Miss Norway 2040!

Den trufaste lesar har fått med seg mascara-debuten min. Eit halvt år seinare, kom pudder-debuten. Cubus-dama fann velvillig fram det ho omtalte som den perfekte fargen til meg, og når eg kom heim oppdaga eg at det sto "Rosa" med store bokstavar på lokket...aargh!  Den mislykka eyeliner-debuten har eg snytt dere for, i eit forsøk på å beholde siste rest av min kvinnelige integritet. (Men eg bryr meg igrunn ikkje, så kort fortalt stakk eg heile blyanten inn på auge ved første forsøk - og ved andre forsøk såg eg ut som Hank von Helvete. Så eg kasta heile driten i bosset og vaska griseriet vekk med Lano.)

Men etter eg flytta til Bergen..eller rettare sagt; etter eg flytta nærmare søstra mi, så har eg tatt eit kvante-steg i forfengelighet! Ho starta med å revolusjonere BH-skuffa mi og ga meg tidenes mest ydmykande oppleving på Lagunen storsenter. I beste åpningstid. Halve Bergen og tre fnisande familiemedlemmar fekk med seg at unge, røde Gangsøy vart antasta på det grovaste av BH-butikk-dama. Og i sjokk drog eg VISA-kortet. Så no er eg innehavar av eit kvitt blondehelvete av ein spesialtilpassa BH...som eg ikkje tørr å bruke.

Den siste verbale overhøvlingen eg fekk, av ei ellers så kjekk søster, var mitt lempfeldige forhold til håret mitt. Eg pleier å oppdage tre dagar for seint -  at eg burde vert til frisør for to veker sidan. Og eg velger mine frisørar etter tilfeldighetsprinsippet. Ledig time no? Ok.  Det pleier å ende i katastrofe.

Men såh, veit du! Ei hårfin dame, introduserte meg for eit særdeles viktig, nytt bekjentskap. Det oste peiling lang veg av stylisten, og eg forsto dette var min sjanse til å få profesjonell hjelp. Eg hadde endelig funne min hår-psykolog, som virkelig forsto mine hårete problem! Det måtte riktignok 3,5 time (!!!) til, for å løyse opp i flokane - men no har eg blitt rå, etter eit besøk hjå Raah Frisør.

Kor skal dette ende?? Går eg mot tittelen  Miss Norway 2040?

6 kommentarer:

  1. Bilder, Camilla! Før, gjerne underveis og i alle fall etter :-)

    SvarSlett
  2. Hehe..morsomt!
    Det der med å legge eye-liner er en liten kunst..
    Jeg har vært i faget, så jeg kan gi deg et lite lynkurs :-)
    Begynn med en blyant, ikke våt eye-liner!
    Og absolutt IKKE Lano i øynene, hehe...

    Vil gjerne se bilder av nyhåret ditt!
    Klem fra meg

    SvarSlett
  3. Ja nei ditta sminkestyre...trur ej gir mej på heile driten. Verte ikkje nåke pænare likevel so d ekje so nøye me ;)

    Men blondehelvete måkje du la ligge...no når du he mysst 24 so verte d no berre lekkert d! :)

    Legg ut bilde! Trenge å sjå et positivt fjes me ny HÅTT sveis!!

    SvarSlett
  4. Hehehe, ja på Harry sin salong iallefall! Har du og vert der?? :-D

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)