Leilegheit til leige!

(Viser til forrige innlegg og dei siste kommentarane ;-)

Eg les i avisa at utleigemarknaden er særdeles pressa. Og ettersom eg nett har vert på leilegheitsjakt sjølv, i Bergen, så er eg skremd av tilstandane. Eg har vert på visningar der leilegheita var så uendeleg langt ifra annonsa, at utleigar i beste fall kan karakteriserast som uhyre kreativ og positiv. I verste fall ein ramsalt løgnar. Eg har vert på boligintervju der mitt privatliv måtte kartleggast i detalj og eg har blitt avkrevd bolig-CV. Eg veit ikkje kva det er for noko eingang.
Difor vil eg gjerne meddele dagens ungdom som leitar etter leilegheit: Flytt til Ørsta! På Mo er det ei ledig leilegheit! Ei usedvanleg hyggeleg (og sprek!) dame tilbydde meg den for nokon år sidan, og eg sendte Sander (3 år) på visning. Han vart ellevillt begeistra og sidan ingen har bedre intuisjon enn ein treåring, så stolte eg sjølvsagt på han.

Leilegheita er akkurat passelig stor, den ligg sentralt til og den (var iallefall) urimelig billig. Det kreves ikkje ei halv årslønn i depositum og kontrakta er skreven i luft og gjensidig tillit. Servicen er langt utover det som kan forventast; møblar blir henta fram, vafler blir tilbydd og det følgjer endatil med ein hyggeleg kajakk-tur på Vatnevatnet. Naboane er ekstremt hyggelege, og eg hugsar framleis den gangen vinden hadde ruska litt til i rose-stativet på utsida. Eg skulle prøve å fikse og før det hadde gått tre minutt, var eg blitt observert og to naboar kom til for å hjelpe. Og er du urøynd i leigemarknaden, kan eg forsikre deg om at hyggelege naboar med ei utrykningstid på under fem minutt - det er usedvanleg uvanleg!

Send meg ein mail viss du er interessert i å bu på ein så triveleg plass, så skal eg formidle kontakt. Om det ikkje var i Ørsta du hadde tenkt å bu, så prøv det likevel; Du vil ikkje angre!

1 kommentar:

  1. God morgen :-)
    Ikke bare meg som er tidlig oppe og blogger ser jeg...
    Må være litt vemodig å flytte fra en plass du har trivdes så godt i...men nå venter nye og spennende ting på deg :-)
    Du har vært heldig med plass å bo, men jammen meg har de som har leid ut til deg, vært like heldige!!

    Ha en flott lørdag!
    Klem, Frøydis

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)