Tenk om verden ikkje er sånn som du trur? 3.akt er tilført!

(Schenehenvisning: Å misforstå ein situasjon kan av og til få dramatiske følgjer. Men tenk om, me arme mennesker, går rundt her på jorda og misforstår heile situasjonen me er i?? Heile konseptet med å leve? Eg påstår faktisk at me har gjort det! Og i denne følgjetongen skal eg prøve å overbevise deg også! ;-)

Første akt: Meininga med livet er å vere ein tulling!

På ei lita sofa-sky, sit den vetle engelen Ariel å slappar av. Svevar over fine åsar og fjellknausar, små vatn og grøne bjørker. Nyter livet og underholdningen av menneska under. Fniser og ler, og lurer på kvifor i alle dagar dei tenkjer så mykje? Anstrenger seg så mykje? Det er nett som dei trur livet er på alvor?

Vel, Ariel skjønar vel kvifor. Han tenkte mykje når han var der sjølv. Det er som med oppgaver du aldri har gjort før; alt er vanskeleg første gangen. Sånn sett er det litt dumt at ein berre er på jorda ein gang.
- Eg skulle vel kanskje hjelpt dei litt, eg som har litt dødserfaring?
Ariel klør seg litt bak eine øyret, og grublar på korleis det skal gå til. Kommunikasjon via ei sky er hakket vanskeleg. Kanskje kan han trekke i nokon av trådane? Heile jorda er eit stort edderkoppnett, med usynlige sterke trådar, som spinner seg overalt. Det skulle vel la seg gjere å kommunisere litt via dei? Prøve å gje nokon tegn?

På ein gruslagt landeveg, ser han ei jente komme gåande. Hendene i lomma, det går ikkje fort. Litt duk-nakka. Tunge skuldrar. Ein typisk grublar! Er det livets harde realitetar som tynger?  Ariel nappar hardt i nærmaste tråd, og jenta slår kollbøtte og går rett i bakken. Men som om bakken var ei gloheit plate, sprett ho oppatt i ein fei og ser seg fort ikring. Børstar så vidt litt grus av knea, og sett opp farten. Haltar svakt synleg - heilt tydeleg litt vondt, men latar som ingenting.

Ariel slår seg på låret og tek seg ein høg ein.
Hahahahahaha! Hikstar etter luft og må ta ein høg ein til. Hahahahahaha!

Menneska tek seg sjølv så alvorlig! Heile livet går mange rundt og er redde for å dumme seg ut. Unngår alle situasjonar der ein kan gå i baret, og bygger sånn redselen større og større. Og begrensar sin eigen frihet. I det øyeblikket du kan dumme deg ut og avslutte med ein høg ein - da har du all frihet! Ariel kjem på det sanskritet ordtaket: "My original home is heaven. I come here to rest." Så livet på jorda er berre ein leik. Det er inga djupare meining, det er ingen hemmelig hensikt. Du skal feire livet, feire at du får spele spelet fritt - feire at du får leve. Det er ingenting du kan gjere på jorda som vil få konsekvensar for deg etterpå. Nett som Ariel, sit Gud også å ser på menneska, og leitar etter dei som underheld han. Dei som tørr å leike seg. Det var jo difor han ga menneska friheten! Til bøvels med alle svovelpredikantar, som begrensar menneska sin frihet med heimesnikra reglar for kva ein bør gjere og kva ein ikkje bør gjere.  Berre bambus. Når Gud har gitt deg så mykje frihet, så seier han med det: "Gjer det du vil! Spel spelet, nyt livet. Tenk på livet som ein drøm!".  Alt som har skjedd i livet ditt, fram til dette øyeblikket, er berre ein drøm. Du har ledd, du har grene, du har kjefta på nokon, du har blitt kjefta på, du har dunka hovudet i veggen, du har kanskje til og med dunka nokon andre sitt hovud i veggen. Alt er berre underholdning for Gud. Han ser på og ler. Spel spelet vidare, seier han. Drøm vidare.

Ein tulling er ein som er avslappa, fri og glad. Dei galne har det godt. Grublar ikkje over kva han kan tjene på å gjere det sånn eller sånn. Tullingen går rundt å observerar kva som skjer rundt han, og spelar med. Det er kjempegøy. Vær ein tulling!

Postludium første akt: Høyrtes snålt ut? Men tenk, berre heilt hypotetisk, om det faktisk ikkje er på jorda meininga med livet ligge? Livet, sånn me kjenner det, er bygd opp dønn alvorlig! Ungdommane er knekt i seriøsitet gjennom ein teoritiung og eviglang skulegang! Skal du forsørge kone & barn, og gje dei ein anstendig heim (og ikkje minst tilfredstille samfunnets krav til ein viss anstendig fasade), må du jobbe rompa av deg. Tenk om me har misforstått!! Tenk om me er satt på jorda berre for å leike oss, hygge oss, feire kvar dag at me har fått minst sju sansar og kan gå oppreist og kan leve og elske? Om sjølve meininga, kjem etter livet. Og tenk om Gud heller ikkje er dønn seriøs! Og ikkje dømmande i det heile tatt! Tenk om han er drit lei av alle bøkene som er skreve om han, og berre har lyst å sitte på ei sky å sjå reality! Morsom, underholdande reality! Han har jo for pokker gitt oss frihet til å gjere alt mulig! Er det ikkje ei meining med det?? Viss dette stemmer...og det antek eg faktisk at det gjer...da er det galningane som har skjønt det. Og personlig frydar dette meg stort. Da kan eg løsne på snippen, puste fritt og drite i om eg ikkje tek dei rette beslutningane til ei kvar tid.


Andre akt: Grunnkurs i feiring av livet.


Dei lange, lyse sommarnettene er nydelige, sett fra himmelen. Lufta er klar og det er god sikt for Ariel og vennene hans. Og frå dei mjuke sofa-skyene, ser dei på menneska som kanskje meinar dei feirar livet på bryggedansane kringom. Men litt oppgitt over feiringen kan den himmelske hærskare fort bli.
- Hahaha, kva trådar har du nappa i no, Ariel?? Du har fått ho bloggdama til å oppfordre sambygdingane sine til å feire livet - og her ser du resultet! Men eg seier ikkje nei takk til litt flatfyll-underholdning ein laurdagskveld! seier Gud og skogger-ler.
- Hmm, på tide med eit føredrag om kva eg meinar med feiring, sukker Ariel.
- La gå...Når du er glad, bidreg du til miljøet rundt deg, samfunnet, ja, endatil verda rundt deg! Din glede, saman med din servicegrad, gjer din glede enda større..
- Den der må du jobbe meir med, Ariel. Høyres ut som eit halvkveda valgspråk for KrF, humrar Vår Herre.
- Akkurat der har eg ei høne å plukke med deg, unge lovande Gud! Du har skapt ein verden som er komplett uforståelig! Ikkje eit einaste levande menneske skjønar korleis verda er blitt til. Ingen forstår korleis alt heng saman. Absolutt alle lever i ein kropp, som er skapt så genial at kvar einaste liten mikroorganisme har ein heilt spesifikk betydning og virkning. Fysikk og psyke heng saman på den mest forunderlige måten! Kvart einaste menneske bur i ein kropp, som dei ikkje forstår ein pøkk av! Tenk det! Forstår du egentlig kor makteslaust det føles å handtere eit maskineri 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka, 365 dagar i året, i gjennomsnitteleg 80 år - som du egentlig ikkje anar korleis fungerar???
- Ja, det kan eg forstå. Men eg forstår ikkje kva høne du skal plukke..
- Jo, det skal eg fortelle deg. For tatt i betraktning at alt er så uforståeleg, så er det rett og slett forbanna irriterande at du har skapt heile kunsten å leve så enkel - at den alltid blir banal! Eg kan ikkje rettlede menneska, fordi det eg har å sei - er så enkelt at alle syns eg snakkar platt. Det fins ikkje ein einaste livsvisdom som er komplisert! Kunsten å leve er frykteleg enkel: Du skal vere mot andre, som du vil at andre skal vere mot deg. Du skal akspetere alle personar og situasjonar akkurat sånn som dei er. Du skal gje 100% heile tida. Du skal vere tilstede her og no. Du skal ikkje sjå intensjonar i andre menneskers feil. Og når eg seier du skal feire livet, så meiner eg at kvart menneske skal stå opp om morgonen og bruke resten av dagen på å spre så mykje glede som overhode mulig! På den måten, kan eitkvart menneske faktisk forandre verden til ein bedre plass! Og kjem det eit problem eller oppstår det ei krise, så skal du vere endelaus takksam! For den utfordringen du får da, gjer at du utviklar nye evner, nye egenskapar og nye talent. Viss livet ditt hadde vert heilt problemfritt; kor b-o-r-i-n-g hadde det ikkje vert da???

- Det er ein heilt riktig observasjon, Ariel. Men kan du forstå kor forbanna eg blir av og til? Her har eg gjort eit Guds underverk, eg har bedreve kvantefysikk og rakettforskning på umenneskeleg høgt nivå, og gjort alt grovarbeidet mutters putters aleine! Skapt alt og alle - og som ein bonus, gjorde eg sjølve livet kjempeenkelt! Likevel går halve verda rundt å klagar og syt! Dei seier livet er så vanskeleg! Dei får utfordringar og kriser av og til, og kan ikkje fatte og begripe korleis dei skal komme seg gjennom det! Tenk viss eg skulle sagt det samme, då eg fekk den ravgalne idèen å lage jorda, menneska og alt tilbehøret!
Men kinesarane har skjønt akkurat det der, og difor har dei berre eit ord for krise og mulighet. Når dei seier krise, så betyr det også mulighet - og i det ligg det ein psykologisk genistrek! Det er ikkje mulig å sei krise, utan å samtidig sei mulighet.
Men du som har levd eit mennesklig liv, Ariel; Korleis har det seg at nokon mennesker trives med å vere negative og ulykkelige?

- Eg trur nokon blir knytta til sorga si. Knytta til mistrivselen sin. Det negative blir trygt. Det kan ligge ei erfaring igjen fra barndommen, for når du som barn er trist, lei eller sur - så får du litt ekstra oppmerksomhet. Og oppmerksomhet smakar nydelig - nokon tek varmt imot den, uansett kva måte dei tilrøver seg den. Og viss ein alltid er negativ og kritiserar andre, så kan det føles som om ein hever seg sjølv eit par hakk opp. Sjølvsagt ein illusjon, men det ligg ein viss ansvarsfraskrivelse i å vere negativ: Viss det ikkje hadde vert for at det regna i dag, så hadde eg vert lykkelig! Viss det ikkje hadde vert for han idioten av ein kollega, så hadde eg trivdes på jobb! Viss det ikkje hadde vert for at dette golvet er så forbanna skeivt, så hadde den ballen gått i mål! Viss det ikkje hadde vert for at alle andre er så teite, så hadde eg hatt det bra!

Men...på tide å ta ansvar sjølv da, ikkje sant?


Postludium andre akt:
Mulig verden er eit mysterium, men det er ein misforståelse at det å leve er vanskeleg. Kunsten å leve er veldig enkel! Stå opp om morgonen, og spre så mykje glede som du klarar. That`s it! Som regel kan du gje mykje, andre dagar har du nok med deg sjølv. Men det er heilt ok. Ikkje plei mistrivselen eller negativiteten - oppmerksomhet tjent på andre måtar, smakar bedre.
Sorga og gleda kjem som dagen og natta. Du treng ikkje vente på den. Den kjem heilt av seg sjølv. Og for å nyte gleda, så treng du sorga. Motstridande følelsar, komplimenterar kvarandre. Du kan forandre verden - heilt aleine. Og du er ansvarlig for di eiga lukke - ingen andre. Og du? Viss du tenker på å bli ein stor forfattar, så må du skrive om noko anna enn sånt snusfornuftig pølsevev som dette...

Tredje akt: Nytt sekund - nye muligheter

Ariel lente seg godt tilbake i sky-sofaen sin, kjente sola varma godt og funderte på livet før døden. Det der med motsetningane som komplimenterar kvarandre, hadde alltid fascinert Ariel. For det er ein veldig snedig detalj i skaparverket, at verden er full i  motsetningar; vinter mot sommar, rik mot fattig, botnlaus sorg og euforisk glede, det vakre mot det stygge, den snille mot den onde, den vetle sonen og den sterke pappaen, den trassige tenåringsdattera og den snille mammaen, kjedelege jobbar og interessanne jobbar, positivitet mot negativitet, gourmetmiddag mot havregraut, grådighet og generøsitet, kjærlighet og hat, vilje og uvilje, frihet og fangenskap --> kunne jo holdt på ein heil dag. Og det snedige er at opplevelsen av den eine motsetningen, blir enten sterkare eller svakare, når ein opplever den andre motsetningen; Det er ikkje godt å ha det godt heile tida. Ikkje kjekt å alltid vere rik. Et du gourmetmiddag kvar dag, blir du smellfeit!

Idet skya bevegde seg over Hovdebygda, fekk han auge på jenta han var støttekontakt for. Det bleike menneske i solstolen sin; Ho hadde vel ikkje smurt seg med solkrem i dag heller, tippa han, mens han tok ein solstråle og sendte den rett i fleisen på ho. Hmm...blinka det i ei tåre der?
Ariel lente seg tilbake igjen og tenkte at
- Jaja, da er vel nokon følelsar iferd med å komplimentere ho igjen. Litt sorg gjer berre godt.

Men Ariel fann ikkje heilt roen. Så han hoppa ned fra skya si og satte seg på skuldra til jenta. Observerte ei ny tåre som trilla nedover kinnet, og ville vente litt med å gje seg til kjenne. Tre gutar sykla forbi på vegen nedanfor og hoia og lo. Naboen grilla flintsteik og tre spurvar satt i ei bjørk. Alle kosa seg i sola og det var sikkert over tjue grader. Kvifor er nokon lei seg på ein slik flott dag? Korleis skal ein møte nokon som er lei seg? Det er lett å bli utrygg, ikkje vite kva ein skal seie eller gjer - men svaret på det er også forfriskande enkelt! Sei; No veit eg ikkje heilt kva eg skal sei..veit ikkje heilt kva eg kan gjer for deg.
Den som har ein så god venn at ein møter den setningen, kan ikkje gjere anna enn å bli glad for omtanken. 
Ariel prøver;

- Du har opplevd det gode?
- Ja. Sånne fine dagar er veldig god familietid. Lettkledde damer, barn som ler, grilling og bading, varme over alt.
- Og no er familien din bortevekk?
- Mm. Og eg savnar barnet. Det er ein heilt eigen livsglede i eit barn. Alle som har vorte foreldre, seier det er det største i verden. Meininga med livet er å skape barn, blir det sagt - gje dei trygghet, kjærlighet, omsorg og støtte. Forme dei til sjølvstendige, livsglade mennesker, gje dei mestringsopplevelsar, sjølvtillit og trygghet nok, til å gå ut i verda og vere strålande vakre mennesker. Vere til glede for seg sjølv og andre. Dette blir livsverket for gode foreldre.

- Sant det. Men no har du kjent på den sorga. Og du blir ikkje gravid av sorg. Kva kan du gjere no?
- Fortsette å furte eller å akseptere at situasjonen er sånn den er?
- Skal me gå for aksept?
- Mmm. Det er vel strengt tatt ikkje noko anna alternativ.

- Nei. Du kan enten tenke deg glad - eller du kan tenke deg lei deg. Valget er ditt i alle situasjonar du kjem opp i.
- Ikkje like enkelt alltid. Eg syns ofte valget står imellom å gjere det som er fornuftig eller å gjere det som eg har lyst til. Og da opplever eg ofte at når eg er i situasjonen, så endar beslutningen med å vere følelses-styrt. Men når eg tenker på hendinga i ettertid, så er det fornuften som er sterkast. Altså er følelsane sterkast først og fornufta sterkast i ettertid.  Og det genererar anger eller dårlig samvittighet.
- Det er fordi du ikkje er ein robot. Du er ikkje forhåndsprogrammert til å opptre kun fornuftig. Og takk Gud for det...du ville blitt dønn kjedelig reality for himmelens hærskare som sit å ser på! Og anger - kjære medmenneske - anger er ein tidstjuv! Det har rett og slett ingenting for seg. Du kan ikkje endre på det som har skjedd. Eg veit at du for tre månadar sidan mista kone, barn, hus, giftering, bil, framtidsplanar - og alt som du trudde var livet ditt. Men det er ingen grunn til at du skal miste meir enn det der! Treng ikkje miste humøret, sjølvtilliten, styrken og gleden. Har du hatt ein dårlig formiddag, er det ingen grunn til at ettermiddagen ska bli dårlig. Bestem deg for å vere lykkelig fra no! Eller viss det ikkje gjekk - ver lykkelig fra no! Eller NO! Du får faktisk ein ny sjanse kvart sekund. Eg har lyst å bytte ut ordtaket: "Ny dag, nye muligheter" med "Nytt sekund, nye muligheter!".
- Hehehe, ja den vinklingen er meir effektiv! Og dagens kvinner forventar effektivitet :-) Eg kjenner meg bedre allerede. Takk for praten, kjære skytsengel.
- Godt. Tørk tårene no, så kan eg med god samvittighet fly opp igjen til skya mi.

Postludium tredje akt: Det er ein misforståelse at du må vente heilt til neste dag, for å få nye muligheiter ;-)

2 kommentarer:

  1. Supert skrive,Camilla!
    Ja,tenk om det er slik..?:)
    Eit fantastisk liv både før,og etter døden..?!:)))
    Hadde vore fantastisk!

    SvarSlett
  2. Så sant så sant Camilla.

    Ville ikkje vore uten alle tårene og vanskane for alt i verda - det er jo derfor eg har blitt meg slik eg er no:-))

    Klem

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)