Spenol er ut!

Eg las ein plass at det er svært sunt for kropp og sjel å utsette seg for uvante opplevingar.
Gjerne skremmande og skumle opplevingar, der både fysikk og psyke blir utfordra!
For å finne ut kor langt du kan strekke deg - i alle retningar - før du klappar sammen!
Og som ut av det blå - fekk eg min sjanse! Min sjanse til å virkelig teste grensene mine!
Eg fekk ein invitasjon til ei heilt spesiell oppleving, og eg skjønte intuitivt at: "Denne sjansen må du ikkje la gå frå deg, unge Gangsøy!" Så eg heiv meg rundt og vart med.

Og plutselig satt eg der: På eit hudpleiekurs.
Saman med seks andre smellvakre kvinner i sin beste alder!
Eg svetta.
Foran meg låg eit speil, ein paljett - og ei rosa toalettveske.
Eg vart redd.
Så skulle eg fylle ut kortet mitt og svare på intrikate spørsmål om hudtype.
Eg fekk jernteppe.

Og når forelesningen starta, kjente eg at eg var heilt på grensa av kva eg kan tåle, både fysisk og psykisk.
For min erfaring med teori, er at eg pleier å sluke den ganske rått. Så når den vannlilje-vakre læraren spurte oss kva kollagen var, rakk eg opp handa tvert! Følte meg på heimebane, for kollagen er jo eit protein frå bindeveva til pattedyr! Og ysting startar med å få mjølka til å skilje seg, altså koagulere mjølkeproteinet kasein og få danna ein gel som innesluttar fettet! Heilt basis ostekunnskap!
Men eg vart avvfeia med eit: "Nei, det er feil. Kollagen er eit anti-wrinkle-serum."
Hæ??
Og resten av teorien skjønte eg ikkje ein pøkk av! Sjølvtilliten rann vekk, som mjølk i nedoverbakke.
Det einaste eg skjønte, var at eg hadde via altfor lite tid på huda mi, dei siste 31 åra. Eg fekk akutt dårlig samvittighet, for ikkje å ha peela den ofte nok med TimeWise 3-in-1 cleanser, smurt den morgon, kveld og natt med TimeWise age-fighting moisturizer eller tilstrekkeleg beskytta den med TimeWise Day solution Sunscreen SPF25! Eg har heller aldri vist huda mi såpass kjærleik, at eg har smurt den inn med TimeWise Night Solution, ein heilt obligatorisk kvinne-hudkrem til 530 kr for 29 ml.
Den stakkars huda mi har kun fått Spenol, og nærmare mishandling av hud, kan du ikkje komme! Eg turte sjølvsagt ikkje seie det høgt. Eg turte heller ikkje seie at eg ein gang opplevde at huda mi var silkemjuk: Nemleg den gangen eg var på fottur i fjellet i ei veke, uten verken dusjing eller vasking. Teorien min den gang var at den finaste kosmetikken kom innafra! Men eg holdt klokelig kjeft om det i dette forumet..

Men eg overlevde kvelden!
Det er fantastisk fascinerande å møte mennesker som kan absolutt alt, om noko eg kan absolutt ingenting om! Utrulig bra, at me er skrudd saman så forskjellig, at det alltid er nokon som finn interesse i å fordjupe seg i ein nisje! Det alle minste og særaste fagområdet i verda, har minst eit par tilhengarar, som med den største glede og entusiasme, fordjupar seg i det. Også er dei klar til å formidle dette til oss andre uvitande.

Også er det heilt sant at ein kjem styrka ut av alle skremmande og skumle opplevingar. Og at ein tåler meir enn ein skulle tru ;-)

11 kommentarer:

  1. Trur du må gi ut ei bok!
    Ej he tru på det prosjektet, ka me ei dobok der alt å ingenting kan lesast..me ein liten notis om at det er mulig å lese den i stua også ;) For ej hadde nok blitt sittande der!

    SvarSlett
  2. No skulle ej nesten til å dele ej ganske morsom, men fryktelig flau spenolepisode. Men som kom ej på at det fortsatt e litt for flaut for det åpne nett. Kanskje en anna gang;)

    SvarSlett
  3. LOL - Jeg kjenner meg SÅ godt igjen.

    SvarSlett
  4. Veldig, veldig bra Camilla :-)
    Her vart du utfordra på d ytterste, og du kom dej igjennom kvelden - strålande! Tenke du lærte dej en ting eller to også som du kan ta me dej vidare....?!
    Men du veit..skjønnheita kjeme (alltid..?!) innafrå :-)

    SvarSlett
  5. Sjå der ja! Veldig bra! Og eg ser deg føre meg :)

    Solveig.

    SvarSlett
  6. Har faktisk ei god veninne,som aldri har brukt anna en Spenol..
    Ho var på eit "sminkeparty"ein gong,og blei spurt av vertinna:"Kva for produkt brukar du?Huda di er nydeleg!!"..
    Så fortsett med Spenol du Camilla,så held du deg like vakker som no leenge;-))
    Då har du ivertfall kontrollen på kva som blir "klint"i fjeset..Er ikkje godt å halde styr på 5-6 forskjellige kremar,til dag-natt-feit-tørr-urein-rynkete-osv..
    ..eg har ivertfall gitt opp..trur eg kjøper meg ei flaske Spenol,ja..kanskje det hjelper;))

    Klem!


    Klem!

    SvarSlett
  7. Faaabelaktig innlegg, kjære slåttehjelp ;-)

    SvarSlett
  8. No vart ej litt skjemde ej also...ej ste å bruka Timewise 3-i-1 å serum både natt og dag, peeling å anna tull som kosta jekli mykje penge...jaja...fe gå over på spenol ette ej he vorte gifte, då ekje huda so nøye me lenger!
    ;-)

    SvarSlett
  9. Hehe! Men du skal altså ikkje vere skjemde! Eg er tvert imot jækla imponert over sjølvdisiplinen din, viss du klare å passe så godt på huda di! Er det bryllaup på gang altså?? Veldig hyggelig! Gratulerer så mykje på forskudd! :-)

    SvarSlett
  10. Hmmmm ej brukakje spenol en gong ej....e heldigvis berre so gode å ronde i fjeset at rynkene ikkje vise....hehe

    Det vakre kjem definitivt frå innsida og takk for det:-))

    Klem

    SvarSlett
  11. Timewise her og, men er søren meg ikke sikker på om det er derfor folk er blide og hyggelige, eller om det kanskje bare er fordi jeg smiler likevel. Har iallefall dabbet litt av på bruken, men det går bra likevel :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)