Drømmen om verte forstått - utan å løfte ein finger!

Mine tankar går i dag til kjærasten min. Det arme menneske tykkjer desember er ein hard månad, mykje p.g.a at eg er veldig glad i pakkar! Difor har eg grene meg til tre julekalendera i huset - ein til kvar! Og om ikkje 24 små pakkar skulle vere utfordring nok, så har både eg og Jesus bursdag i desember, og dei anledningane må også feirast med pakkar!

Og det er kanskje ikkje vanskeleg å kjøpe 26 pakkar til eit menneske med ønskeliste, men som kvinner flest (?? min kvinnelege sambuar nektar på denne påstanden...) så vil eg sjølvsagt ikkje sei kva eg ønskar meg! Eg vil at ho skal finne det ut sjølv, heilt uten at eg seier eit pip, for når ho klarer det, DA kjenner eg meg veldig elska og forstått!!

Og det er da ein fascinerande dobbelthet - vi ønsker å føle oss sett, men vil ikkje vise oss fram. Eg trur også denne dobbeltheten er bakgrunnen for mannfolka sitt uttrykk: "Pokkers kvinnfolk!"

Så kjære Eli Anne - her er ønskelista mi ;-)
- Super Mario Wii med ratt!
- Nye bindingar
- Spinningsko
- Bjørn Dæhlie-skihanskar
- 1 liter ginseng...
- Odd Børretzen CD
- Sånn gensar på Intersport veit du
- Eller sånn jakke, veit du
- Godteri

2 kommentarer:

  1. Hehe tusen takk!!! D gjorde livet mitt veldig mykje lettere;-) Å ej elska dej sjølv om ej gir dej gamasjer i valentingave..:-¤

    SvarSlett
  2. Hehe, du har komt deg mykje etter dei gamasjane.. :-¤

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)