Viser innlegg med etiketten Homofili til glede og besvær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Homofili til glede og besvær. Vis alle innlegg

Tankar som aldri må komme ut

Det er søndag og det er dagen derpå. Det er Pepsi Max og det er snus. Og det er tid for evaluering. Etter min debut på utelivsgalaien i Bergen, får eg dei forvirrande debut-tankane dagen derpå. Debut-tankar må snart få status som ein eigen sjanger, altså! Uansett kva ein debuterar med, så er det eit fantastisk forvirrande tankespekter som dominerar etterpå! Og det fascinerande er at ein i sånne situasjonar for det meste tenker: Kva tenker alle dei andre?  Men i påvente av at nokon snart skal finne opp applikasjonen "Bluetooth inn i hovudet på alle dei andre" på Iphone, startar eg heller med mine eigne tankar. Dette er sjølvsagt ein så livsfarleg eksponerande øvelse, at dette blogginnlegget offentleggjer eg aldri.

Spørsmål frå omgjevnadane: Blir du med på singelfest for lesber over 30 år i morgo?
Min første tanke: Singelfest? Eg?? Med berre lesber?  Eit desperat kjøttmarked, altså! Aldri i livet! Eg e da overhode ikkje interessert i å treffe nokon!
Men svarer: Kanskje det.
Også tenker: For det hadde da vert kjekt å treffe nokon..sånn litt? Eg må hugse på at eg har passert 30, og sidan det e nokon som arrangerar singelfestar for dei over 30, så betyr vel det...at me treng litt hjelp? At me er på dalande kurs i markedet?
Og endar med å svare: Blir med eg. Men eg e ikkje på jakt, altså!
For tenker: Det må da ALDRI komme ut at eg tenker sånn! Offisielt er eg full i sjølvtillit, har stålkontroll og tenker absolutt ikkje at eg kjem til å ende mine dagar på eit dobbeltrom på ein gamleheim, der eg sprekkfull i desperasjon blunkar til alle kvinnelige rullator-førarar med inkontinens og demens.


Spørsmål fra omgjevnadane ein halv time før me skal gå: Ka skal du ha på deg?
Impuls-svar, for ikkje å gje inntrykk av at eg har tenkt på saken i ein halv time: Det har eg ikkje tenkt på enda. Berre gå sånn?
Omgjevnad: Ok.
Men så tenker eg: Eg kan da ikkje gå sånn!! Tenk om sjølvaste HO plutselig står foran meg? Ho som Vår Herre hadde tenkt eg skulle dele resten av livet med? Dei seier at det skjer når ein minst ventar det. Men sidan eg tenker sånn, så blir det vel ikkje i kveld - for eg ventar det kanskje litt? Herregud, skjerp deg Gangsøy. Eg går berre sånn. Eg veit da vel inderlig vel at Vår Herre, spøkelset sjølv, aldri har lagt ein slagplan for kem eg skal dele livet med! Men sånn i tilfelle...? Jaja, eg tek på meg noko litt bedre.

Tankar foran speilet: Ser eg bra ut no? Eg har litt hår i nasen. Pleier damene å nappe ut dei? Det e jo vanvittig vondt! Har nokon nokongang sett på meg og tenkt: Herregud, så masse hår ho der har i nasen! Får nappe litt da..


Showet er i gang. Eg går inn døra på singelfesten. Tenker: Eg e litt redd. Tenk om ingen gidd å snakke med meg. Tenk om eg i kveld får bekrefta at eg ikkje er interesann for eit einaste menneske her inne? Og det må da vere botnen: Viss det på ein singelfest ikkje er eit einaste menneske som viser den minste interesse?

Møter første flotte dama. Tenker: Oh, baby! Ho der var da strålande flott! Eg må sjå ned. For all del - ikkje få augekontakt! Viss eg gir uttrykk for ka eg tenker, så blir eg jo sårbar tvert. For tenk om ho geipar tilbake! Og tenker: Ai, ai, ai, for ei øgli dame ho der var! Da ville det vert katastrofe om ho i tillegg skjønte at eg syns ho var flott!
Nei, skjerping igjen Gangsøy. Du kan ikkje gå rundt å tenke sånn. Hugs at du er full i sjølvtillit! Da har du råd til å vise andre at dei ser rå-bra ut!
Ender med å smile litt forsiktig. Tenker ironisk: Der ja...no forsto ho sikkert at eg nett prøvde å gje ho eit kompliment. Herregud så dårlig eg e på flørting.

Sitter i ein mørk krok, og hadde litt lyst å gå rundt å snakke med andre. Tenker: Tørr eg gå bort å berre begynne å snakke med nokon? Nei...men kanskje viss eg går meg ein liten tur, så er det nokon andre som tør å snakke med meg? Ja..prøver den. Men kor skal eg gå? På do? Ja. Må eg på do? Nei. Men kan late som. Går for den.
Går fort gjennom lokalet. Ingen dokø. Går inn. Går ut att. Går fort tilbake til plassen min. Tenker ironisk igjen: Godt jobba Gangsøy! Det der var ein usedvanleg god taktikk, og eit godt initativ til å bli kjent med nokon! Herregud...

Ei flott dame kjem bort og spanderar ei cider. Tenker: Til meg?? Gjer ho sånn med alle? Eller syns ho eg virkar hyggelig? Da må eg sei noko ufattelig morsomt i retur! Da må eg bevise at eg er hyggelig! Ka i alle dagar skal eg sei? Spørre ka ho jobbar med? Tenk om ho ikkje jobbar med noko? Spørre om ho har hatt ein fin kveld da? Nei, det er eit ja/nei spørsmål - som journalistelev på ein folkehøgskule har eg da lært at eg ikkje skal stille ja/nei spørsmål! Men no må eg komme på noko fort i ein fei, altså. Tida går, og denne stillheten vart ubehagelig! Skal eg berre late som eg er kul og laidback, istadenfor?  Men da står eg i fare for å virke avvisande. Og eg er jo ikkje det! Har fryktelig lyst å snakke med ho - men MÅ sei noko kult!
Drikker cideren i ein fei. Tenker: Alkohol er overvurdert. Blir ikkje så morsom av det, eg..No tenker ho nok at ho har lyst å gå. Og at den drøye femtilappen på ein cider var eit bomkjøp.

Und so weiter...
Iallefall bra ingen veit at eg tenker sånn.

Værsegod, Den Norske Kyrkje!

Sjølv om eg verken sit på fremste rad eller står på lønningslista til Den Norske Kyrkja, så vil eg gjerne bidra med ei handsrekning - heilt gratis! Eg har nemleg ein perifer bekjent som har eit nært forhold til sin Gud, og ho ynskjer å få ei velsigning, før ho inngår ekteskap med den nye kona si. Biskopen seier nei til dette, og begrunner det med at det ikkje fins ein liturgi tilpassa denne anledninga. Dette kjem ikkje som ei bombe på meg. Det meste eg har høyrt i Kyrkja, er klipt og limt frå den 2000-år gamle boka. Kreativitet og nytenking står heller ikkje som kriterium i utlysningstekstane til biskop-stillingane. Difor skal eg herved, med den største glede, bidra til å løyse dette mikroskopiske problemet, slik at Anne-Mari & Gøril får forbønna si:

Forslag til liturgi for homofile tilfeller av djup kjærleik i kyrkja -->

Kjære brudepar!
Så fantastisk flott at dokke har komt hit i dag, for å bli via til ektepar!
Sjølv om det er fullstendig unødvendig, vil eg gjerne minne dokke på at det er ei stor og viktig hending når to mennesker velgjer å leve saman i eit ekteskap. I dag lovar dokke kvarandre støtte og samhold i alle livets forhold, både i medgang og motgang. Og dokke lovar kvarandre kjærlighet og truskap. Dette er det vanskeligaste løfte dokke kan gje eit menneske! Det krev enorm raushet og respekt, og det krev ein oppriktig vilje til å strekke seg veldig langt for å vere den støtta dokke treng i kvarandre. Ved å inngå eit ekteskap, blir dokke ein enhet - men dokke er fortsatt to sjølvstendige og likestilte mennesker. Og det er ingen verdens motsetning mellom djup og varm kjærlighet på den eine sida, og frihet og sjølvstendighet på den andre sida. Å elske, betyr å syne respekt for kvarandre! Skulle dokke nokon gang komme i den situasjonen at dokke ikkje lenger kan gje kvarandre dette, så har dokke mi fulle velsigning til å velgje ein anna veg. Men i dag står dokke her å lover å elske og ære kvarandre til døden skiller dere ad -  og det er eit forbanna godt utgangspunkt! Meir kan ingen kreve.

Så da spør eg deg, brud 1:
Vil du ha brud 2, som står ved di side, til di ektefelle?
(Antek at svaret er ja)
Så spør eg deg, brud 2, vil du ha brud 1 som står ved di side til di ektefelle?
(Antek nok ein gang at svaret er ja)
(Set gjerne inn dei autentiske namna istadenfor brud 1 & 2, for ein meir personlig touch!)

Strålande! Da er me enige! Og eg erklærar dokke herved for ekte ektefolk! Klin til!


Eg håpar ikkje Den Norske Kyrkje no kjenner seg støtt av at den unnskyldningen dei har brukt dei siste 3-4 åra, herved var løyst på ein snau time...

Ein liten spurv innerst inne

Ei ung jente sendte meg ein mail i dag. Ho trengte litt råd, for ho trudde kanskje ho var blitt forelska i ei jente. Så korleis var det å vere homofil? Det såg så lett ut for meg, meinte ho, så eg hadde sikkert gode råd? Kunne ho fortelle det til foreldra sine? Burde ho vente til ho var heilt sikker?
- Korleis blir eg sikker, forresten?

Eg kjente eg vart kvalm. Uvel frå ytterste hårstrå til tåa lengst vekke. Kvalm, fordi denne unge jenta må tenke desse tankane.

Samfunnet har endra seg mykje dei siste tiåra, når det gjeld syn på homofili. Frå å vere forbudt ved lov til 1972,  via å vere ein sjukdomsdiagnose, til å bli velsigna med retten til å inngå ekteskap i 2009. Det er strålande. Men for ein ung gut eller ei ung jente, er det framleis like fryktinngytande skremmande å kjenne på desse følelsane for første gang. Fordi dei forstår fort at dette ikkje er noko dei kan velgje. Ingen kan styre følelsar. Og eg unner ingen den erkjennelsen.

Misforstå meg ikkje; Eg opplever det som svært lite problematisk å vere homofil. Eg tenker sjelden på det. Sånn er eg - ferdig. Men likevel, så unner eg faktisk ingen andre å leve sånn. Tenk på den unge jenta: Innerst inni kjenner ho på gode følelsar for veninna si. Det kriblar lunt og varmt, men det heng ein skugge av frykt over sommarfuglane. Ein frykt for ikkje å bli akseptert. Sjølv tenkte eg tidlig at eg må vere ekstra flink på skulen, eg må vere ekstra snill og grei, eg må vere ekstra god i fotball og eg må gjere ein ekstra god jobb. For den dagen eg skal fortelle verda at eg er homo, så må eg ha litt ekstra å gå på. Ein tabbekvote. Det er som når du står oppreist, og nokon kjem bak deg og med foten gir deg ein liten dytt i kneet - da er det  umulig å unngå ein knekk. Og homofili-genet (for det er eg ekstra sikker på at det er) har ein høgrefot som står  parat til å gje sjølvtillitskneet ein liten knekk. For det å ikkje bli akseptert for den du er, på grunn av noko du ikkje kan gjere noko med, er ein frykt som aldri forsvinn.  I mangen, mangen år har eg førebudd meg på dei vanskelege samtalane med mennesker eg er glad i. Samtalane der eg er nødt å stille ydmyk og sårbar kvar einaste gang, og vere førebudd på at alt kan skje etter at eg har fortalt kven eg egentleg er. Ein må stå med lua i handa foran venner, foran foreldre, søsken, lærarar, slekt, arbeidsgjevar, kollegaer, naboar, foran lege og prest. Og ein tenkjer kanskje at det blir lettare og lettare for kvar gang, men faktum er at ein vert meir sliten og lei for kvar einaste gang. Fordi at ein kjenner så tydelig kor sårbar ein er. Og ekstra tydelig er høgrefoten mot kneet, viss andre må ta konsekvensen av den eg er. Viss til dømes min homofile partner har eit barn, som ovenfor sin omgangskrets må stå til rette for mine følelsar. Kan du tenke deg frykten for at eit barn ikkje skal bli akseptert for den du er?

Den unge jenta skal eg passe på får all den hjelpen og støtten ho treng. Ho skal nok klare det fint. Dette innlegget er heller meint som eit ønske om å minne alle på kor viktig det er å akseptere andre sånn som dei er. Du har ein makt over andre mennesker, voksne som barn, for sjølv den største og sterkaste er ein sårbar spurv innerst inne. Som vil bli likt, til og med elska, for den han eller ho er. Og det kan vere alt i fra eit menneske som har tatt nokon feil valg, til mennesker med angst eller psykiske problem, til autistar, utlendingar, transvestittar, til dei med rusproblem, til dei som berre er kronisk dumme, arrogante, sjølvopptekne og late, til dei med dysleksi, afasi eller edderkoppangst, til dei mørkeredde, dei klønete, dei som er for lange eller for breie, dei som likar hest og dei som likar hornmusikk - berre aksepter dei, vær så snill.

Lesbisk laurdagskos

No tenkjer eg du er spent, ja! ;-)

Ein fullkommen og komplett laurdagskveld for oss består av ei flaske vin, to stearinlys - og ein flatpakka kommode. Me har begge to, på eit tidleg tidspunkt i livet, måtte svelgje at draumen, nemleg tre år på maskin og mek/tømrarfag, måtte velgjast vekk fordi det ikkje sømde seg. Som Ari Behn ville sagt det: Vi ble tvinget ut i allmenne fag, det var som en ørkenvandring i konformitet, en iskald og ensom tur over Sørpolen, uten lammefrikassè og vin." Øhh...men iallefall:

Heldigvis trengte dattera i huset ein ny kommode til badet sitt, så då var det berre å reise ut å finne det mest kompliserte kinder-egget i bygda! Og som to småungar foran mjølkedisken til Tine, kastar me oss over det flatpakka vidunderet og diskuterar som vanleg kven som skal vere byggherre denne gang. Ein diskusjon som forøvrig aldri vert avgjort.
Så følgjer timar med skruing, vindrikking, limsøl, diskusjonar om bruksanvisningen kan vere feil, sussing - og proporsjonalt med at me forsvinn ned i vinflaska dukkar fantasiane opp om me kanskje kan klare å byggje eit fly eller ein lenestol av kommode-delane!!

Ei sånn økt innheld alt ein laurdagskveld mellom to kjærestar skal innehalde: Være rause med kvarandre (les: dele på den beste stjerneskrutrekkaren), samarbeide (les: holde mirakelet isammen mens den andre skrur), forstå det sosiale spelet (les: vere einerådande byggherre utan at den andre føler seg underlegen), romantikk (les: sussing mellom sponplater og til-overs-skruar), underhaldning (les: vin og lim) og sist, men ikkje minst: Mestringsopplevelsen av å byggje og lage noko sammen!

Homlene

Den observante lesar har fått med seg at det har skjedd dramatiske endringar i dekoren på denne sida - frå ein kommunegrå bakgrunn til homler i fri dressur. Og eg ville gjerne få dedikere bakgrunnen til volleyball-laget Homlene i Stavanger. I januar 2000 gjorde dette homofile volleyball-laget eit kraftig inntrykk på mitt den gang unge og ubesudla sinn. Eg flytta til Stavanger i januar 2000 for å finne ut om eg virkelig var homo eller ikkje. Tidspunktet var ikkje tilfeldig valgt, ettersom det lengje hadde versert rykter om at jorda skulle gå under i 2000. Eg tenkte det var ein vinn-vinn situasjon for eit slikt prosjekt. Så eg troppa opp på første trening, og mitt største kultursjokk var eit faktum. Mi røynsle med volleyball var frå ungdomsskulen, der gutane sto fremst og smasha ballen knallhardt, mens jentene sto bakerst på linja og måtte gå eit steg fram for å få underhands-serven over.

Her var det heilt omvendt. Mot meg kom det første homofile menneske eg nokon gong hadde sett i levande live, svakstrøms-eletrikar Hjørdis. Og resten av frontrekka besto av velfødde og stramme lesbe-smash`arar, som til og med den mest garva gymsal-parketten hadde grunn til å frykte. Bakerst sto gutane å øvde på ballett-piruettar. Eg vart heilt satt ut. Det føltes som verden var opp-ned, og ein gymsal med kun homofile mennesker var noget spesielt for ei lita jente frå ei grisgrendt vestlandsbygd.

Dagens moral?
- unge og ubesudla sinn har godt av å bytte miljø
- verda går ikkje under om du finn ut du er homo
- vedkommande som kom på at verda kom til å gå ad dundas i 2000, MÅ vere tidenes største DramaQueen!
- det er alltid sunt å gje ein tradisjonell øvelse (t.d volleyball) eit nytt innhald (t.d ballett)
- stereotyp tankegang, som t.d at lesber er butche og ofte svakstrøms-eletrikarar, er heilt sann.
- å plutselig ha berre homoar rundt seg er det samme som å plutselig berre ha heteroar rundt seg - berre at det siste er mest vanlig.
- det er ofte litt bedre plass, både fysisk & psykisk, i ein by enn på Vestlandet. Må det virkelig vere sånn?
- Homler er fine dyr.

Kaker & 17.mai

Det er så mange fordommar mot homofile!!

Til dømes er det svært mange som trur at ettersom me er to kvinner i denne husstanden, så er me ekstra flinke til å bake. Det er spesielt lokale lag og organisasjonar som driv denne fordømminga mot oss, og til stadighet dukkar det opp førespurnadar om me ikkje kan bake ei kake eller ti. Dette er svært belastande for oss, ettersom me begge ligg under landsgjennomsnitt i husmorfag og ved gjentatte høver har vist spesielt svekka evner i å vurdere når ei kake er ferdig steikt.

Og det manglar ikkje på dømer. På påskerennet i Solnørdalen i fjor var det mange smårollingar som gjekk rundt med eit stykke rå sjokoladekake med non-stop på. I juleselskapet til tante Gerd var katastrofa eit faktum idet kaka skulle skjærast opp rett før servering. Rå. Og ved den årlige pinsegudstjenesta ved Hovdevatnet fekk me kakefatet vårt igjen etterpå - like fullt som det var når me leverte det. Og natt til 17.mai, når skuffekaka til barneskulen var klar til pynting og oppskjæring, måtte me nok ein gang konstantere at me hadde skuffa med skuffekaka. Rå.

Men me har jo lært av desse feila. Alt går jo bra inntil steikingen. Så som ny rutine, så er me no alltid to når me skal vurdere om kaka er ferdig steikt – og dersom me begge er enig om at «Jo, no er den klar», så lar me den stå i ytterligare ein halv time. Den prosedyren fekk me testa ut forrige gang Malene skulle ha jentefest på loftet og hadde spurt om å få brownies. Når me da satte kniven i kaka, for oppskjæring - pulveriserte heile mesterverket seg i svartsvidde kakesmular over heile golvet...

Men me trur det har skjedd ei haldningsendring i samfunnet vårt mot lesbiske husstandar. Det er idag den 16.mai og me har enda ikkje fått ein einaste henvending angåande kakebaking!

Hårre Reite ded!

I Ørsta går det fritt rundt ein kar som heiter Hans Reite, og han er altså sjølvoppnemnt pastor for ei menigheit som kallar seg "Nytt Livs Senter". Ved sidan av er han hovudbidragsytar til lokal-avisa vår sin lesarinnlegg-spalte. Der sprer han sin evige jamring om jordas undergong ut til sambygdingane mine, og har som hovudinteresse å fordømme medmenneskene sine. Særskilt går det hardt utover dei homofile, som vanlegvis får skulda for at samfunnet vårt er i ferd med å råtne på rot. Ettersom eg har vert i Danmark dei siste ni månadane, har eg ikkje fått høve til å svare på tiltale. Derimot har den glimrande skribenten Kjetil Aarseth vert flittig til å sende gallen i retur. Det er desverre ein Urias jobb, så eg håpar eg kan bidra litt meir når eg no snart kjem heim. For som eg har fortalt han før:

GLEDA VED HOMOFILI

Den sterke vil på den svake hakke,
og lagar gjerne ein ekstra motbakke.
Han tek sine ord direkte ifrå Gud,
og gjev homofile gåsehud!

Eg les i avisa at eg ikkje er rett,
vert dømt av ein kar eg aldri har sett!
Eg belastar min familie og må snarast snu.
på andre sida ventar skrekk og gru!

Eg bør vel med skam i augo sjå mot jord,
under overmaktas høgmoralske ord.
Men mor mi seier eg er ein dyrbar skatt,
så eg bryr meg lite om ein homofilidebatt!

For med gudsordet framom og bjørkeriset bak,
får ein sjeldan framgang i si sak.
La trua heller gje tryggleik og styrke,
å dømme andre må vere eit strevsamt yrke.

Men gjev det deg glede,
tek eg gjerne imot all innestengt vrede.
Eg lev livet slik eg meinar er rett,
på sanninga har ingen opphavsrett.

Eg tenkjer: "Det skal bra godt brenne og svi,
for å oppheve gleda ved homofili!"
Eg brenner gjerne i svovel og eld,
for kvinnekyss ein lukkeleg kveld!

Men ei trøyst kan eg gje til Reite & co,
på dommens dag må ein svare for eige blod.
Du vert ikkje straffa for min homofili,
så difor kan du la det gå deg forbi.

La pennen få kvile og gå til ro,
det er ikkje meir å skrive om no.
La oss tru på Livet, Gud eller Titten Tei,
ingen veit kven som hist ved floden seier hei!

Homofile & barn

Til alle som ligg søvnlause i frykt for at verden vert så ravgalen at til og med homofile kan få lov å adoptere ungar: Slapp av! Det kjem ikkje til å skje så lenge du lever.

For sjølv om norske myndigheter skulle få eit innfall av generøsitet og gje homofile rett til å verte vurdert som adoptivforeldre, er det få adoptivland som tillet homofile foreldre. Sidan eg sjølv er lesbisk, ville eg likevel satt veldig stor pris på om denne lovendringen kom, slik at eg dermed kunne verte frigjort frå å vere ein såkalla "uegna omsorgsperson". Det plagar meg. Men begrepet er interessant. "Manglande omsorgsevne". Ein ganske hard påstand, som rammar homofile og barn under 16 år. Altså; for å vere egna til å ta seg av eit barn, må du vere over 16 år og heterofil.

Eg trur homofile og barn-diskusjonen er hetero-samfunnets store dekkoperasjon. For viss me for alvor skal byrje å diskutere omsorgsevne, så trur eg det vil få alvorlige konsekvensar for folketalet her i landet. Kvifor er det til dømes ingen som set spørsmålteikn ved om kriminelle er egna som foreldre? Alle som har plettar større enn parkeringsbøter på rullebladet sitt, burde jo verte kastrerte på augneblinken! Deira haldningar og livsførsel kan ikkje vere til barnas beste. Eller kva med nazistar? Det fins register over desse, så det ville jo vere ein enkel sak å forby dei seksuell samkvem uten prevansjon. Eller toppidrettsutøvarar, popstjerner og politikarar på høgare plan, som årleg har over 25 reisedøgn. Er ikkje nærhet og tilstedeværing viktige faktorar i vurderingen av omsorgsevna? Og dersom seksuell praksis er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ikkje - kvifor slepp da sadomasochistar fri? Når dei skal vere snille med kvarandre, så slår dei jo! Men sjølvsagt slep dei fri, fordi seksuell praksis IKKJE er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ei.

Det er ingen menneskerett å ha barn. Og det ville gleda meg stort om me kunne begynne å ta hensyn til barnas beste. 40 000 barn vert mobba minst ein gang i veka på skulen. Det er ikkje fordi dei har homofile foreldre. Dersom eg eingang vert mor - og vert ei dårleg mor - så er det ikkje fordi eg elskar ei kvinne i staden for ein mann. Tvert imot. Det betyr at eg har teke kjenslene mine på alvor og kvar dag må eg ta konsekvensen av det. Å vere open homofil kjennes ofte som å vere eit eksotisk dyr i ein dyrepark. "Har du høyrt? Ho der er sånn...sånn lesbisk". Sanninga er at dei fleste av oss er langt mindre eksotiske enn alle andre. Me står opp tidleg om morgonen for å gjere ein god jobb for arbeidsgjevaren vår, me prøver å vere ei god dotter for foreldra våre, me vil vere gode vennar og naboar, lovlydige samfunnsborgarar og me betalar skatt for å finansiere barnehage og kontantstøtte til heldige foreldre. Av og til kjennes det urettferdig at samfunnet velsignar eit barn som er unnfanga i fylla på eit gatehjørne ein mørk haustkveld - mens eit stabilt og velfungerande homofilt par med solid økonomi og eit godt støtteapparat rundt seg, vert frateken muligheita til å gjere livet betre for eit gatebarn frå Guatemala.