Dette er ikkje meg!

(Gjer merksam på at dette innlegget har 18 års aldersgrense..)

Alt skal lærast. Det er jo fascinerande..og på mine 31 år har eg lært ein del. Men kvar gang eg er rundt søstra mi, gir ho meg revolusjonerande ny innsikt - spesielt innanfor sjangeren Feminitet. Og som kvinne kunne eg fort fått følelsen av at "Dette burde eg kunne fra før", men takka vere hennar ypperlige pedagogiske evner, kjem eg ikkje på den følelsen...iallefall ikkje før etterpå. Men i helga var eg utsatt for ei brutal læringsøkt!

- Camilla, har du vert på ein profesjonell BH-butikk?
- Unnskyld?
- Ja, ein sånn årntli undertøysbutikk, der du får hjelp til å finne ein BH som passar perfekt?
- Ehh..nei. I kolleksjonen min har eg to amme-BH`ar, og ettersom eg aldri har amma, så illustrerar vel det at akkurat BHar kjøper eg i ein fei, utan særlig omtanke og utan profesjonell hjelp.
- Ja, dei ser litt slappe ut..
- No er du i beste fall brutalt ærlig, altså!
- Ja, søskenkjærlighet fortonar seg sånn, kjære! Men da skal eg ta deg med på ein god butikk, for det gjer seg med ein skikkelig BH!

Og søstra mi rir den dagen ho salar. Så eit par timar seinare, sto eg utanfor ein sånn såkalla "årntli BH butikk".
- Dette tørr eg ikkje, Hildegunn. Eg er redd..
- Neida, viss det blir ubehageleg, så kan du berre tenke "Dette er ikkje meg".
- Ok. Dette er ikkje meg.

Og livet mitt passerte i revy, når eg sto foran den smellvakre ekspeditrisa og Hildegunn introduserte meg:
- Dette er søstra mi. Ho treng ein skikkelig BH.
Det var som om eg ikkje var der. Eg sa ikkje ein pip, tenkte berre "Dette er ikkje meg"
- Det skal ho få.

Og plutselig var showet i gang. På brutalt vis, åpna ekspeditøren jakka mi ,og stirra utan blygsel på puppane mine, sånn berre ein bergensar kan gjere det!
- Ho er ein D. Prøv denne!
Og før eg rakk å tenke "Dette er..:", sto eg med eit eksemplar av ein D i handa, og vart geleida inn på prøverommet. Eg pusta djupt eit par gangar, og tok av meg T-skjorta. Vart akutt flau over lindex-BHen eg hadde på meg og gjøymte den under t-skjorta. Hekta på meg det nye eksemplaret, og eg hadde ikkje før fått stroppene på plass, før forhenget vart dratt til side, og 1 stk ekspeditør, 2 stk tanteungar, 1 stk lattermild søster, samt  eit ukjent antal stk tilfeldig forbipasserande studerte meg! Og før eg igjen rakk å tenke "Dette er ikkje meg!", var hendene til ekspeditøren laaangt innanfor intimsfæra mi. Her var det ikkje snakk om forspill, altså! Med eit grepa tak, konstanterte ho at 70 nok var bedre enn 75, og vips sto ho klar med eit nytt eksemplar, denne gang av typen overdimensjonerte blonder. Eg høyrte eg gispa etter luft, men turte fortsatt ikkje sei ein pip, så eg tok berre imot. Heilt matt. Fekk dratt for forhenget igjen, og i brennevinsfart bytta. Klok av skade.
- Sjå der, ja! Den satt.
Eg pusta letta ut, uendeleg takknemmelig for at eg slapp billigare unna denne gangen. Men kva betydde egentlig dette, tenkte eg? Eg må jo kjøpe blonde-spetakkelet no! Ho har sett meg topplaus, brutalt befølt meg og antasta meg mentalt! På eit merkelig vis, kjenner eg meg sterkt forplikta til å kjøpe denne BH`en...Er det sånn Stockholm-syndromet føles som? At ein får sympati med sin overgripar??

- Jaa...eg tek han eg..
- Flott. 641 kr.

Med ein absurd ute-av-meg-sjølv-følelse, drog eg kortet, akkompagnert av søstra mi sin fliring i bakgrunnen.  Og tidenes dyraste BH låg i posen, pakka inn som om den skulle vert knuselig.

Eg gjentek: Brutal læringsøkt...

13 kommentarer:

  1. HAHAHAHAHA, ej trur ej dåna!!!! Synst ej ser dej for mej........
    Ja,ja,men du fekk no ein heilt spesiell opplevelse, som du ikkje har opplevd før. Lære so lenge en leve, veit du :-)

    SvarSlett
  2. Herleg historie!...og for all del...bruk BH`en for alt den e verdt! He du tenkt på alt som kan hende deg,med en blonde-BH under en litt gjennomsiktig bluse??

    SvarSlett
  3. Jeg ler meg ihjel..så deilig uhøytidelig!

    SvarSlett
  4. Fantastisk!! U`make my day, sunshine! :-)

    SvarSlett
  5. Dette innlegget er så langt dagens høgdepunkt!!! Om det er til trøyst, så har vel fleire enn du vore i den situasjonen..... Absurd; JA!!!! "Dette er ikkje meg"; JA!!!!!!

    Fantastisk!!!

    SvarSlett
  6. No flira ej godt...hahaha. Gud kor hærlig.
    You go girl!

    -k

    SvarSlett
  7. Blonde-BH er tingen når du skal i kloster!

    SvarSlett
  8. Hehehehe...
    FANTASTISK moro!!
    Skulle vært ei flue på veggen der ja, hehe
    Men, for å være heeelt ærlig..syns ho gikk LITT for langt hvis ho tok tak i puppene for å legge de "på plass"..hehe
    Jeg har selv jobbet i undertøys-forretning, og slik gjør man ikke...ihvertfall ikke i bibelbeltet Kristiansand, ;-)

    Men, som sagt, herlig lesning igjen!

    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  9. Hehe, utrulig hyggelig at dokke syns denne ekstremt pinlige situasjonen var underholdande å lese om! Da var det verdt det :-)

    SvarSlett
  10. absolut underholdning å lese :) trur du har gjort ei god investering eg, og ja- ta den med til klosteret :) hihi!

    SvarSlett
  11. Ej synst systra di skal betale halva:)

    Løye løye:)

    SvarSlett
  12. HAHAAAAA!!!!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)