Kan det verkeleg vere nokon som syns det er interessant å lese mine 34 svar på desse personlege spørsmåla, tenkjer eg intuitivt?? Men eg seier som Kjellen; La gå!
1. Kva årstid likar du best?
Jula! Den startar med julemarsipan i september og varar heilt til påske, så eg syns godt me kan kalle det ei årstid! Og det som er faaabelaktig med denne tida, er at heile verda er i eit raust modus. Me skriv brev til kvarandre, me bakar småkaker og besøker kvarandre, me lagar personlege og koselege julekalendera til kvarandre og me går rundt å pønskar på kva me kan kjøpe til dei kjekke menneska rundt oss – det er kort sagt ei strålande tid å vise dei rundt oss at me er glad i dei. Til tross for at det er bikkjekaldt ute, så vert ein varm i sjela av dette. Jul og nyttår inneheld også ein avslutning på eit år, så det er ettertankens årstid – ein får muligheten til å evaluere året som har gått og sette seg nye mål for det neste året. Dessuten har ein ofte litt fridagar og kan tilbringe kvalitetstid saman med familien, og det er da berre nydelig!
Alle desse positive sidene med jula forutsett at du ikkje gidd å stresse, at å kjøpe gaver ikkje vert ei pliktrunde for deg, at du ikkje får angst av småkaker og julemusikk, at du ikkje gir opp nyttårsforsetta før 1.januar – og at du faktisk har mennesker rundt deg som du er glad i og som du har lyst å vise det til. Det håper eg alle har.
2.Kva var dagens middag?
Raspeballar, kokt av ein flink kokk på Tine i Bergen, som serverte den saman med ein personleg og fin historie. Nesten som eg vart mett før eg begynte å ete..
3. Kva var det siste du kjøpte?
Ein 10-pakk DVD`ar til å brenne min siste film; Den Store Klosterkomedien.
4. Kva høyrer du på no?
Melissa Horn – melankoliens vakraste datter. Ho har så triste & bitre kjærlighetssangar at eg vert uendeleg glad for å vere singel…godt gjort!
5. Kva klede i garderoben din er favorittane?
Alle som er laga med humor, stor kreativitet og morsomme farger i Stryn. At Moods of Norway, eller Stemningar frå Noreg som eg likar å kalle dei, har klart å gjort vafler og traktorar til trendy i Hollywood, beviser for meg at den mest ravgalne idèen kan lykkast, berre du gir alt. Da støttar eg dei meir enn gjerne!
6. Kva er din favoritt-iskrem?
Eg favoriserar ingen is; Eg et alt som er kaldt. Det rimte til og med ;-) Og da kom eg på favoritt-gåta: Kva er det kaldaste folkeslaget i verda? Hindu. For det rimar på vindu. Og når det er rim på vinduet – DA er det kaldt, da! Ai, ai, ai…;-)
7. Kva syns du om personen som tagga deg?
Heile familien Mo har vert usedvanleg hyggelege med meg, og eg takkar alle optiske fibrar for at internett gjer at det er ein låg terskel til å halde kontakt med mennesker ein egentleg ikkje kjenner så godt. Asbjørg har ein flott familie-blogg som eg får go`feeling av å følgje med på :-)
8. Viss du kunne reist kor som helst i verda, i den neste timen, kor ville du dratt da?
Eg har ingen eksotiske feriemål-ønsker. Eg vil reise dit det er trivelige mennesker å snakke med. Da er jo Ørsta ein favoritt. Og Stavanger. Men etter litt fjesbok-aktivitet i det siste, kjenner eg at det hadde vert frykteleg kjekt å besøkt Grong igjen! Eg gjekk på folkehøgskule der for 11-12 år sidan, og eg trur ikkje dei har gløymt meg – så skulle gjerne tatt ein tur dit igjen :-)
9. Kva språk ynskjer du å lære?
For å vere dønn ærleg; Ingen. Eg er strålande nøgd med nynorsk. Har aldri vert noko god i språk, og det me ikkje er flinke til, har vel ein tendens til å bli utrulig kjedelig??
10. Kva er favorittfargen?
Bør jo sei mjølke-kvit, føler eg. Sidan det kvite, velsmakande gullet er mitt levebrød. Må jo vere rom for litt Tine-reklame på ein blogg?
11. Kva bok les du akkurat no?
Creating a Lean-culture. Den forklarar ganske godt korleis eg skal klare å vere både Jesus og Hitler samstundes.
12. Beskriv din personlege stil
Mor mi prøvde lengje å motivere meg til ein langt meir feminin stil. Når ho ga opp var det med eit sukk; Jaja, berre kleda dine er reine og heile.
Eg kjøyrer fortsatt den stilen…
13. Kva skal du gjere når du er ferdig å svare på denne utfordringa?
Fortsette å nyte livet.
14. Kva er ditt favoritt-dyr?
Steikt laks.
15. Kva inspirerar deg?
Vakre kvinner, boblande engasjement og varm lidenskap.
16. Kva er din favoritt-frukt?
Mandarin. Utrulig velegna til sjonglering.
17. Nemn noko du VERKELEG ser fram til.
Eg kjøpte ny seng for eit par år sidan, og valgte den største Svane Hilton kontinental-senga som fantes, for å kunne våkne saman med ei vakker kone og 3-4 små, søte barn ved mi side. (Eg har ein tendens til å ofte begynne i feil ende, serru…Kjøpe senga før bjørnen er skutt) Så på dette spørsmålet trur eg at eg må svare: Eg ser verkeleg fram til at senga vert utslitt, så eg kan kjøpe ei litt mindre… Når eg bur på 35 kvm kan eg vere glad for at framtidsdraumar om 4 ungar er usansynlege.
18. Samlar du på noko?
Masse! Kjekke vennar, søte smil og gode mestringsopplevingar. Musklar, brunfarge og fine former. Ramona, Rosendahl og raude roser. Og heilt seriøst samlar eg faktisk på autografar. Til Ane.
19. Viss du kunne endra namnet ditt til noko, kva ville det vere?
Asgeir i Ura. Til ære for Johan Hjort og unge Svimeslåtten. Godt det ikkje er aktuelt.
20. Kor mange gangar trykker du på slumre-knappen?
Ingen. Ny dag, nye muligheter.
21. Kva er di favoritt-lukt?
Hmm...godt spørsmål. Eg har ein litt snodig luktesans. Når eg kjenner ei lukt eg har kjent før, så genererar den lukta mange andre minner, følelsar, bilder o.s.v. Var i Sveits i sommar og kjente plutselig igjen ei spesiell lukt, og "hugsa" brått igjen masse detaljar frå ein spesiell dag me var på ein tur. Og det er 20 år sidan.
Så eg nøyer meg med å sei at eg har eit lidenskapelig forhold til luktesansen min...
22. Kva er ditt favoritt-snop?
Alt går i grisen.
23. Kva er ditt største mote-feilsteg?
Utvilsomt perioden eg holdt på å sy mine eigne kle. Eg minnast ein skotsk-ruta shorts med ein diger smiley i rompa. Det vart litt too much..
24. Kva MÅ du sjå på TV?
Norsk attraksjon og Der du ikkje skulle tru at nokon kunne bu. Veldig klar over at dette var eit u-kult svar.
25. Kva ville du bli da du vokste opp?
Aller helst ein soft-is med sjokoladestrø. Men viss ikkje; Politi.
26. Kva er du mest fornøgd med når det gjeld kroppen din?
At den ikkje har laktose-intoleranse...
27. Har du nokon fobiar?
Joda. Taklar ikkje kyr. Men jur går bra.
28. Er det noko i livet ditt du virkelig angrar på?
Prinsipielt nei.
29. Om du kunne velgje EIN person, kven har forma deg mest?
Ein person? Da blir det ho mamma-hildegunn-joffa-pappa-åge-arne.
30. Kven er ditt største idol?
Oddvar Torsheim. Ein deilig sylskarp samfunnskritikar, med humor og sans for kvinnelege former.
31. Kva er ditt beste barndomsminne?
Når eg klarte å stjele laurdagssnop frå søstra mi, som var "spararen" iblant oss. Gud, kor irriterande desse "spararane" var!
32. Kva tenkjer du om framtida?
Kjøyr på!
33. Beskriv din drømme-jobb.
Varme hender. Gjerne på eit tastatur :-)
Istadenfor å utfordre fem nye, så utfordrar eg DEG til å svare på eit spørsmål i kommentarfeltet. Førstemann til mølla svarer på spm 1, nestemann svarer på spm 2 også vidare. Kjempelurt?