Kva skal til for å få oss alle til å stoppe opp?
Kor ille må historien fra virkeligheten vere, for at vi skal sette oss ned, sleppe det vi har i hendene og la alle tankar om trivialitetar forsvinne?
Kvalifiserer ikkje historien om 13 år gamle Odin, som valgte å ta sitt eige liv, til at Norge stopper opp? For ein dag, i det minste?
Kva om VG hadde komt ut i dag, med kun den eine saken - ingenting anna?
Som ein symbolsk handling på at denne historien angår oss alle?
Ikkje berre familien i sorg, lærere, rektorer, PPT-tjenester, fortvilte foreldre og skamfulle elever?
Bør vi ikkje alle ta på oss eit ansvar?
Javisst kan vi skylde på andre, peike på svakhetar i skuleverket, klandre alle som var direkte involvert i denne saken, eller gå inn i politisk meiningsbryteri om nasjonale prøvar, målstyring fra vugge til grav og eit evig forbanna mas om å yte max heile tida.
Men eg trur ikkje det er nok. For det er ikkje berre fine Odin på 13 år som ikkje orka meir. Fra 2002 til 2012 tok 37 barn, under 15 år, livet sitt. Dei ville ikkje vere her lenger - dei ville heller dø, enn å leve sammen med oss. For ein hjerteskjærande fallitt! Må vi ikkje alle ta ansvar da? Det er vel ingen som blir født mobbere? Det er vel ingen som er blitt satt til livet, med eit forutbestemt oppdrag på at dei skal gå rundt å plage flest mulig andre? Vi er vel alle eit speilbilde av kvarandre og samfunnet vi lever i?
Så kor effektivt hadde det ikkje vert, om alle våre kjære 5,1 millioner mennesker i dette landet, berre kunne satt seg ned i sofaen, tenkt seg litt om og bestemt seg for å ta ansvar?
"Alle som eg omgåes, skal eg behandle med respekt og likeverdighet. Eg skal løfte blikket i alle kvardagssituasjonar, og prøve å få auge på alle dei usynlige rundt meg. Eg skal smile og helse høflig på medmenneska mine, og tiltale dei med navn, sjølv om navnet kan vere langt, utenlandsk og vanskelig å hugse. Med litt konsentrasjon, skal det nok gå. Om eg veit navnet på dei rundt meg, kan eg også begynne å bli kjent med dei. Bli glad i dei, iallefall tilstrekkelig kjent med dei for å sjå at vi alle sammen egentlig berre er ein liten skjør spurv, innerst inne. Empatien veks av slikt. Eg skal stå opp for andre, ta ansvar for å korrigere uønska atferd eg ser - men så skal eg også prøve å vere raus mot dei som gjer noko dumt. Neste gang kan det vere meg. Eg skal leite etter styrkar, istedenfor å pirke i svakheter. Eg skal spele andre gode, for det er berre kjipingar som tilegner seg kunnskaper dei nekter å dele med andre. Og eg trenger ikkje kjøpe alt mulig fæncy ræl for å demonstrere overlegenhet og klasseskille, for det er egentlig berre veldig ensomt å plaske rundt i eigen luksus. Eg er ikkje bedre enn deg, og du er ikkje bedre enn meg.
Så skal eg lære dette til barna mine - både gjennom ord og handling."
Om vi alle hadde prøvd, så godt vi kunne - vil barna ha lyst å leve sammen med oss da?
Viser innlegg med etiketten Snev av samfunnsengasjement. Vis alle innlegg

Fri meg fra gapestokken
Eg har aldri vert spesielt politisk aktiv. Sette meg inn
i saker som ikkje handlar om meg og navlen min? Tenke nøye igjennom fordeler og
ulemper, i alle saker, fra alle tenkelige vinklar? Nei, det der ligg ikkje for
meg, altså.
Det er ikkje fordi eg ikkje bryr meg om fordelingen av
goder og byrder, som vel er det politikken djupast sett handlar om. Men eg har
vert fornøgd. Eg har vert stolt av den rettferdige grunnmuren me stort sett har
hatt i mi tid. Velferdsstat-konseptet er gode greier. Eg har vert stolt av å
bidra til at alle får utdanning, helsetjenester og trygghet. Eg er skilt og
full i peng, så eg betalar skatten med glede, som ein eplekjekk sosialist. Det
kjem oss alle til gode å fare vel med kvarandre.
Så eg har ikkje involvert meg så mykje i politisk
diskusjon. Eg likar ikkje retorikken. Likar ikkje diskusjonane der språket blir
brukt for å framstille den eine meiningen som bedre enn den andre.
Men eg begynner å kjenne eit behov. For å rope. Høgt. Og
det er fleire høgaktuelle saker å velgje mellom – der eg ikkje lenger er stolt
av korleis godene fordeles. Det er snedig at regjeringa gir tydelige signal om at dei anbefalar fleire trygda å bli rike arvingar.. Men det er ofte den vetle dråpen som får begeret
til å renne over. Den eine vetle handlingen, som toppar heile den sjølvrealiserande,
kvalme og egoistiske tankerekka, og setter oss alle i den ytterst pinlige
gapestokken.
For kva i hel…? Fjerne tilskuddet til den kulturelle
spaserstokken? Den som kostar oss 30 millioner kroner i året? Altså ca 6 kroner
pr innbygger pr år? For at eldre, som ikkje lenger kan spasere uten stokk, skal
få eit kulturtilbod?
Eg veit at eg nett skreiv det der med; «eg likar ikkje at
språket blir brukt for å framstille den eine meiningen som bedre enn den
andre». Men eg kan ikkje dy meg; I D I O T A R ! Eg vil overhodet ikkje ha noko
med dette pinlige statsbudsjettet å gjere. Om dere ikkje frir meg fra
gapestokken, melder eg flytting til Khunde i Nepal. Der gir alle pengane sine
til mor si, som så i lag med dei andre mødrene, bestemmer fordelingen av
pengane til landsbyens felles beste. På tide å innføre samme modell i Noreg?
Det galnaste
I serien "Dei beste augneblinka frå livet mitt", scorar gårsdagens setning frå dattera i huset høgt:
- Eg gledar meg til den 10. desember! Da skal vi ha tacokveld på skulen, Obama får fredsprisen og eg får ein raud Eos i julekalendaren!!! *jenta klarar ikkje å sitte i ro på stolen, i pur glede*
Og desse augneblinka, da ein forstår at barnet ein har kjærleik til og omsorg for, er funksjonsfrisk på alle måtar, er verdt si tid i gull! Ingenting feilar! Utviklinga har gått som den skulle, alt fungerar og livet hennar kjem til å verte rikt. Det er deilig å tenkje på!
For hadde eg hatt eit barn, som hadde fått ein bugnande julekalendar, og som hadde klart å motstått freistinga av å pirke hol i hjørnet på samtlige pakkar den 1. desember for å finne ut nøyaktig kva som var i dei - så hadde eg vert djupt, djupt bekymra for framtida til dette barnet!
Men det var dette med Obama eg hadde lyst å skrive om. For det er noko med denne fredsprisen som plagar meg. Det er noko her som skurrar. Noko som ikkje er som det skal. La oss leite etter feilen:
- Kan det vere at fredsprisvinnaren planlegger å sende 30-35 000 soldatar til Afghanistan i løpet av dei neste 12-18 månadane? Nei, han seier jo at dette på sikt vil skape fred.
- Kan det vere at Noreg gjev fredsprisen til ein som kanskje på sikt fortjenar den? Kan det vere at eg syns det er litt tynt? Nei, dette handlar mest om å skape motivasjon. Det har nok ingenting med at Nobelkomiteen hadde lyst på litt meir action, litt meir blest og litt meir fyrverkeri i år. Det er jo lengje til Melodi Grand Prix, og det vert vel også ei stund til vi får arrangere OL igjen. Så eg forstår godt at vi må vere om oss med dei begivenheitane som kan skape auka verdi for handelsstanden. Dessutan er det jo svært forståeleg at Nobelkomiteen for ein gangs skuld hadde lyst å gje fredsprisen til ein person viss namn er lingvistisk mulig å uttale. Rigoberta Menchú Tum - Carlos Filipe Ximenes Belo - José Ramos-Horta - Wangari Maathai - Martti Ahtisaari....Obama er jo mykje lettare! Dette har jo med arbeidsmiljø å gjere. HMS. Krøll på tunga er ikkje å kimse av.
- Kan det vere at eg syns det er litt uansvarleg å sende alle landets politifolk til Karl Johan i ei vekes tid? Det vert jo relativt trygt å oppholde seg på Karl Johan, mens det i resten av landet er fritt fram? Nei, dette bekymrar med ikkje. Nobelshowet er ei stor begivenheit som vert direktesendt på NRK, så me kjem nok til å sitte foran TV`en å følgje med, alle som ein. Til og med dei kriminelle må få med seg dette. Ikkje tid til noko tull.
- Kan det vere at eg syns kostnadane med å flytte Presidenten frå USA til Noreg er litt drøye, da? 330 millionar norske kroner kostar det. Nei, eg syns igrunn ikkje det er mykje. Han får tross alt ganske mykje for pengane: Han får ta med seg 700 vennar. Han får med seg to militære Boeing 747, fjorten C-17 Globemaster fly, tolv C-5 Galaxy fly, tre C-141 Starliftere, fem Sikorsky VH-3D Sea King og 40 bilar med seksløps maskingevær i taklukene. AVIS leiger jo ikkje ut slike bilar her i Noreg, så da har han ikkje noko anna valg enn å ta med sine eigne.
- Kan det da vere at eg reagerar sterkt på at det i Dagbladet den 4. desember, altså 6 dagar før Presidenten kjem, står at bordet Presidenten skal få sin middag på, er ferdig dekka??!?! Ja, i alle dagar!! Kva for slags idiotar er det som driv Grand Hotell, da??? Om dette sto i avisa den 4. desember, og vi da reknar inn ei trykke-tid på eit lite døgn, så har dei altså dekka bordet ei veke før middagen skal etast! I desse svineinfluensatider? Eg trudde heile Noreg hadde full fokus på hygiene! ER DU KLAR OVER KOR MYKJE STØV OG MIKROBAR SOM DANNAR SEG I EIT ROM PÅ EI VEKE?? Med ein romtemperatur på > 17 grader, dannar det seg normalt 87,5 gram hybelkaniner pr. cm2! Og sett at det fins ein edderkopp i det rommet, så er det ein overhengande fare for at den vetle jækelen har dekka inntil 12 kvm av middagsbordet med sitt sirlige spinn på ei veke. Og med så mykje dill-dall som garantert er på det bordet, så må jo alt sanerast for å få vekk det spinnet. Serviettar, gaflar, vinglas, mansjettar, alt!
Og ein kan jo berre i sin villaste fantasi tenkje seg kva anna Grand Hotell har vert så framsynte å førebudd på forhånd. Salaten står vel allerede på kjøl, ferdig oppkutta. Forretten er vel ferdig dandert på fat. Ovnen forvarma. Stearinlysa tent.
I rest my case. Dette er det galnaste.

Natural relaxing feeling!
Næringsmiddelindustrien brukar milliardar kvart år på å utvikle matvarer som skal ha helsebringande effekt. Og når nokon brukar milliardar på noko - så er det fordi dei meinar dei kan få minst det dobbelte tilbake. Om forbrukaren får valget mellom ein smørpakke som er tilsatt A og D vitamin og er dekorert med fengjande slagord som lovar gull og grøne skogar - og ein heilt vanleg smørpakke, så er hypotesen at dei fleste velgjer den som er såkalla funksjonell. Og markedet for funksjonell mat har eksplodert dei siste åra, og det er sjølvsagt ei utfordrande oppgåve Næringsmiddeltilsynet har, som skal godkjenne desse produkta, og dermed gje produsenten tillating til å markedsføre produktet slik at forbrukaren får inntrykk av at: "Dersom eg ikkje kjøper dette nye smøret, så kjem eg mest sansynlig til å døy i mangel på A og D vitamin!"
Og det veldig fascinerande i denne bransjen er at EU kun vil akseptere at Statens Næringsmiddeltilsyn nekter godkjenning av produkt med tilsettingar som innebærer helsefare.
Og konsekvensane av dette er jo komiske. Eg ser Libresse har vert kreative og reklamerar no for truseinnlegg med E-vitamin. For 10-15 kroner ekstra, er du no altså så heldig å få kjøpe eit truseinnlegg som er tilsatt ekstrakt av E-vitamin. Eg trur ikkje ein kan komme nærmare svindel i truseinnlegg-bransjen enn dette...
Men så har eg altså nett vert i Bulgaria, som jo er eit EU-land, og der er grensene tydeligvis enda mindre strenge. For dersom du ein varm sommardag treng noko å leske deg på, så kan du altså få kjøpt denne funksjonelle iste`en i butikken på hjørnet:

Ja, det er altså is-te tilsatt hasj, som kan love deg ein Natural relaxing feeling!
I rest my case..
Så er det på`an igjen..
Eg som trudde verden omsider hadde klart å gå vidare.
Eg som trudde avisene omsider skulle handle om viktige saker att.
Men akkurat idet eg trudde at våpenkvilen mellom narsissistane Ari Behn og Carl Erik Grimstad var over for godt, så ser eg Carl Erik lyse mot meg med eit sverd på framsida av Magasinet. Og eg forstår det er på`an igjen. Både Carl Erik og Ari syns nok at det har vert ufortjent stort fokus på skudd-dramaet i Tyskland og leir-raset i Namsos den siste tida. I ein SMS til "Eg trur på eit liv før døden" seier Ari Behn at han er glad for å på ny bli utropt til midtpunktet i universet (mest truleg av Leah Isadora Behn).
Eg kondolerar med resten av Narsissist-Norge: Sorry, i dei neste par vekene vert det lite fokus på dere.

Dyr bursdagshelsing...
Det er heilt sikkert meint som ein hyggelig gest. Men eg klarar ikkje heilt å bli glad når eg får eit flott bursdagskort frå Bjørdal Bil, tre år etter eg kjøpte bil der. Einaste eg klarar å tenke er: Pokker! Eg betalte altfor masse!
Halve verda for 100 kr
Eg og far min har ei lita datter.
Nja, det kan høyres suspekt ut, men det er heilt sant. Ho heiter Vasanti, er åtte år og bur i India. Som det seg hør og bør, så betalar me jo bidrag til ho, og i retur får me kjekke brev og teikningar, gjerne av familien hennar, skulen hennar eller av ei ku. Og då grip eg sjansen og tegnar attende - veldig ofte ei ku. Eg er skikkelig god på å tegne ku. Men nok om det - for det morsomme var at i forrige brev så takka ho for pengane og sa at denne gangen hadde ho fått hundre kroner til fri disposisjon. Og for den hundringsen, hadde ho kjøpt:
- Nye skuleklede til seg sjølv
- Nye klede til dei fire søskena sine
- Skulesaker av ymse slag
- Kokekar til ho mor
- 25 kg ris
- Ei geit (!)
Det er "dattera" si det!
Men eg trenger vel ikkje fortelje ho at eg kjøpte smågodt for 78 kr i dag?

Homofile & barn
Til alle som ligg søvnlause i frykt for at verden vert så ravgalen at til og med homofile kan få lov å adoptere ungar: Slapp av! Det kjem ikkje til å skje så lenge du lever.
For sjølv om norske myndigheter skulle få eit innfall av generøsitet og gje homofile rett til å verte vurdert som adoptivforeldre, er det få adoptivland som tillet homofile foreldre. Sidan eg sjølv er lesbisk, ville eg likevel satt veldig stor pris på om denne lovendringen kom, slik at eg dermed kunne verte frigjort frå å vere ein såkalla "uegna omsorgsperson". Det plagar meg. Men begrepet er interessant. "Manglande omsorgsevne". Ein ganske hard påstand, som rammar homofile og barn under 16 år. Altså; for å vere egna til å ta seg av eit barn, må du vere over 16 år og heterofil.
Eg trur homofile og barn-diskusjonen er hetero-samfunnets store dekkoperasjon. For viss me for alvor skal byrje å diskutere omsorgsevne, så trur eg det vil få alvorlige konsekvensar for folketalet her i landet. Kvifor er det til dømes ingen som set spørsmålteikn ved om kriminelle er egna som foreldre? Alle som har plettar større enn parkeringsbøter på rullebladet sitt, burde jo verte kastrerte på augneblinken! Deira haldningar og livsførsel kan ikkje vere til barnas beste. Eller kva med nazistar? Det fins register over desse, så det ville jo vere ein enkel sak å forby dei seksuell samkvem uten prevansjon. Eller toppidrettsutøvarar, popstjerner og politikarar på høgare plan, som årleg har over 25 reisedøgn. Er ikkje nærhet og tilstedeværing viktige faktorar i vurderingen av omsorgsevna? Og dersom seksuell praksis er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ikkje - kvifor slepp da sadomasochistar fri? Når dei skal vere snille med kvarandre, så slår dei jo! Men sjølvsagt slep dei fri, fordi seksuell praksis IKKJE er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ei.
Det er ingen menneskerett å ha barn. Og det ville gleda meg stort om me kunne begynne å ta hensyn til barnas beste. 40 000 barn vert mobba minst ein gang i veka på skulen. Det er ikkje fordi dei har homofile foreldre. Dersom eg eingang vert mor - og vert ei dårleg mor - så er det ikkje fordi eg elskar ei kvinne i staden for ein mann. Tvert imot. Det betyr at eg har teke kjenslene mine på alvor og kvar dag må eg ta konsekvensen av det. Å vere open homofil kjennes ofte som å vere eit eksotisk dyr i ein dyrepark. "Har du høyrt? Ho der er sånn...sånn lesbisk". Sanninga er at dei fleste av oss er langt mindre eksotiske enn alle andre. Me står opp tidleg om morgonen for å gjere ein god jobb for arbeidsgjevaren vår, me prøver å vere ei god dotter for foreldra våre, me vil vere gode vennar og naboar, lovlydige samfunnsborgarar og me betalar skatt for å finansiere barnehage og kontantstøtte til heldige foreldre. Av og til kjennes det urettferdig at samfunnet velsignar eit barn som er unnfanga i fylla på eit gatehjørne ein mørk haustkveld - mens eit stabilt og velfungerande homofilt par med solid økonomi og eit godt støtteapparat rundt seg, vert frateken muligheita til å gjere livet betre for eit gatebarn frå Guatemala.

Abonner på:
Innlegg (Atom)