Trangsynte Gangsøy

Eg er i trøbbel. Nærmare bestemt i luksustrøbbel. Kor eg enn snur meg, er det så mange hyggelige folk at eg ikkje får tid å blogge. Og desember er jo favorittsosialiseringsmånaden min - da det er legitimt å nisse gud & kvarmann. Hurra!

Men eg likar også alle anledningar til å ta opp status. Og i så måte er eit årsskifte ein unik sjanse.Ein årviss tradisjon er difor å sette seg i ein godstol å sjå tilbake på året som har gått, og sette nye mål for neste år. Men når eg fann lista mi frå i fjor, måtte eg ta meg ein høg ein. Rett å slett klapse meg på låret å brøle av latter. Det vart jo veldig tydelig for meg at eg ikkje har ein sjuande sans:

Mål for 2010                                                                            
- Bestige tre nye fjelltoppar på ski.                                       
- Padle Hjørundfjorden på langs.
- Fett- & proteinstandardisere Edamer.
- Redigere ferdig ein veldig hyggelig bryllaupsvideo.
- 10 døgn i telt.
- Bygge tak over utgangsdør i kjeller.
- Max 100 timar overtid.
- Få personlig trenar og ta av 10 kg.

Status på mål pr. 5.12.2010
- Pakka alle ski jævlig langt vekk.
- Solgte kajakken til ein tilfeldig forbipasserande.
- Ny jobb, men følger fett- og proteinstandardiseringen av Edamer vidare i ånden. (Har du hugsa å sikre deg ein Edamer til jul, forresten??)
- Rakk akkurat å sende ut bryllaupsvideoen til alle, før skilsmissa var eit faktum. Strålande timing.
- Slapp eit einaste døgn i telt.
- Bytta heile huset ut med ein penthouse på Paradis.
- Kjøss meg...jobbar så masse eg vil, når eg vil.
- Fekk ein glimrande personlig trenar og har blitt kvitt 24 kg dauflesk.

Oppsummert
Solid skivebom, Gangsøy. Ikkje sats på ein karriere som klarsynt.

Finn deg ein gul lapp å prøv sjølv ;-)

5 kommentarer:

  1. Endelig, he venta leeenge på nytt blogginnlegg frå dej no!!! Alltid trivelig å lese :-)

    Viktig me plana og mål for året, men som du he fått erfare, so e d ikkje alt som går slik en planlegge - nåke går i boks (24 kg dauflesk) medan nåke går i vasken, rett og slett. Men uansett, so gjer en sine erfaringa (gode og dårlige), men en lære so lenge en leve, seie dei.
    Gler mej berre til lista over måla for 2011 ;-)

    SvarSlett
  2. SELT KAJAKKEN???? Nei men Camilla då...no når faderen he vorte pensjonist å greier. Du ha no vore ein ypparleg pensjonistluftar ;) Hadde meir enn gjerne padla Hjørundfjorden på langs ej!

    -24kg faktisk...den oppskrifta vil ej ha...
    E vel ikkje fred å få no då ;)

    Gler mej til lista for 2011.
    (Det bruka som regel å drite seg med sånne lister, men dei e kjekke å skrive) :)

    SvarSlett
  3. Denne bloggen er fantastisk!

    SvarSlett
  4. Ej hengte mej opp i 24 kilo! Og ellers henge ej mej opp i styrken din! Fantastisk!

    Og så skal ej leite mej fram en gulelapp....

    Solveig.

    SvarSlett
  5. Hahaha, eg er ein ypperlig pensjonistluftar, ja..det skulle vert meg ei glede å lufta na`gamlefar! Lista for 2011 trur eg ikkje eg tørr å offentleggjere før i etterkant ;-)

    Takk Helle :-D
    Og takk, gode Solveig :-D Styrkar meg ofte på deg :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)