Natural relaxing feeling!

Næringsmiddelindustrien brukar milliardar kvart år på å utvikle matvarer som skal ha helsebringande effekt. Og når nokon brukar milliardar på noko - så er det fordi dei meinar dei kan få minst det dobbelte tilbake. Om forbrukaren får valget mellom ein smørpakke som er tilsatt A og D vitamin og er dekorert med fengjande slagord som lovar gull og grøne skogar - og ein heilt vanleg smørpakke, så er hypotesen at dei fleste velgjer den som er såkalla funksjonell. Og markedet for funksjonell mat har eksplodert dei siste åra, og det er sjølvsagt ei utfordrande oppgåve Næringsmiddeltilsynet har, som skal godkjenne desse produkta, og dermed gje produsenten tillating til å markedsføre produktet slik at forbrukaren får inntrykk av at: "Dersom eg ikkje kjøper dette nye smøret, så kjem eg mest sansynlig til å døy i mangel på A og D vitamin!"



Og det veldig fascinerande i denne bransjen er at EU kun vil akseptere at Statens Næringsmiddeltilsyn nekter godkjenning av produkt med tilsettingar som innebærer helsefare.



Og konsekvensane av dette er jo komiske. Eg ser Libresse har vert kreative og reklamerar no for truseinnlegg med E-vitamin. For 10-15 kroner ekstra, er du no altså så heldig å få kjøpe eit truseinnlegg som er tilsatt ekstrakt av E-vitamin. Eg trur ikkje ein kan komme nærmare svindel i truseinnlegg-bransjen enn dette...



Men så har eg altså nett vert i Bulgaria, som jo er eit EU-land, og der er grensene tydeligvis enda mindre strenge. For dersom du ein varm sommardag treng noko å leske deg på, så kan du altså få kjøpt denne funksjonelle iste`en i butikken på hjørnet:





Ja, det er altså is-te tilsatt hasj, som kan love deg ein Natural relaxing feeling!

I rest my case..

3 kommentarer:

  1. He he he...derfor var slekta så avslappa no når dei kom frå Bulgaria??
    Spørs om mudern å fadern burde hatt kvar si flaske i dag. Dei gjekk til gullmerke i Fjällreven classic i helga!!!

    SvarSlett
  2. Wow, det er imponerande! Såg ho mor i avisa her om dagen også - spreke folk, altså! Skulle gjerne tatt med ein relaxing is-te til dei, men kunne fort blitt litt styr på flesland..;-)

    SvarSlett
  3. hehehehe.. jeg ler meg ihjel!!! heilt utrulig hva folk lager, for ikke snakke om hva de godkjenner tydeligvis! :)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)