Skal det vere eit lite eventyr?

Det var ein gang ein liten tass. Ein berrføtt liten knott av ein tusseluss. Han heiter Gnirul, og kvar dag pleier han å tusle seg ein tur over åsane. Naturen der er så strålande vakker, syns han – og landskapet så mjukt, at han føler han nesten ikkje er nedi med dei små fotane sine. Nett som han svever. Og han likar livet akkurat sånn – mjukt, fredfylt, vakkert - og fullt i liv!


Ofte treff han dei store menneska, som med størrelse 38, 39 og kanskje til og med 40, trampar sin veg gjennom skogen – i den tru at dei er aleine. Men her er det jo liv overalt! Trea lever i beste velgåande og strekker seg i alle retningar, og utanpå dei har millionar av små kryp sitt daglige virke. Kvitveisen spretter opp og foldar seg ut, og alle forstår vel at ein slik blendande skjønnhet må det vere liv i! For ikkje å snakke om blåbæra, som kvar og ein er ein liten smakseksplosjon! Og i mosen og lyngen og bakken, bur liv i alle fasongar! Som eit menneske med størrelse 40 og normal skrittlengde, drep effektivt og nådelaust 361 524 stk av, på ein tur – der dei trur dei går aleine. Men det gjer ingenting. For dei små, vakre krypa bedriv dagleg mosemjuk elskov og to blir til hundre i rekordfart. Heldigvis.

Gnirul slår ofte av ein liten prat med liva han møter, sidan han alltid tek seg god tid med det han driver med. Og den første han traff i dag, var marihøna. Rolig satt ho seg ned på skuldra til Gnirul, for ein velfortjent flyge-pause.

- Hei, kjære marihøne. Har du det bra?
- Vidunderlig, Gnirul! Tre stykker har fanga meg i dag, og etter litt beundring, har dei kasta meg opp i lufta og ønskt seg tre ting. Eg har den beste skjebnen!
- Åhh, det var koselig. Ja, det må vere gøy å vere ein lykkebringer!
- Mmm. Eg merkar stadig at menneska har behov for beskyttelse og trygghet, i sin stadige jakt etter lykke og det gode liv. Og det er hyggeleg å kunne gje dei trua på det. Det hjelper dei kanskje litt på vegen, som dei tidsnok finner ut dei må gå sjølv. Og skape sin eigen lykke, ved å vere snill og grei. Da skjer gode ting.
- Er det sant det der med at du er like gamal som antal prikkar på vingane dine?
- Nei, det er berre ein myte. Eg lever berre i eit år, uansett kor mange prikkar eg har.
- Hmm..berre eit år? Er det ikkje trist å ha så lite tid?
- Eg syns eg er heldig. Det er få forunt å vite akkurat kor lenge dei skal leve. Men eg veit eg har 365 dagar, så da skal eg nyte dei alle sammen i fulle drag!
- Da skal eg ikkje oppholde deg lenger, kjære marihøne. Fly vidare – og spre så mykje lykke du berre klarer! Smask!
- Smask rett tilbake! Vær snill og grei i dag, Gnirul!

Og vips var marihøna over alle haugar. Gnirul svevde vidare på lette tosselossar, og fann benken på Høgetua. Dette må da vere den finaste utsikta i heile verda, tenkte han – og slo seg ned ved sidan av ei jente som satt på eit fantastisk heimetova sitteunderlag. Han fekk akkurat plass på den eine fliken, og kjende varmen – både fra ulla og frå dei flittige hendene som hadde laga dette mesterverket, og endatil vert raus nok til å gje det vekk. Han var bombesikker på at den svette jenta med den tunge pusten, ikkje hadde klart å fikla saman det sitteunderlaget sjølv. Sidan ho fortsatt streva med å gjenvinne kvilepulsen, tok Gnirul seg ein prat med løvetanna ved sidan av istaden.

- Hei, kjære løvetann. Har du det bra?
- Jepp, som alltid!
- Korleis kan du vere så positiv, når så mange ønsker deg dit pepparen gror?
- Fordi eg er sterk. Eg blir ofte uglesett, vurdert som ugras i livets blomstereng, og bokstavleg talt sett ned på. Men eg bryr meg ikkje, eg er sterkare enn asfalt!
- Eg syns du er vakker! Det skal du i alle fall vite!
- Takk, eg vekser på skryt! I så måte likar eg små barn best. Dei veit ikkje kva ugras er. Dei ser meg, der eg lyser gult opp, blant alt det grøne. Barn er ukritiske, nysgjerrige, positive og fordomsfrie. Dei syns eg liknar på sola og stjernene – og det er sammenlikningar eg likar! Du blir ikkje kvitt sola eller stjernene heller!
Også er eg takknemmelig for dei homofile, som har oppkalt eit magasin etter meg! Du har vel ikkje høyrt om eit einaste glansa magasin som heiter Rose eller Kvitveis, har du vel???
- Hehehe, nei det har eg ikkje. Så stå her vidare på trass, my sunshine! Eg såg ein barnehage var på tur hit, så sol deg i glansen av fordomsfrie, vakre små mennesker!
- Gledar meg allerede! Smask!

Gnirul er varm i heile sjela, både av sitteunderlaget og den gode samtalen med løvetanna. Så han tek snarvegen utforbi stupet, og landar avkjølande og friskt rett i rompetroll-dammen. Dei slimete små egga, er som den beste Svane Hilton-senga!

- Hei, kjære rompetroll. Har du det bra?
- Forutanom litt voksesmerter, så har eg det strålande ja. Gledar meg sånn til å bli frosk!! Da kan eg hoppe rundt å snakke med andre eg også. Kven har du snakka med i dag?
- Eg har møtt marihøna og løvetanna.
- Åhh, mine blodsbrødre!
- Hæ??
- Marihøna symboliserar lykke, ikkje sant? Og løvetanna symboliserar den viljesterke! Og du veit vel kva eg symboliserar?
- Øhh…den øgly som blir til ein prins, etter eit deilig kvinnekyss??
- Du har lest for mange eventyr, tullebukk! Frosken er det vanligaste amfibiet og lever i og ved vann. Eg vil i den forbindelse ha meg frabedt å bli samanlikna med ei padde, som kun lever på land! Symbolsk er eg knytta til regn, fruktbarhet, overflod, nytt liv, og styrke i det svake! Eg følgjer fruktbarhetsgudinnene Afrodite og Venus, og kan rett som det er bringe lykke!
- Wow!
- Der fikk pipa ein anna lyd, ja…kvekk, kvekk!
- Eg bøyer meg i støve…eh, eg meiner dammen, for deg!
- Lurt, Gnir..eh, eg meiner lurinG!


Og snipp, snapp, snute – så var det eventyret ute!

4 kommentarer:

  1. Tusen takk Camilla - eg likar så godt å høyre eventyr og enda til få eit heilt nytt servert på morgonkvisten fell i god smak.

    Mange fine ord til ettertanke der kjære venn.

    Klem

    SvarSlett
  2. Guuuud Camilla!!!:-)) You make my day:-))
    he sagt det før..å seie det igjen...EJ BLIR FAST ABONNENT!!:-)

    Flinke pie! KLEM:))

    SvarSlett
  3. du kan virkelig å skrive!! D gledar meg at du skriv innlegg mykje oftare enn før!! :) keep up the good work!!!

    SvarSlett
  4. Eg bøyer meg og i stø... æh dammen for deg! Ditta va koselig lesing

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)