Det er søndag og det er dagen derpå. Det er Pepsi Max og det er snus. Og det er tid for evaluering. Etter min debut på utelivsgalaien i Bergen, får eg dei forvirrande debut-tankane dagen derpå. Debut-tankar må snart få status som ein eigen sjanger, altså! Uansett kva ein debuterar med, så er det eit fantastisk forvirrande tankespekter som dominerar etterpå! Og det fascinerande er at ein i sånne situasjonar for det meste tenker: Kva tenker alle dei andre? Men i påvente av at nokon snart skal finne opp applikasjonen "Bluetooth inn i hovudet på alle dei andre" på Iphone, startar eg heller med mine eigne tankar. Dette er sjølvsagt ein så livsfarleg eksponerande øvelse, at dette blogginnlegget offentleggjer eg aldri.
Spørsmål frå omgjevnadane: Blir du med på singelfest for lesber over 30 år i morgo?
Min første tanke: Singelfest? Eg?? Med berre lesber? Eit desperat kjøttmarked, altså! Aldri i livet! Eg e da overhode ikkje interessert i å treffe nokon!
Men svarer: Kanskje det.
Også tenker: For det hadde da vert kjekt å treffe nokon..sånn litt? Eg må hugse på at eg har passert 30, og sidan det e nokon som arrangerar singelfestar for dei over 30, så betyr vel det...at me treng litt hjelp? At me er på dalande kurs i markedet?
Og endar med å svare: Blir med eg. Men eg e ikkje på jakt, altså!
For tenker: Det må da ALDRI komme ut at eg tenker sånn! Offisielt er eg full i sjølvtillit, har stålkontroll og tenker absolutt ikkje at eg kjem til å ende mine dagar på eit dobbeltrom på ein gamleheim, der eg sprekkfull i desperasjon blunkar til alle kvinnelige rullator-førarar med inkontinens og demens.
Spørsmål fra omgjevnadane ein halv time før me skal gå: Ka skal du ha på deg?
Impuls-svar, for ikkje å gje inntrykk av at eg har tenkt på saken i ein halv time: Det har eg ikkje tenkt på enda. Berre gå sånn?
Omgjevnad: Ok.
Men så tenker eg: Eg kan da ikkje gå sånn!! Tenk om sjølvaste HO plutselig står foran meg? Ho som Vår Herre hadde tenkt eg skulle dele resten av livet med? Dei seier at det skjer når ein minst ventar det. Men sidan eg tenker sånn, så blir det vel ikkje i kveld - for eg ventar det kanskje litt? Herregud, skjerp deg Gangsøy. Eg går berre sånn. Eg veit da vel inderlig vel at Vår Herre, spøkelset sjølv, aldri har lagt ein slagplan for kem eg skal dele livet med! Men sånn i tilfelle...? Jaja, eg tek på meg noko litt bedre.
Tankar foran speilet: Ser eg bra ut no? Eg har litt hår i nasen. Pleier damene å nappe ut dei? Det e jo vanvittig vondt! Har nokon nokongang sett på meg og tenkt: Herregud, så masse hår ho der har i nasen! Får nappe litt da..
Showet er i gang. Eg går inn døra på singelfesten. Tenker: Eg e litt redd. Tenk om ingen gidd å snakke med meg. Tenk om eg i kveld får bekrefta at eg ikkje er interesann for eit einaste menneske her inne? Og det må da vere botnen: Viss det på ein singelfest ikkje er eit einaste menneske som viser den minste interesse?
Møter første flotte dama. Tenker: Oh, baby! Ho der var da strålande flott! Eg må sjå ned. For all del - ikkje få augekontakt! Viss eg gir uttrykk for ka eg tenker, så blir eg jo sårbar tvert. For tenk om ho geipar tilbake! Og tenker: Ai, ai, ai, for ei øgli dame ho der var! Da ville det vert katastrofe om ho i tillegg skjønte at eg syns ho var flott!
Nei, skjerping igjen Gangsøy. Du kan ikkje gå rundt å tenke sånn. Hugs at du er full i sjølvtillit! Da har du råd til å vise andre at dei ser rå-bra ut!
Ender med å smile litt forsiktig. Tenker ironisk: Der ja...no forsto ho sikkert at eg nett prøvde å gje ho eit kompliment. Herregud så dårlig eg e på flørting.
Sitter i ein mørk krok, og hadde litt lyst å gå rundt å snakke med andre. Tenker: Tørr eg gå bort å berre begynne å snakke med nokon? Nei...men kanskje viss eg går meg ein liten tur, så er det nokon andre som tør å snakke med meg? Ja..prøver den. Men kor skal eg gå? På do? Ja. Må eg på do? Nei. Men kan late som. Går for den.
Går fort gjennom lokalet. Ingen dokø. Går inn. Går ut att. Går fort tilbake til plassen min. Tenker ironisk igjen: Godt jobba Gangsøy! Det der var ein usedvanleg god taktikk, og eit godt initativ til å bli kjent med nokon! Herregud...
Ei flott dame kjem bort og spanderar ei cider. Tenker: Til meg?? Gjer ho sånn med alle? Eller syns ho eg virkar hyggelig? Da må eg sei noko ufattelig morsomt i retur! Da må eg bevise at eg er hyggelig! Ka i alle dagar skal eg sei? Spørre ka ho jobbar med? Tenk om ho ikkje jobbar med noko? Spørre om ho har hatt ein fin kveld da? Nei, det er eit ja/nei spørsmål - som journalistelev på ein folkehøgskule har eg da lært at eg ikkje skal stille ja/nei spørsmål! Men no må eg komme på noko fort i ein fei, altså. Tida går, og denne stillheten vart ubehagelig! Skal eg berre late som eg er kul og laidback, istadenfor? Men da står eg i fare for å virke avvisande. Og eg er jo ikkje det! Har fryktelig lyst å snakke med ho - men MÅ sei noko kult!
Drikker cideren i ein fei. Tenker: Alkohol er overvurdert. Blir ikkje så morsom av det, eg..No tenker ho nok at ho har lyst å gå. Og at den drøye femtilappen på ein cider var eit bomkjøp.
Und so weiter...
Iallefall bra ingen veit at eg tenker sånn.
Viser innlegg med etiketten Sosialt sjølvmord. Vis alle innlegg

Dette er ikkje meg!
(Gjer merksam på at dette innlegget har 18 års aldersgrense..)
Alt skal lærast. Det er jo fascinerande..og på mine 31 år har eg lært ein del. Men kvar gang eg er rundt søstra mi, gir ho meg revolusjonerande ny innsikt - spesielt innanfor sjangeren Feminitet. Og som kvinne kunne eg fort fått følelsen av at "Dette burde eg kunne fra før", men takka vere hennar ypperlige pedagogiske evner, kjem eg ikkje på den følelsen...iallefall ikkje før etterpå. Men i helga var eg utsatt for ei brutal læringsøkt!
- Camilla, har du vert på ein profesjonell BH-butikk?
- Unnskyld?
- Ja, ein sånn årntli undertøysbutikk, der du får hjelp til å finne ein BH som passar perfekt?
- Ehh..nei. I kolleksjonen min har eg to amme-BH`ar, og ettersom eg aldri har amma, så illustrerar vel det at akkurat BHar kjøper eg i ein fei, utan særlig omtanke og utan profesjonell hjelp.
- Ja, dei ser litt slappe ut..
- No er du i beste fall brutalt ærlig, altså!
- Ja, søskenkjærlighet fortonar seg sånn, kjære! Men da skal eg ta deg med på ein god butikk, for det gjer seg med ein skikkelig BH!
Og søstra mi rir den dagen ho salar. Så eit par timar seinare, sto eg utanfor ein sånn såkalla "årntli BH butikk".
- Dette tørr eg ikkje, Hildegunn. Eg er redd..
- Neida, viss det blir ubehageleg, så kan du berre tenke "Dette er ikkje meg".
- Ok. Dette er ikkje meg.
Og livet mitt passerte i revy, når eg sto foran den smellvakre ekspeditrisa og Hildegunn introduserte meg:
- Dette er søstra mi. Ho treng ein skikkelig BH.
Det var som om eg ikkje var der. Eg sa ikkje ein pip, tenkte berre "Dette er ikkje meg"
- Det skal ho få.
Og plutselig var showet i gang. På brutalt vis, åpna ekspeditøren jakka mi ,og stirra utan blygsel på puppane mine, sånn berre ein bergensar kan gjere det!
- Ho er ein D. Prøv denne!
Og før eg rakk å tenke "Dette er..:", sto eg med eit eksemplar av ein D i handa, og vart geleida inn på prøverommet. Eg pusta djupt eit par gangar, og tok av meg T-skjorta. Vart akutt flau over lindex-BHen eg hadde på meg og gjøymte den under t-skjorta. Hekta på meg det nye eksemplaret, og eg hadde ikkje før fått stroppene på plass, før forhenget vart dratt til side, og 1 stk ekspeditør, 2 stk tanteungar, 1 stk lattermild søster, samt eit ukjent antal stk tilfeldig forbipasserande studerte meg! Og før eg igjen rakk å tenke "Dette er ikkje meg!", var hendene til ekspeditøren laaangt innanfor intimsfæra mi. Her var det ikkje snakk om forspill, altså! Med eit grepa tak, konstanterte ho at 70 nok var bedre enn 75, og vips sto ho klar med eit nytt eksemplar, denne gang av typen overdimensjonerte blonder. Eg høyrte eg gispa etter luft, men turte fortsatt ikkje sei ein pip, så eg tok berre imot. Heilt matt. Fekk dratt for forhenget igjen, og i brennevinsfart bytta. Klok av skade.
- Sjå der, ja! Den satt.
Eg pusta letta ut, uendeleg takknemmelig for at eg slapp billigare unna denne gangen. Men kva betydde egentlig dette, tenkte eg? Eg må jo kjøpe blonde-spetakkelet no! Ho har sett meg topplaus, brutalt befølt meg og antasta meg mentalt! På eit merkelig vis, kjenner eg meg sterkt forplikta til å kjøpe denne BH`en...Er det sånn Stockholm-syndromet føles som? At ein får sympati med sin overgripar??
- Jaa...eg tek han eg..
- Flott. 641 kr.
Med ein absurd ute-av-meg-sjølv-følelse, drog eg kortet, akkompagnert av søstra mi sin fliring i bakgrunnen. Og tidenes dyraste BH låg i posen, pakka inn som om den skulle vert knuselig.
Eg gjentek: Brutal læringsøkt...

Spenol er ut!
Eg las ein plass at det er svært sunt for kropp og sjel å utsette seg for uvante opplevingar.
Gjerne skremmande og skumle opplevingar, der både fysikk og psyke blir utfordra!
For å finne ut kor langt du kan strekke deg - i alle retningar - før du klappar sammen!
Og som ut av det blå - fekk eg min sjanse! Min sjanse til å virkelig teste grensene mine!
Eg fekk ein invitasjon til ei heilt spesiell oppleving, og eg skjønte intuitivt at: "Denne sjansen må du ikkje la gå frå deg, unge Gangsøy!" Så eg heiv meg rundt og vart med.
Og plutselig satt eg der: På eit hudpleiekurs.
Saman med seks andre smellvakre kvinner i sin beste alder!
Eg svetta.
Foran meg låg eit speil, ein paljett - og ei rosa toalettveske.
Eg vart redd.
Så skulle eg fylle ut kortet mitt og svare på intrikate spørsmål om hudtype.
Eg fekk jernteppe.
Og når forelesningen starta, kjente eg at eg var heilt på grensa av kva eg kan tåle, både fysisk og psykisk.
For min erfaring med teori, er at eg pleier å sluke den ganske rått. Så når den vannlilje-vakre læraren spurte oss kva kollagen var, rakk eg opp handa tvert! Følte meg på heimebane, for kollagen er jo eit protein frå bindeveva til pattedyr! Og ysting startar med å få mjølka til å skilje seg, altså koagulere mjølkeproteinet kasein og få danna ein gel som innesluttar fettet! Heilt basis ostekunnskap!
Men eg vart avvfeia med eit: "Nei, det er feil. Kollagen er eit anti-wrinkle-serum."
Hæ??
Og resten av teorien skjønte eg ikkje ein pøkk av! Sjølvtilliten rann vekk, som mjølk i nedoverbakke.
Det einaste eg skjønte, var at eg hadde via altfor lite tid på huda mi, dei siste 31 åra. Eg fekk akutt dårlig samvittighet, for ikkje å ha peela den ofte nok med TimeWise 3-in-1 cleanser, smurt den morgon, kveld og natt med TimeWise age-fighting moisturizer eller tilstrekkeleg beskytta den med TimeWise Day solution Sunscreen SPF25! Eg har heller aldri vist huda mi såpass kjærleik, at eg har smurt den inn med TimeWise Night Solution, ein heilt obligatorisk kvinne-hudkrem til 530 kr for 29 ml.
Den stakkars huda mi har kun fått Spenol, og nærmare mishandling av hud, kan du ikkje komme! Eg turte sjølvsagt ikkje seie det høgt. Eg turte heller ikkje seie at eg ein gang opplevde at huda mi var silkemjuk: Nemleg den gangen eg var på fottur i fjellet i ei veke, uten verken dusjing eller vasking. Teorien min den gang var at den finaste kosmetikken kom innafra! Men eg holdt klokelig kjeft om det i dette forumet..
Men eg overlevde kvelden!
Det er fantastisk fascinerande å møte mennesker som kan absolutt alt, om noko eg kan absolutt ingenting om! Utrulig bra, at me er skrudd saman så forskjellig, at det alltid er nokon som finn interesse i å fordjupe seg i ein nisje! Det alle minste og særaste fagområdet i verda, har minst eit par tilhengarar, som med den største glede og entusiasme, fordjupar seg i det. Også er dei klar til å formidle dette til oss andre uvitande.
Også er det heilt sant at ein kjem styrka ut av alle skremmande og skumle opplevingar. Og at ein tåler meir enn ein skulle tru ;-)

Rosa beige
Det fins ein første gang for alt. Det var ein gang eg aldri hadde prøvd å sitje på eit toalett. Det var ein gang eg aldri hadde hatt eit einaste banneord i min munn. Og det var faktisk ein gang ingen i heile verda hadde smakt ein kvitost. Tenk det.
Men i ein alder av 30 år, er det vel ytterst få av det kvinnelege kjønn som med handa på hjertet kan seie: "Eg har aldri sminka meg". Men eg er ein vaskekte ytterst få.
Det starta med at eg las Se & Hør. Der hadde dei ein bildeserie av kjendisar før og etter sminking. Før-bildene såg sjølvsagt ikkje ut i måneskinn, og hjå enkelte var det komplett umulig å sjå kven vedkommande var. Og eg lo godt. Men så var det nett som om eg ikkje syns det var så morsomt lengjer. For det slo meg..."Hmm..det fins jo ingen etter-bilder av meg. Heile meg fins berre i før-bilder. Riktignok kjøpte eg ein Mascara på H&M for sju år sidan, men konsistensen på den beviser at det er ytterst sjeldan den er i bruk. Eg trur ikkje nokon har komt på å ta eit etter-bildet etter at eg har sveiva den stive, størkna busta over augene..."
Og ettersom det er under tre veker til eg står som brud (!), så tenkte eg kanskje at dette var ein hastesak. Men korleis gjer eg det? Kva skal eg smørje på meg? Eg hugsar at eg var på eit parfymeri ein gang for å kjøpe ein krem som julegåve. Eg labba inn der, med den breie manne-gangen min og dongeribuksa, og vart fullstendig oversett av betjeningen. Når eg omsider fekk kontakt med ei høghæla sminkedokke, framførte eg den enkle tanken min:
-Hei. Eg skulle hatt ein krem.
- Til?
- Ehh, nei det var no ei svigerinne som ønskte seg det da.
(Sminkedokka sukkar oppgitt)
- Jeg mener til hvor på kroppen!
- Å..eh, til ansiktet!
- Dag eller natt?
- Unnskyld?
- Skal det vere dagkrem eller nattkrem?
- Brukar ein krem om natta?? Hø,hø, nei eg satsar på ein dagkrem.
- Hvilken hud da?
- Eh...nei, det er no sånn vanlig ansiktshud...
- Jeg må vite om hun har tørr, fet eller vanlig hud!
- Sidan ho treng ein krem, så er den vel litt tørr...?
- Anti-wrinkle, Q10, oppstram eller toning?
- I alle dagar...eg trur eg tek eit gavekort eg.
Så som dykk forstår, så hadde eg ikkje sjølvtillit til å gå på eit parfymeri. Eg trengte eit lavterskel-tilbud: Cubus. Og traff heldigvis den mest forståelsesfulle og elskverdige ekspeditøren, som på eit mystisk vis berre forsto kva eg trengte utan at eg måtte forklare saken spesielt nøye...Og vips sto eg der med ein såkalla foundation i handa: "Denne er veldig enkel og tørr, slik at den er lett å påføre - og den passar perfekt til hudfargen din. Berre hugs å bruk lite på kosten, og sirkelbevegelsar - aldri opp og ned som med ein malekost."
Og eg nikka og forsto. Drog kortet og takka nei til ein pose på min aller første foundation. Tenkte kanskje det kunne vere greit å vise folket på Amfi at "Nåh! Så ho sminker seg altså...?!?!"
Vel heime, måtte eg studere det vetle vidunderet som skulle gjere meg til eit etter-bildet. Men hæ? Rosa beige? Kvifor står det Rosa beige på lokket??

Style musa???
No vart eg litt flau.
Eg fekk ein mail frå Google, med spørsmål om det ikkje var på tide å AdSense inn på denne bloggen. Og eg tenkte: "Jo, det er nok på høg tid å tilføre litt fornuft her!". Så eg skreiv under på at dei kan plassere ein reklame-dings på sida mi, men kryssa av på at eg ikkje ynskte uhøvisk reklame. Og ante fred og ingen fare.
Men så logga eg nettopp inn, og ser at rett over bildet av meg sjølv, står følgjande tekst: På tide å frisere musa? Bla-bla-bla. Style musa no! Helsing RFSU
Og da raser veldig mange tankar gjennom hovudet mitt på ein gang. Eit lite utvalg:
- Ikkje sjå dette, mamma!
- Er ikkje dette uhøvisk reklame??
- Er RFSU-reklamer godt betalt?? Det bør det vere!
- Vil eg vege litt mindre viss eg...?
- Kvifor i alle dagar meinte Google det var passande å plassere denne reklamen på mi side??
- Er det snakk om ein frisør, eller er det eit gjer-det-sjølv-opplegg dette her?
- Ikkje klikk, mamma!
Herved har Google og AdSense fått sparken.

Abonner på:
Innlegg (Atom)