Lean Life: Skap flyt

Toyota sitt andre produksjonsprinsipp er å skape flyt. Skape ein kontinuerlig flyt, for å bringe problem til overflata. Ingen tvil om at dette er avgjerande i produksjon - men kan dette også omdannast til noko som gir meining for oss privat?

Eg blir glad og fornøgd når eg jobbar mot eit mål. Når eg er engasjert, opplever mestring og får ting til, så får eg ein følelse av flyt. Det mest bokstavlige døme eg kjem på, er å padle ein kajakk i medvind og bølgjer, med blikket festa på ein fin holme. Men det kan like gjerne vere når målet er eit reint hus, og den høge musikken set swung på vaskefilla. I utgangspunktet ei kjedelig oppgave, men så handlar det igjen om å skape lykke for seg sjølv. Gi meining til kvar handling du føretek deg. Skal du først utføre ei oppgave, så kan du like gjerne gjere den hundre prosent? Og finne glede i den, fordi du lager deg eit mål. For å glede deg sjølv sjølvsagt, men graden av tilbakemelding auker som regel proporsjonalt. Dei rundt deg legg veldig ofte merke til, om du yter litt ekstra. Og det er jo ein fin glans å sole seg i. Og du blir kanskje lykkeligare? Mine personlige lykke-råd er:
- Vær sosial. Vær sammen med andre mennesker som gir deg noko positivt.
- Smil til alle rundt deg. Du får som regel eit fint smil i retur.
- Sett deg personlige mål. Ikkje for lette. Ikkje for vanskelige.
- Finn talenta dine og pøs på med energi til det du er flink på.
- Prøv å kom i flyt så ofte som mulig.

I Lean er det å fjerne sløseri ei av hovudoppgåvene. Og i ein produksjonssituasjon, er det definert åtte former for sløseri: overproduksjon, venting, unødvendig transport, overprosessering, lager, bevegelsar, feilproduksjon og uutnytta kreativitet. Kan me finne desse sløseri igjen privat?

- Eg overproduserar negative tankar og dårlig samvittighet ofte. Det er grov sløsing.
- Så har eg eit trygghetsnarkoman-gen, som gjer at eg likar veldig godt å vere tidlig ute. Ofte altfor tidlig ute, i tilfelle ditt & datt skal skje på vegen, men som mest sansynlig aldri skjer.  På dei timane eg har sete på Flesland å venta, kunne eg sove og drømt søtt istaden. Det er liksom ikkje nødvendig å ta høgde for å møte ei militær-kolonne av saktegåande trafikk klokka null om morgonen.
- Etter at eg flytta til Bergen, har eg også gått på ein smell eller to pga unødvendig kjøyring. Evnen til planlegging av t.d shopping, bør for min del trimmast. Tur/retur IKEA tek ein drøy time i rushen. Da er det jæ.. kjedelig å finne ut at eg gløymte ein liten, men sentral dings, når eg står midt i monteringen av eit flatpakka helvete.
- Overprossesering betyr å tillegge ein ting større verdi, enn streng tatt nødvendig. Der vil eg påstå at origamisk bretting av serviettar, er eit grovt eksempel på sløsing. Blir virkelig gjestane mine meir fornøgd om dei får ein knøvla, svett svane-serviett på fatet sitt, som eg har brukt ein time på å knote sammen, etter instruksjon fra YouTube?? Går det ikkje greit med ein enkel brett?
- Kva med lager? Kjøleskapet. Frysen. Klesskapet. Skapet på badet. Eg brukar vel stort sett berre ein av dei fjorten kremane. Og kanskje eg hadde sett bedre kva som var i klesskapet, om eg hadde rydda ut dei førtito plagga som eg..tja, ein spade er vel ein spade..er blitt for smellfeit til å bruke!
- Sløsing av bevegelsar, er eg usikker på om eg kan forsvare i privatlivet. Dei fleste av oss treng vel strengt tatt den trimmen me kan få. Men skal du vispe litt nyyydelig TINE kremfløyte, så er det ikkje verdt å vispe på seg senebetennelse. Har du ikkje miksmaster, så er det på tide å investere Mari ;-)
- Feilproduksjon. Hmm..pleier du å lese bruksanvisningen? Det kunne spart deg litt tid av og til. Og i mitt tilfelle kunne det spart meg for gjengangerhistorien "Da Gangsøy skulle montere ein kulegrill." Historien har tre akter, før grillen fekk føtene på rett plass. Imagen kan ta skade av slike historiar også. Eg vil nødig framstå som ei lesbe som ikkje virkar.
- Og til sist; Den verste av alle sløserikilder. Det fins altså så uendelig mykje uutnytta kreativitet der ute! Alle dei fantastisk gode idèane som blir produsert, men som aldri ser dagens lys. Fordi me ikkje orker. Eller fordi ord aldri blir til handling. Eller fordi idèane ikkje blir tatt imot med riktig verdighet. Kåmm ån, medmennesker! Oppmuntre kvarandre. Ikkje drep engasjement. Me kjem til å kjede oss ihjel. Viser det seg at idèen er møkkadårlig, så blir den iallefall ein god historie...

Kjøyr på. Skap flyt!

2 kommentarer:

  1. Må ikkje undervurdere "origamikunstens makt", unge Camilla!! Veit monge so so ha blitt kjempeglade for en fin, liten og perfekt bretta svane :-)

    Ha ei strålande veke me (fri) flyt!

    SvarSlett
  2. Det er så kjekt å sjå at du skriv igjen! Når det er sagt må eg vere einig i kommentaren over ang. origami ;-) Sjekk denne: http://www.youtube.com/watch?v=97ZqqFW7TOE , origami kan ta pusten av deg og bør ikkje "misbrukast" som serviettkunst ;-) God helg i Bergen, Camilla. Flott by å halde helg i ;-)

    Klem frå sunnmøre ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)