Ein utfordring frå Den urolige moren

Eg oppdaga bloggen til Den urolige moren i Soppen for eit år sidan, og har med den største glede og beundring fulgt denne beintøffe dama sine ærlige innlegg. Ho utfordrar seg sjølv stadig vekk, og no har jo jammen utfordra meg også. Til å skrive seks fine ting om meg sjølv. Intuitivt er jo dette ein utfordring eg ikkje likar - eg er riktignok nett flytta til Bergen, men finn det framleis unaturlig å skryte hemningslaust av meg sjølv ;-)
Så eg tillater meg ein liten vri, for det er alltid ein grunn til at ein er sånn ein er. Eg prøver:

1. Eg har god sjølvtillit. Bestemor seier "Det er godt å vere av godtfolk fødde", og eg har strålande flotte foreldre. Dei har alltid gitt meg trygghet, anerkjenning og frihet. Dette til tross for at trassalderen min varte frå 0-18 år, og eg stort sett konsekvent ikkje har tatt imot velmeinte råd. Men når det har gått ad dundas, så har eg alltid fått hjelp likevel. Eg trur ein grunnleggande trygghet er det viktigaste foreldre kan gje sine barn, og ut av den tryggheten kjem trua på at ein er god nok slik ein er. Sjølvsagt er det behov for eit kontinuerlig forbedringsarbeid med seg sjølv likevel, men i dag gjer eg så godt eg kan - og i morgo kan eg gjere alt litt bedre.

2. Eg er positiv. Eg er stadig omgitt av strålande vakre mennesker, som får fram det beste i meg. Eg ignorerar av evne alle som ikkje gir meg noko, og dette kan kanskje vere arrogant - men negativitet smittar så fort. Og eg er ikkje immun. Men har erfart at viss eg retter ryggen, smiler og forventer at gode ting skjer - så skjer det. Ein fantastisk leveregel er: "Ikkje gå rundt å tru på mirakel. Forvent at dei kjem!". 

3. Eg høyrer på andre. Eg vart heldigvis ikkje alltid høyrt når eg var liten og forsto dermed min plass i hierarkiet. Og gratis gullkorn og lærdom kjem som rekande på ei fjøl, i samtale med mennesker frå 1 til 100 år.

4. Eg har knekt den sosiale koden: Smil til alle, le, få andre til å le - da ordnar alt seg. Det er igrunn latterlig enkelt å leve. Me får våre perler og me får våre sår. Men alt ordnar seg.

5. Eg har blitt supergod på å ta vare på min eigen kropp; 22 kg er borte vekk på eit drøyt år! Utrulig kor mykje lettare alt blir når ein er lettare..

6. Eg likar utfordringar. Men eg likar enda bedre å sende dei vidare! Så denne utfordringen sender eg rett vidare til Janne Tove!

2 kommentarer:

  1. Hmmm du då - du veit jo at dette er ei umuleg oppgåve - ein eller to ting kanskje....men 6......:-))
    Elles så veit eg ikkje korleis eg får til å legge til navnet med link. Men vi får ta ein diskusjon på det rundt kaffien på fredag så ordnar det seg nok.

    Gler meg!!! Klem

    SvarSlett
  2. Ingen problem å finne MINST 6 fine ting å seie,både om deg Camilla,og om Janne Tove!!
    Det e berre å spørre mej...;)))

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)