Stolhandball

Viss ein likar å spele handball, men bur i ei bygd der det ikkje fins ein idrettshall med stor nok bane til handballmål, så fins det fleire reaksjonsmuligheitar:
1) Syte & klage i aust & vest til tilfeldig forbipasserande som gidd å høyre på.
2) Resignere og ete potetgull istaden.
3) Stå på barrikadane og kjempe for ein kvar samfunnsborgar sin rett til å ha ein idrettshall i umiddelbar nærhet. Me betalar jo skatt! (Til og med rest-skatt, for svarte svingande!)
4) Pendle milevis til næraste hall, og smelte ned eit par isbrear med sitt auka CO2-utslepp.
5) Fylle opp lokalavisa med sinte lesarinnlegg.
6) Begynne på fotball istaden, men innlede kvar treningsøkt med setninga: "Pokker, eg vil heller spele handball!"
7) Meditere kvar kveld og prøve å puste handball-abstinensane ut av kroppen.
8) Bygge ein hall sjølv, på kveldstid, med rek-ved frå fjæra. Under mottoet: Alt eg ikkje gjer sjølv, blir ikkje gjort!
9) Starte  Facebook-gruppa: "Vi som foreslår nedlegging av Volda Sjukehus og ombygging av akutt-kirurgi-avdelinga til handballbane!"
10) Sjølvmordsbombing.

Men viss du er ein løysningsorientert, positiv Hovdebygdar - så gjer du følgjande:
Får låne gymsalen til den lokale barneskulen, setter ein pinnestol i kvar ende, kjøper ein handball og ein boks klister, tjuvlåner nokre svette og altfor små vestar (fungerar sekundært som  BH= vinn-vinn), inviterar andre som likar handball, drit i paragraf-rytteri og ser stort på dei fleste reglar, og prøver å kaste/lure/tvinge/bore den be-klistra handballen under stolen. Dermed har du fått eit mål, og kan springe tilbake og prøve å avverge at dei andre klarer å kaste/lure/tvinge/bore ballen under stolen din. Eg bøyer meg i støvet for oppfinnsomheten, kreativiteten, livsgleden og råskapen - og skal glede meg over alle blåflekkane denne sporten påfører meg, før eg desverre må flytte frå denne bygda. Men skal sørge for å tattovere ein heftig blåveis på høgre skinnlegg, til minne om dei kjekke stundene med stolhandball!

10 kommentarer:

  1. Kjempegod reklame for stolhandballen, Camilla :-)
    Fe håpe fleire lese innlegget ditt og blir inspirert til å være med. Må ha nåken som kan steppe inn, når du reise ifrå oss; sjølom ingen kan erstatte dej da:-( Stolhandballen blir ikkje den same uten dej!!!

    SvarSlett
  2. Då må eg jo oppgje treningstidene også!
    Tysdag kl 19.00 og onsdag kl. 18.30. Samt egentrening for alle dei andre dagane ;-)

    Eg blir ikkje den samme utan stolhandball heller :-(

    SvarSlett
  3. Dette var kjekt, Camilla. Vi kjem til å sakne ballferdigheita di - du er berre heilt utruleg, og for eit humør!!! Stolhandballvenninnene dine vil ikkje at du skal reise frå bygda - håpar du kjem snart igjen, og finn ut at graset ikkje er grønare på "hi sida av gjerdet". Klem frå Reidun

    SvarSlett
  4. Jeg holder meg til potetgull

    SvarSlett
  5. No begynner eg nesten å grine, Reidun..dokke har satt djupe spor i sjela mi. Klem rett tilbake!

    SvarSlett
  6. Eg anbefalar ein potetgull-pause to dagar i veka, Malina ;-)

    SvarSlett
  7. Blåmerke kopiert på kopimaskina i dag - ligg i hylla di klar til å bli foreviga ;-)

    SvarSlett
  8. Hahahaha - satt du oppå kopimaskina på jobb, Wenche?????

    SvarSlett
  9. Stolhandball e skikkelig morsomt. Va m å spelte d for en del år sida, sammen m tante Reidun (som ej rekna m skreiv den kommentaren lengre oppe). Sakna litt den galskapen, kanskje ej ska starte d her i Larvik? :) Flytta du langt Camilla?

    SvarSlett
  10. Nåh, er Reidun tanta di? Det må da vere lukka på jord å ha ei tante som Reidun :-) Eg flyttar, med særdeles tungt hjerte, til Bergen. Så me får ta utfordringen begge to; du etablerar eit kanonlag i Larvik og eg rekrutterar i Bergen. Så lagar me cup! Bergen vs Hovdebygda vs Larvik! Det blir ein nydelig reunion og eg ser for meg ein faabelaktig bankett på Ervingen! Er du med??

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)