Verdas søtaste bestemor

Som eit lite barn, ligg ei gamal bestemor i senga.
Det som var ei trygg hand til ei datter, knugar no skjelvande på dyna.
Ho saknar hugset sitt, og seier forstanden er vekk.
Når ho kviler augene, er verden ny når ho åpnar dei att.
Natta er lang. Ingenting truar, men ho finn ikkje ro.
14 tabelettar til frukost. Det er ikkje lett å bli mett.


Men beksvart natt, blir lys dag på ny.
Det er lykke for oss begge, når ho hugsar namnet mitt.
Dei andre orda mine treff ho, men glir stille av igjen.
Ho merkar det sjølv. Men smiler likevel.
- Har du fått middag i dag?
- Eg går ut i frå det.

Sånn svarar berre ein forstandig bestemor.
Og plutselig er ho der!
Med heile seg serverar ho knivskarpe gullkorn!
Og med hjerteleg latter og klump i halsen, tek eg intenst imot!
Bli her, bestemor! Bli akkurat her!

Men nådelaust må ho tilbake.

Det krever djup forstand å ta imot hjelp.
Og hjelpa blir gitt med den største verdighet av kvitkledde englar.
Men det blir aldri verdig nok.
Berre slik er dårlig hukommelse ei lukke.
Eg skulle vert med deg alltid.

Eg klarar ikkje å tru på eit liv etterpå.
Eit paradis blir for drøyt.
Men for deg må eg stole på at du har rett.
Eg kan aldri sei det høgt.

Men du skal få gå når du vil.

9 kommentarer:

  1. Å, Camilla...dette er noe av det vakreste jeg har lest...
    Jeg kjenner følelsen...Den er så akkurat slik du beskriver det! Og å gå derifra, det er hjerteskjærende og opprivende...jeg gråt hver dag på vei hjem fra pappa da han lå på sykehjemmet. øynene som helst ville være med meg hjem, hoppe inn i bilen og være med til bygda si...det er grusomt...
    du har skildret dette helt ekte.

    SvarSlett
  2. Nydeleg og sårt,camilla!!
    E so vondt når ein trygg og god person vi er så gla i "forsvinn"på den måten...

    Klem Kristin Bj.

    SvarSlett
  3. heilt nydeli skrevet!

    SvarSlett
  4. Veldig fint skrive, og veldig trist. Ein har ingen garanti for at ein får behalde hugsen sin heile livet, og det er faktisk ein skræmande tanke...

    SvarSlett
  5. Heilt ubeskriveleg, fantastisk fint skrive!! Finn ikkje ord!!! Har ei akkurat same sort bestemor, og dette innlegget sa ALT!!

    SvarSlett
  6. veldig fint innlegg!! du skildrar godt!:)

    SvarSlett
  7. Takk til alle. Også bøyer me oss i støvet til alle søte besteforeldre der ute.

    Gjengen framma dalen: Trist å sjå dødsannonsa til den flotte bestemora på Mo. Ho er virkelig eit av dei rausaste menneska eg har møtt. La oss håpe på eit paradis.

    SvarSlett
  8. Traff midt i magen den der... Jeg mista min morfar for kort tid tilbake, og dette setter ord på ALT jeg følte - og føler. Du skriver brilliant. Takk.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)