Viss ein likar å spele handball, men bur i ei bygd der det ikkje fins ein idrettshall med stor nok bane til handballmål, så fins det fleire reaksjonsmuligheitar:
1) Syte & klage i aust & vest til tilfeldig forbipasserande som gidd å høyre på.
2) Resignere og ete potetgull istaden.
3) Stå på barrikadane og kjempe for ein kvar samfunnsborgar sin rett til å ha ein idrettshall i umiddelbar nærhet. Me betalar jo skatt! (Til og med rest-skatt, for svarte svingande!)
4) Pendle milevis til næraste hall, og smelte ned eit par isbrear med sitt auka CO2-utslepp.
5) Fylle opp lokalavisa med sinte lesarinnlegg.
6) Begynne på fotball istaden, men innlede kvar treningsøkt med setninga: "Pokker, eg vil heller spele handball!"
7) Meditere kvar kveld og prøve å puste handball-abstinensane ut av kroppen.
8) Bygge ein hall sjølv, på kveldstid, med rek-ved frå fjæra. Under mottoet: Alt eg ikkje gjer sjølv, blir ikkje gjort!
9) Starte Facebook-gruppa: "Vi som foreslår nedlegging av Volda Sjukehus og ombygging av akutt-kirurgi-avdelinga til handballbane!"
10) Sjølvmordsbombing.
Men viss du er ein løysningsorientert, positiv Hovdebygdar - så gjer du følgjande:
Får låne gymsalen til den lokale barneskulen, setter ein pinnestol i kvar ende, kjøper ein handball og ein boks klister, tjuvlåner nokre svette og altfor små vestar (fungerar sekundært som BH= vinn-vinn), inviterar andre som likar handball, drit i paragraf-rytteri og ser stort på dei fleste reglar, og prøver å kaste/lure/tvinge/bore den be-klistra handballen under stolen. Dermed har du fått eit mål, og kan springe tilbake og prøve å avverge at dei andre klarer å kaste/lure/tvinge/bore ballen under stolen din. Eg bøyer meg i støvet for oppfinnsomheten, kreativiteten, livsgleden og råskapen - og skal glede meg over alle blåflekkane denne sporten påfører meg, før eg desverre må flytte frå denne bygda. Men skal sørge for å tattovere ein heftig blåveis på høgre skinnlegg, til minne om dei kjekke stundene med stolhandball!
Kjempegod reklame for stolhandballen, Camilla :-)
SvarSlettFe håpe fleire lese innlegget ditt og blir inspirert til å være med. Må ha nåken som kan steppe inn, når du reise ifrå oss; sjølom ingen kan erstatte dej da:-( Stolhandballen blir ikkje den same uten dej!!!
Då må eg jo oppgje treningstidene også!
SvarSlettTysdag kl 19.00 og onsdag kl. 18.30. Samt egentrening for alle dei andre dagane ;-)
Eg blir ikkje den samme utan stolhandball heller :-(
Dette var kjekt, Camilla. Vi kjem til å sakne ballferdigheita di - du er berre heilt utruleg, og for eit humør!!! Stolhandballvenninnene dine vil ikkje at du skal reise frå bygda - håpar du kjem snart igjen, og finn ut at graset ikkje er grønare på "hi sida av gjerdet". Klem frå Reidun
SvarSlettJeg holder meg til potetgull
SvarSlettNo begynner eg nesten å grine, Reidun..dokke har satt djupe spor i sjela mi. Klem rett tilbake!
SvarSlettEg anbefalar ein potetgull-pause to dagar i veka, Malina ;-)
SvarSlettBlåmerke kopiert på kopimaskina i dag - ligg i hylla di klar til å bli foreviga ;-)
SvarSlettHahahaha - satt du oppå kopimaskina på jobb, Wenche?????
SvarSlettStolhandball e skikkelig morsomt. Va m å spelte d for en del år sida, sammen m tante Reidun (som ej rekna m skreiv den kommentaren lengre oppe). Sakna litt den galskapen, kanskje ej ska starte d her i Larvik? :) Flytta du langt Camilla?
SvarSlettNåh, er Reidun tanta di? Det må da vere lukka på jord å ha ei tante som Reidun :-) Eg flyttar, med særdeles tungt hjerte, til Bergen. Så me får ta utfordringen begge to; du etablerar eit kanonlag i Larvik og eg rekrutterar i Bergen. Så lagar me cup! Bergen vs Hovdebygda vs Larvik! Det blir ein nydelig reunion og eg ser for meg ein faabelaktig bankett på Ervingen! Er du med??
SvarSlett