er eg overbevist om at du blir bedre. Så eg er uenig i at nokon ting kan du berre ikkje. Kan hende det er ting du ikkje vil, men det er garantert ikkje noko du ikkje kan, viss du vil lære.

    Eg strikka ein grytelapp ein gang. Den var full i hol, komplett ubrukelig og usansynlig stygg. Men det var fullstendig godt nok for meg (for makan til kjedeleg oppdrag har eg aldri fått;-). Dermed er eg god nok til å strikke.

    Ønsker deg ei god helg - full i sjølvtillit :-)

    SvarSlett
  5. Ej meina...kor ofte dansa en ballroom her i bygda??? Aldri, om det går!! Hakje folk sett rart på dej før, so ha dei d i allefall gjort d viss du kom me sånne moves!!! Sann mine ord kjære Camilla, sann mine ord!

    SvarSlett
  6. Hahaha - og endatil POWER-ballroom! Nei, eg kjøper ikkje aksjar i den butikken der ;-)

    SvarSlett
  7. -som en veldig vis dame sa, nemlig Pippi Langstrømpe: "man vet ikke hva man kan før man har forsøkt!"

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)