Style musa???

No vart eg litt flau.

Eg fekk ein mail frå Google, med spørsmål om det ikkje var på tide å AdSense inn på denne bloggen. Og eg tenkte: "Jo, det er nok på høg tid å tilføre litt fornuft her!". Så eg skreiv under på at dei kan plassere ein reklame-dings på sida mi, men kryssa av på at eg ikkje ynskte uhøvisk reklame. Og ante fred og ingen fare.

Men så logga eg nettopp inn, og ser at rett over bildet av meg sjølv, står følgjande tekst: På tide å frisere musa? Bla-bla-bla. Style musa no! Helsing RFSU

Og da raser veldig mange tankar gjennom hovudet mitt på ein gang. Eit lite utvalg:
- Ikkje sjå dette, mamma!
- Er ikkje dette uhøvisk reklame??
- Er RFSU-reklamer godt betalt?? Det bør det vere!
- Vil eg vege litt mindre viss eg...?
- Kvifor i alle dagar meinte Google det var passande å plassere denne reklamen på mi side??
- Er det snakk om ein frisør, eller er det eit gjer-det-sjølv-opplegg dette her?
- Ikkje klikk, mamma!

Herved har Google og AdSense fått sparken.

1 kommentar:

  1. Hei ;) Fann linken til bloggen din på Møre :) Du skriv berre på ein utruleg artig måte, om både svært viktige og uviktige emner... Tok å la deg til, håper det er greitt!!!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)