I skrivande stund, sit eg i kjellarstova til foreldra mine. Eit rimelig hektisk år, er premiert med fire veker ferie.
Og det er naturlig å tilbringe nokon veker heime. Sammen med mine, i den gode heimen, der verdigrunnlaget mitt ligger. Det enkle, jordnære og positive. Og eg begynner å tenke; desse verdiane som blir formidla rundt meg, i familien, korleis påvirker dei min innsats?
For dette er ofte akilleshælen i ei kvar bedrift; verdigrunnlaget og kulturen. Dei bedriftene som virkelig lykkes, er veldig gode på eit punkt; Dei gir sine tilsette ein forbaska god grunn til å gå på jobb. Kva er min veldig gode grunn til å stå opp om morgonen, om eg ser på meg sjølv, som ei bedrift? Som Unge Gangsøy AS?
Eg trur mine foreldre sin visjon med familien vår, er å skape ein trygg heim. Dei har jobba knallhardt i alle år, for å sikre at me har tak over hovudet og mat på bordet. Ingen luksus, ingen ekstravaganse. Men det me trenger, når me trenger det. Det har dei fortsatt med, sjølv om me for lengst har flytta ut. Så lot dei meg bli høyrt, når eg hadde behov for det. Og overhøyrte meg glatt, når det var på sin plass. Slik vart det lett for meg å finne min plassering i hierarkiet - både i familien og i livet ellers. Dei kan vise svakhet i kvardagen, men i dei store linjene, viser dei ein solid styrke. Og det var ikkje mangel på omsorg, som gjorde at dei sendte meg avgårde med Korskenkorva på min første fest, som 16-åring. Det var med imponerande stor tillit, når dei sa: Ikkje drikk noko anna enn det du har fått med oss. Og ring oss, viss du blir dårlig. Men ellers; Kos deg!
Med ein slik tillit og trygghet, er det jo ikkje mulig å gjere noko anna enn akkurat det; Kose seg.
Nok om familien Gangsøy. Dette kan jo høyres voldsomt harmonisk ut. Det er det også - men poenget er:
For å skape ein kultur, trengs det først ein visjon. Ei tydelig ledestjerne, ein retning, eit fyrtårn. Noko som blinker der framme, og som motiverer. Organisasjonane har det som regel på plass, sjølv om mange ofte må bla litt i Årsberetningen, for å hugse kva den visjonen var no igjen..Men som privatperson, er det kanskje ikkje like naturlig å formulere ein visjon for seg sjølv?
Vel, eg syns det bør bli det! Eg syns du skal formulere deg ein liten setning, eit lite mantra, som blir di ledestjerne! Og tilhøyrande eit par tre verdiar, som du synes er viktige. Det vil for det første gi deg ein skarpare kontur av deg sjølv. Dette står eg for! Så vil du bli tydeligare i din kommunikasjon utad. Og sist, men ikkje minst; I situasjonar der du er usikker på kva du skal gjere, så kan visjonen og verdiane gi deg retningen.
Og når du har visjonen og verdiane på plass, så må du finne ut av kva desse har slags konsekvensar for deg. Og ta konsekvensen.
Eg er hakket tynga av Janteloven, så eg skal ikkje blære om min visjon, mine verdiar om mine konsekvensar. Men før du får utfordringen med å gjere dette sjølv, kan eg hjelpe deg med eit eksempel. Fra pølsemaker Arne Vidar, som har gjort suksess med bedriftseventyret Leiv Vidar. Dei har gått fra å vere ein leverandør av kjøttfarse i naturtarm, til å bli ein av Norges sterkaste merkevarer.
Visjonen deira er; Vi skal lage de pølsene du aldri glemmer!
Og verdiane er (åhh, det er så nydelig);
- Raushet
- Lidenskap
- Rock`n-roll
Tenk! At ein så seriøs næringsmiddelaktør, kan lage så fine verdiar! Verdiar som ikkje har noko som helst med pølser å gjere egentlig, men som med ein gang får meg til å tenke: "Der vil eg jobbe!" Og eg likar ikkje pølser så godt, eingang...
Og er dette tomme verdiar? Fine ord, uten konsekvensar? Nei. Leiv Vidar er hovudsponsor for Norwegian Wood, under slagordet "Opplevelsen som drar skinnet av pølsa di!" Og kvar morgon, når trøytte pølsemakarar kjem på jobb, så trykker fabrikksjefen på play og ut av høgtalaranlegget dundrar Rolling Stones-låta "Start me up!", mens operatørane sveiver igang fabrikken! Det er fantastisk. Og viss du prøver å ringe Leiv Vidar, så kan du treffe på telefonsvararen; "Jeg er opptatt eller borte, så ring tilbake senere. Men hvis det gjelder livsviktige ting som fotball, fluefiske, pølser eller Rolling Stones, så er jeg å treffe på mobiltelefon!"
Fantastisk. Intet mindre. Sett deg no ned i go`stolen å lag din eigen visjon, finn dine eigne verdiar - og ta konsekvensen.
;-)
Viser innlegg med etiketten Lean. Vis alle innlegg

Lean Life: Standardisering
Effekten av ein standard arbeidsmetode, er enkel å tenke seg - og standardisering er eit veldig sentralt Lean-prinsipp. Skal eg starte opp eit ystekar og lage litt deilig ost, så gjer eg det i ein heilt spesifikk rekkefølge, som er nedskreven og som alle følger. Det er forventa at denne metoden gir det beste resultatet, til kortast mulig tid og all mistanke om variasjon i metode kan begravast. Dersom ein av dei som følgjer standarden får ein Eureka! ein dag, og kjem på ein enda smartare metode, så er det denne metoden som blir ny standard. Inntil ein ny Eureka! Best Practice gjeld på denne måten alltid, og metoden som skal brukast, er ofte beskreven i ein eitpunktsleksjon. Ein enkel instruks, på eit ark, så visuelt som mulig, slik at alle kan forstå. Og det blir lett for alle å gjere oppgava riktig. Snedig. Det er altså slutt på å beholde dei smarte løysningane for seg sjølv..;-)
Ein av mine første eitpunktsleksjonar laga eg for 15 år sidan, og den heng over senga mi hjå foreldra mine enda.
Eg hadde dengang eit konkurranseinstinkt som var hakket drøyt. I min karriere som keeper, kunne eg vere sur i eit halvt år, etter eit baklengsmål. Og i ein badminton-match, i den relativt uformelle Klæbu-turneringen, låg eg ganske bra an i første set. Så hadde eg nokon uheldige tap av fjøra, og endte med å schmelle den nye carbon-rackerten i golvet, så flisene fauk. Det er ganske dumt gjort, altså. Heldigvis fekk eg ein time-out, så eg fekk kjøpt meg ein ny rackert. Og vann kampen. Men med ein viss bismak. Den smadra rackerten ramma eg inn og hengte på veggen. Med teksten: "Vent 24 timer før du reagerer." En meeeget visuell eitpunktsleksjon, der altså - og ein forbaska god leveregel.

Lean Life: Kvalitetsikre deg sjølv
Toyota sitt femte produksjonsprinsipp er å skape ein kultur for å slutte å fikse feil, men heller gjere det riktig første gang.
Dette prinsippet er eg ydmyk overfor å transformere til livsfilosofi. Eg kjenner eg burde ta ein psykologi-videreutdanning på si. Men eg kan jo likevel invitere deg med på mi assosisasjonsreise:
Eg er min kunde. Og for at eg skal oppleve livskvalitet, må eg handle i tråd med mitt verdigrunnlag. Og her skal eg ikkje pompøst legge ut om mine verdiar. Eg veit neimen ikkje om eg er dei alle bevisst eingang. Men via arv og miljø, har me alle ein viss indre styreretning på kva me opplever som riktig og galt. Eit indre kvalitetsystem, som gjer at me på ulike måtar har ein evne til å oppdage disharmoni, problem og feil. Det er ganske snedig, det der. Kropp & sjel seier ifra på ulike måtar når me bedriv juks & fanteri, sluntrar unna, drar ein nødløgn eller ser på andre damer over brillekanten. Dårlig samvittighet er kanskje den alarmklokka som først signaliserar problem, som eit andon. Støttesystemet som raskast oppdager problem og ber om mottiltak. Indre varsling om at du har behov for å stoppe opp litt og rette feilen før du går videre. Utfordringen min i desse tilfellene er å klare å stoppe opp. Dagens kvinner forventer jo effektivitet!
Men paradokset er at uten ein kultur for å stoppe opp eller sakke på tempoet for å få riktig kvalitet første gang, komme i samsvar med mitt eige verdigrunnlag igjen så fort som mulig, så vil ikkje effektiviteten øke før dette er på plass igjen.

Lean Life: Balansering
Jone (4) seier "Skal eg balansere deg?" når han meiner massere. Og det er kanskje like rett, tenker eg..
Det fjerde produksjonsprinsippet til Toyota handlar om å balansere arbeidsmengda. Gjennom dagen, gjennom året og gjennom livet. Jobb som skilpadda, ikkje haren. Høyres mykje likt ut som det gamle ordtøke hastverk er lastverk, ikkje sant?
Her kunne eg moralisert mykje over tidsklemma (enten den reelle eller den innbilte), eller vår daglige kardinalfeil ved å ta morgondagen for gitt, eller viktigheten av å sjå dei små tinga i kvardagen. Men eg orkar ikkje moralisere. Ikkje hadde det tatt seg ut heller, ettersom eg begår alle desse feila sjølv, heile tida.
Den trufaste lesaren av bloggen, hugsar at eg i fjor sommar sjekka inn i eit fransk kloster. Livet var kaotisk i den perioden, og eg hadde behov for ein mental opprydding. Meditasjon er i så måte eit velprøvd konsept, likeens som at 5S er eit velkjent Lean-verktøy. Det snedige er at eg finn stor nytte i å kombinere meditasjon og 5S - til ei mental daglig ryddeøkt.
Meditasjon kan høyres hakket spirituelt ut, men det handlar igrunn berre om å ta ein liten pause fra kvardagen, finne seg ein liten krok, sette seg ned, lukke augene - og puste litt. Inn og ut og langt ned i magen. Kva tankar dukker opp, når du sitter der?
Kanskje nokon tankar som du kan sortere vekk? Fordi dei handler om dårlig samvittighet, ukonstruktivitet eller sjølvredusering? Vær snill; kast dei.
Kanskje nokon tankar som du kan systematisere? Tanker som kanskje kan samlast i ein kategori, i den hensikt at dei slik gir deg ein større sammenheng, forståelse og glede. "Dagens hyggelige hendingar" systematiserar eg til dømes i ei åpen skuff lengst framme i hukommelsen. Eg minner meg sjølv på dagens mottatte kompliment og positive historiar, suger på karamellen ein gang til og smiler idet eg legger dei i skuffa. Så enkel er eg. Anerkjenning er opium. Eg trur det er det for dei fleste. Og tenk så hyggelig; Om mine kompliment til andre, kan bli tatt fram igjen av mottakaren - og gitt glede ein gang til. Strålande.
Kanskje nokon tankar treng å reingjerast? Ein liten stille pustepause, er fin til å skjære tankane mine litt reine. Kva føler eg egentlig om det og det? Eller har eg vert irrasjonell i dag? Tillagt ein person eller ein sak egenskapar og meiningar som faktisk ikkje var der? Det er sjelden ein har svaret på det, fordi følelsen der og da var subjektiv - og det er vanskelig å ta tilbake. Men så kan det vere dagens "Vær raus"-øvelse. Aksepter situasjonen eller personen sånn som den er. Vask vekk det som du kanskje trur er ein subjektiv forstyrrelse av tanker som gjer litt vondt.
Kanskje du kan finn nytte i dette du også? Og vil standardisere ein praksis med å rydde litt i eige tankegods, for å sikre at du får det litt bedre? Litt ryddigare i knollen. Litt bedre i magen.
Poenget mitt er igrunn berre at me får ufattelig mange tankar og inntrykk kvar dag. Det er lett å komme litt i ubalanse. Ein kan tenke seg både mørkeredd og sjuk. Derfor gir eg deg ein vennlig oppfordring om å rydde litt i tankane ein gang for dagen. Kast ut det som er destruktivt. Systematiser tankane, og la dei gode øyeblikka skinne litt ekstra. For du kan også tenke deg veldig blid og fornøgd. Du er din eigen lykkes smed, veit du :-)

Lean Life: Just in time
Toyotas tredje produksjonsprinsipp handler om å tilby kunden det han trenger, når han trenger det. Kan dette omdannast til eit livsfilosofi-prinsipp, da?
Klart. I innledande runde på Lean Life-følgjetongen, avklarte vi kven som var kunden. Eg er kunden min. Og du er kunden din. Dersom du i kvardagen ikkje tek vare på dine eigne behov, så kan det gå bra det. Ei stund. Men ved å ignorere eigne behov over tid, så blir iallefall eg eit helvete å ha med å gjere. Og i forrige innlegg, handla det om dei åtte formene for sløsing. Den sløsingsformen eg gjerne vil relatere til det tredje prinsippet, er overproduksjon. Av dårlig samvittighet. Og av stress. Dårlig samvittighet og stress er energisugande faktorar som me i dei aller fleste tilfeller, tenker på oss. Eller som kjem som følgje av feil prioritering.
Eg har dårlig samvittighet for mykje rart, heile tida. Eg trur og tenker at ho og han forventar ditt og datt av meg, og når eg ikkje klarer å tilfredstille desse behova eg trur ho og han har til meg, så får eg dårlig samvittighet. I produksjonssammenheng, seier me i god lean-ånd at alle beslutningar skal baserast på fakta-tall. Konkrete målingar av tapt tid og tapte kroner, skal utgjere grunnlaget for utarbeiding og prioritering av tiltak. Men i mellommennesklige relasjoner, er det ikkje enkelt å basere beslutningar på måltall. Det fins ingen key point indicators for korleis eg og du har det, eller kva forventningar me har til kvarandre. Der baserar me ofte beslutningane våre på det våre 5 (evt 6-7-8...)sansar oppfattar. Og det hender kanskje innimellom relativt ofte at me oppfattar situasjonen feil? Høyrer kanskje ikkje godt nok etter kva som faktisk blir sagt? Legg litt for mykje i vår tolkning av kroppsspråket? Tolkar budskapet ut fra våre referanserammer, mens vedkommande prøver å forklare ut fra sine referanserammer. Kanskje me av og til kan prøve å spørre: Kva forventar du av meg i dag? Kva treng du av meg? Reine ord for pengane! Det likar ein sunnmøring :-) Attpåtil kan det hende det reduserar litt dårlig samvittighet - energi du kan bruke på noko mykje meir saliggjerande!
Så var det stress. Inflasjons-ordet. Kan ofte få inntrykk av at det aller meste er stress. Eg hugsar fortsatt Ludvig Holberg sin komedie "Den Stundesløse", som ein norsklærar ein gang i gamle dager viste meg. Om den kanaljen som var så opptatt med å sei "Jeg har så mye å gjøre!" - at han ikkje fekk gjort nokonting. Men her trur eg Just in time-prinsippet kan vere nyttig å tenke på. Prioriter arbeidsoppgavene i den rekkefølga dei trengs å gjerast i. Så ein slepp å komme på etterskudd, fordi ein gjer ting som strengt tatt kan ventast med til i morgo. Vi har oppgaver som kan:
1) Ventast med
2) Gjerast så snart som mulig
3) Skulle vert gjort i går
Til meir me gjer av oppgaver i kategori 1, til fleire hopar det seg opp i kategori 3. Og som ein tommelfingerregel, kan ein sei at husarbeid veldig ofte vil befinne seg i kategori 1 ganske lenge... Mens gå ein tur i frisk luft og kysse kjæresten sin, er oppgaver det hastar med ;-)
Er du snart overbevist om at Lean kan brukast som livsfilosofi? Eg har nemlig 11 prinsipp igjen. Gidd du lese om dei?

Lean Life: Skap flyt
Toyota sitt andre produksjonsprinsipp er å skape flyt. Skape ein kontinuerlig flyt, for å bringe problem til overflata. Ingen tvil om at dette er avgjerande i produksjon - men kan dette også omdannast til noko som gir meining for oss privat?
Eg blir glad og fornøgd når eg jobbar mot eit mål. Når eg er engasjert, opplever mestring og får ting til, så får eg ein følelse av flyt. Det mest bokstavlige døme eg kjem på, er å padle ein kajakk i medvind og bølgjer, med blikket festa på ein fin holme. Men det kan like gjerne vere når målet er eit reint hus, og den høge musikken set swung på vaskefilla. I utgangspunktet ei kjedelig oppgave, men så handlar det igjen om å skape lykke for seg sjølv. Gi meining til kvar handling du føretek deg. Skal du først utføre ei oppgave, så kan du like gjerne gjere den hundre prosent? Og finne glede i den, fordi du lager deg eit mål. For å glede deg sjølv sjølvsagt, men graden av tilbakemelding auker som regel proporsjonalt. Dei rundt deg legg veldig ofte merke til, om du yter litt ekstra. Og det er jo ein fin glans å sole seg i. Og du blir kanskje lykkeligare? Mine personlige lykke-råd er:
- Vær sosial. Vær sammen med andre mennesker som gir deg noko positivt.
- Smil til alle rundt deg. Du får som regel eit fint smil i retur.
- Sett deg personlige mål. Ikkje for lette. Ikkje for vanskelige.
- Finn talenta dine og pøs på med energi til det du er flink på.
- Prøv å kom i flyt så ofte som mulig.
I Lean er det å fjerne sløseri ei av hovudoppgåvene. Og i ein produksjonssituasjon, er det definert åtte former for sløseri: overproduksjon, venting, unødvendig transport, overprosessering, lager, bevegelsar, feilproduksjon og uutnytta kreativitet. Kan me finne desse sløseri igjen privat?
- Eg overproduserar negative tankar og dårlig samvittighet ofte. Det er grov sløsing.
- Så har eg eit trygghetsnarkoman-gen, som gjer at eg likar veldig godt å vere tidlig ute. Ofte altfor tidlig ute, i tilfelle ditt & datt skal skje på vegen, men som mest sansynlig aldri skjer. På dei timane eg har sete på Flesland å venta, kunne eg sove og drømt søtt istaden. Det er liksom ikkje nødvendig å ta høgde for å møte ei militær-kolonne av saktegåande trafikk klokka null om morgonen.
- Etter at eg flytta til Bergen, har eg også gått på ein smell eller to pga unødvendig kjøyring. Evnen til planlegging av t.d shopping, bør for min del trimmast. Tur/retur IKEA tek ein drøy time i rushen. Da er det jæ.. kjedelig å finne ut at eg gløymte ein liten, men sentral dings, når eg står midt i monteringen av eit flatpakka helvete.
- Overprossesering betyr å tillegge ein ting større verdi, enn streng tatt nødvendig. Der vil eg påstå at origamisk bretting av serviettar, er eit grovt eksempel på sløsing. Blir virkelig gjestane mine meir fornøgd om dei får ein knøvla, svett svane-serviett på fatet sitt, som eg har brukt ein time på å knote sammen, etter instruksjon fra YouTube?? Går det ikkje greit med ein enkel brett?
- Kva med lager? Kjøleskapet. Frysen. Klesskapet. Skapet på badet. Eg brukar vel stort sett berre ein av dei fjorten kremane. Og kanskje eg hadde sett bedre kva som var i klesskapet, om eg hadde rydda ut dei førtito plagga som eg..tja, ein spade er vel ein spade..er blitt for smellfeit til å bruke!
- Sløsing av bevegelsar, er eg usikker på om eg kan forsvare i privatlivet. Dei fleste av oss treng vel strengt tatt den trimmen me kan få. Men skal du vispe litt nyyydelig TINE kremfløyte, så er det ikkje verdt å vispe på seg senebetennelse. Har du ikkje miksmaster, så er det på tide å investere Mari ;-)
- Feilproduksjon. Hmm..pleier du å lese bruksanvisningen? Det kunne spart deg litt tid av og til. Og i mitt tilfelle kunne det spart meg for gjengangerhistorien "Da Gangsøy skulle montere ein kulegrill." Historien har tre akter, før grillen fekk føtene på rett plass. Imagen kan ta skade av slike historiar også. Eg vil nødig framstå som ei lesbe som ikkje virkar.
- Og til sist; Den verste av alle sløserikilder. Det fins altså så uendelig mykje uutnytta kreativitet der ute! Alle dei fantastisk gode idèane som blir produsert, men som aldri ser dagens lys. Fordi me ikkje orker. Eller fordi ord aldri blir til handling. Eller fordi idèane ikkje blir tatt imot med riktig verdighet. Kåmm ån, medmennesker! Oppmuntre kvarandre. Ikkje drep engasjement. Me kjem til å kjede oss ihjel. Viser det seg at idèen er møkkadårlig, så blir den iallefall ein god historie...
Kjøyr på. Skap flyt!

Lean Life: Resultat av å tenke langsiktig
I forrige innlegg insinuerte eg heilt på slutten ein drastisk endring; Skulle eg virkelig slutte å snuse?
*lufta dirrar*
Alle endringar er, i mindre eller større grad, vanskelige. Ein endring fordrar ein ny måte å tenke, snakke, handle og leve på. Me har ulik terskel for kor store endringar me utan vidare kan klare å gjennomføre på strak arm. For nokon blir kvardagen utrygg om linjalen ligg på ein annan plass enn den gjorde i går. Og eg har forståelse for alle si grense. Forandringar gjer vondt, altså. For alle. Kunsten består i å dele kamelane litt opp. I mindre serveringsstykker. Og svelge bit for bit. Å kontinuerlig forbedre seg.
Når det gjaldt den snusingen, så las eg ei veldig oppløftane bok om kognitiv adferdsendring i påska. Ein klok mann skreiv at verden ikkje treng å vere svart/kvit. Alternativa er ikkje berre "Snuser" eller "Ikkje-snuser". Eg velger å finne noko i mellom der, som eg kaller "Snuser når eg må". Eit lite kompromiss. På vegen fram. I god lean-ånd, så er det ein åtti-prosent-løysning. Og det er eit viktig livsfilosofisk poeng; Du treng ikkje vente til du har den hundre prosent perfekte løysningen, før du startar med noko. Berre begynn ein plass. På førti prosent. Seksti prosent. Eller åtti. Gjennomfør eit forsøk. Få ein erfaring. Lær noko. Evaluer. Så kan du forbedre løysningen din, og tilslutt nå hundre prosent.
Så no snuser eg berre når eg strengt tatt må. Ein eller to gangar i løpet av dagen. Og mirakel-ordet for å få det til er:
- Etterpå.
Kvar gang eg får lyst på ein snus, tenker eg:
- Ja, du skal få etterpå.
Også glømmer eg det litt. Gjer noko anna i mens. Også får eg lyst på snus igjen, og tenker:
- Ja, heilt ok vennen min. Du skal få etterpå.
Så lett er eg å lure..

Lean Life: Tenk langsiktig, på bekostning av kortsiktig gevinst
I følgjetongen Lean Life, der eg testar ut hypotesen om at Lean ikkje berre er ein god produksjonsfilosofi, men faktisk også ein framifrå livsfilosofi, skal eg sjå på kvar og ein av dei 14 ledelsesprinsippa til Toyota. Og det første prinsippet, det grunnleggande fundamentet og den høgste fana er: Ta beslutningar basert på langsiktig tenkning, sjølv om det går på bekostning av kortsiktig gevinst.
Åh, denne er ein klassiker! Rekk opp handa alle dere, som i løpet av dei siste månadane på jobb - minst ein gang - har dradd deg i håret i pur frustrasjon, over ein eller annan beslutning som kun på kort sikt er god? Sjå der, ja! Alle rekte opp handa. Tenkte eg det ikkje. For i dei aller fleste store saker, så fins det som regel minst ein løysning som er overlegent mykje bedre enn dei andre - men den er for dyr. Og sidan dei fleste som sit i beslutningsorgan blir målt på kostnadar, og sidan det alltid er visse gitte rammer ein må holde seg innanfor, så er det vanskelig å tenke langsiktig. Til tross for at alle er enige om at det er best.
The funny part is, at viss me tenker på vår eigen organisasjon, vår eigen kropp og sjel, så er det for dei fleste av oss, ein ganske solid utfordring å tenke langsiktig, på bekostning av kortsiktig gevinst. Personlig økonomi er det mest nærliggande døme. Burde jo starta pensjonssparing rimelig tidlig? Alltid hatt ein bufferkonto på to månedslønner i bakhånd, i tilfelle musefelle? Brukt eit par hundre i månaden på ein solid livsforsikring? Men så har me så fryktelig lyst til syden! Og så fryktelig lyst på ein kul bil. Og ein fæncy penthouse-kåk? Og kanskje trives me så veldig mykje bedre med å handle på den fine ferskvare-butikken, istedenfor på den kjipe bula der alt står på pallar og betjeningen har grønne bukseselar. For..det er jo ikkje sikkert me blir pensjonistar? Og det er jo ikkje sikkert at bilen plutselig treng reperasjon? Kan jo hende me dør i morgo! Da hadde det vert heilt meiningslaust om det sto pengar igjen på konto.
Det er berre det...at dei aller færraste av oss dør i morgo.
Det fins hundre andre eksempel på at det i kvardagen er lett å velge minste motstands veg. Lett å tenke på den kortsiktige gevinsten. Lett å hoppe over treningsøkta. Eller slurve med kostholdet. Eller gjere noko for mennesker me bryr oss om. Eller gjere noko for samfunnet rundt oss? Vår lykke er rimelig betinga av at samfunnet rundt oss har det bra. Så...kanskje kildesortering er ein god start? Litt frivillig arbeid?
Lean-filosofien legg stor vekt på å bygge deg sjølv som menneske. Med tolmodighet, investering i dine eigne evner, kvalitet i eigne beslutningar med forankring i eit verdigrunnlag og langsiktig perspektiv. Yte litt meir enn det som strengt tatt er forventa, fordi det gir deg ein god mestringsopplevelse. Ha eit oppdrag som er litt større, enn å berre motta ein lønnsslipp. Bygge eigne evner, stole på eigne evner, bruke viljen til å yte og ta ansvar for din eigen skjebne.
- Hmm...det er fint prat, dette.
*Scenehenvisning: Unge Gangsøy legger fornøgd innpå ein snus*
- Kor kan eg begynne å tenke langsiktig, på bekostning av kortsiktig gevinst?
*Scenehenvisning: Med eit tungt sukk, kvittar eg meg med den gode snusen igjen*
- Forandring gjer vondt..

Lean Life: Rask bakgrunnsoppdatering
Eg skal klare å motstå fristelsen av å gje deg heile soga bak lean-filosofien. Eg innser at den er for spesielt interesserte. Men eg er nødt å presentere den i uforskamma korte trekk:
1927: Liten japaner. Oppfyller drømmen sin og føder ein automatisk vevstol.
1929: Kona tek seg av vevingen. Han reiser til USA for å sjå på bilar. Han er som mannfolk flest.
19tretti-ein-gang: Japanaren selger patentrettighetane på vevstolen for ein slikk og ingenting.
1937: Istedenfor å drikke opp formuen, grunnlegger han Toyota. No vil han lage bilar.
1947: Den første Toyotaen ser dagens lys, sjølv om japansk økonomi er i grus.
1950: Dei tilsette streikar. Gjensidig tillit og avhengighet løyser floken. Sidan har dei aldri streika.
Dei 50 neste åra: Med enorm tolmodighet, disiplin, kundefokus og usvikelig tru på kvalitet, flytter Toyota stadig produksjonsgrenser, og setter seg vanvittige mål: Vi skal forbedre luftkvaliteten, forebygge ulykker og frese jorda rundt på sånn ca ein tank. Noko sånt. Og ha null feil. Det eine sinnsvake målet etter det andre.
2011: Kvart 4.sekund er ein splitters ny Toyota klar. Heile døgnet, heile året. Minimalt med feil. (og frikjent for den gasspedal-katastrofa)
Imponerande, hæ? Men dette er ingen reklamekampanje for Toyota. Likevel er det alltid interessant å høyre om gråstein som blir til gull. Om endringar som lykkast. Viss eg leitar djupast inni meg sjølv, og går forbi mine enkle fascinasjonar for damer og pupper, så er det mestringsfølelsen som er min sterkaste motivasjon. Det er den lykkerusen av å få noko til, som gir meg ny energi til å prøve vidare. Men eg er blitt så stor og forderva, at eg prøver å skjule denne barnslige gleden så godt eg kan. Ros er både vanskeleg å gje, og å motta:
- Flink? Eg? Puff. Eg gjer berre så godt eg kan, mumle, mumle...
Mens eit lite barn, derimot - suger fornuftig til seg alt skryt, og veks som ein svamp. Mestringsfølelse er undervurdert. Men meir om det seinare.
Heilt grunnleggande i lean-filosofien ligg kundefokuset. Det er av avgjerande betydning å definere kven kunden er. Og med tanke på lean som livsfilosofi; Kven er din kunde? Om du tenker deg din eigen kropp og sjel som ein organisasjon; Kven er kunden din? Kjæresten? Arbeidsgjevaren? Morra di? Eller deg sjølv?
Mitt utgangspunkt er at eg er kunden min. Eg må levere, slik at eg blir fornøgd. Slik at eg får mestringsfølelse. Da blir eg nemlig så jævli mykje greiare å ha med å gjere, for dere andre...;-)
Men dette er kanskje det vanskeligaste punktet, som må implementerast djupast inni deg sjølv;
- Kven er kunden din?

Lean Life - Er det mulig?
På grunn av min utruleg sære utdanningskombinasjon som brannmann og yster, med tidenes nerdefordjupning i kvitost på eit college i Danmark, skulle ein tru drømmejobben min var produksjon av røykt Jarlsberg. Men nei. Ikkje eit vondt ord om Jarlsberg. Men den røykte vart vel aldri nokon suksess. Men nok om det. Dei siste sju månadane har eg jobba med ein, om mulig, enda smalare profesjon. Bokstavlig talt eit slankt yrke. Ironisk nok, sånn rett før bikinisesongen. Men nok om det også.
Yrket er Leankoordinator. I Tine. Ein fantastisk jobb! Men likevel kan eg ikkje tenkje meg noko verre spørsmål enn:
- Kva jobber du med?
Ikkje fordi eg ikkje vil snakke om Lean. Eg vil nesten alltid snakke om Lean. Problemet er at det er umulig å forklare yrket mitt i ein kort setning. Eg har prøvd fleire variantar:
- Jo, eg jobber som Leankoordinator. Det handlar om å implementere ein filosofi som i første omgang skal eliminere alle former for sløsing i ei bedrift. Og skape flyt.
Reaksjonane er som regel heva augebryn og eit litt vridd ansiktsuttrykk, der vedkommande mest sansynleg tenkjer: Åååja, du skal rasjonalisere. Rasjonalisere vekk folk!
- Nei, nei! Eg lovar! Tvert imot; Eg skal få fram det beste i kvar enkelt!
Men ingen trur meg. Neste gang prøver eg:
- Jo, eg jobber som Leankoordinator. Har du ein time til overs? Eg kan gjerne fortelje deg ALT om dette fabelaktig enkle konseptet, som har revolusjonert bilindustrien!
Responsen da er som regel at vedkommande byrjer å rygge bakover med eit intens behov for å skifte samtaletema, og eg føler meg som eit Jehovas Vitne på misjoneringstokt:
- Jamen høyr da, Lean er Guds gave til industrien! Til folket! Til heile verda!!
Så eg ender som regel opp med:
- Jo, eg jobber i Tine. Fantastisk bedrift. Har du smakt den nye juicen? Den i blå kartong? Sommerfrisk!
Namm!
Men det er for gale å unngå temaet, sjølv om det kan virke komplisert. Lean er ikkje komplisert. Tvert imot er det sunn fornuft, i eit veldig fint system. Og det handlar egentlig berre om å lære å lære. Og eg trur, og eg skal prøve å vise, via min nye blogg-følgjetong Lean Life, at dette ikkje berre er ein produksjonsfilosofi. Eg trur faktisk det kan vere ein ganske strålande livsfilosofi. For vi har alle forbedringspotensial, sant? Kropp og sjel, vår heilt eigne indre organisasjon av overordna og underordna evner, er stadig i ein kontinuerlig forbedringsprosess. I dag gjer me så godt me kan - men i morgo kan me gjere alt littegrann bedre. Fordi me lærte noko nytt i dag, og med ny innsikt og forståelse, kan me i morgo bli eit litt bedre medmenneske, som jobbar litt smartare og som tenkjer litt meir positivt.
For all del; eg er ikkje eit orakel i verken kunsten å leve eller i den japansk/amerikanske Lean-filosofien. Men som eit bloggprosjekt, aktar eg å finne ut om dei 14 produksjonsprinsippa til Toyota, kan overførast til måten eg driv min eigen organisasjon på. Så gjenstår det å sjå, om produksjonseffektiv samlebåndsteori kan brukast som livsfilosofi eller ei. Haha! Fantastisk!

Forandring fryder!
Eg har fått ny jobb. Etter å ha fordjupt meg i det magiske meieriproduktet kvitost i sju år, har eg fått jobben som Lean-koordinator ved Tine sitt anlegg i Bergen. Visste du forresten at kvitost er dobbelt så vanskeleg å lage som vin? Mens vin stort sett handlar om omdanning av sukker, så handlar modning av kvitost om biokjemiske mirakelprosessar av både laktose, fett og protein! Det er heilt usansynlig vanskelig, men Tine får det til kvar gang! (jaffall nesten...;-)
Men det var ein digresjon. No er eg Lean-koordinator, og etter ein månad i stillinga, har eg omsider klart å forklare kva jobben min eigentleg går ut på, på ein enkel måte: Eg skal koordinere og stimulere til kontinuerlig forbedring. Og forbedring forutset at noko må forandrast. Og forandring gjer vondt for oss alle..nokon av oss likar ikkje eingang at blyanten ligg på ein annan plass enn i går.
Men sidan eg har kvitost-jobben i systemet enda, så vart det naturlige å tenke litt på kva biokjemiske omdanningar eg har å gjere med no. Sjå berre:
- Forandring handlar om omdanning av ein vane. Me må gjere noko på ein annan måte enn i går.
- Forandring handlar om omdanning av trygghet. Me har ulik terskel, men endring av ein vane påvirkar tryggheten vår. Å prøve å gjere noko på ein annan måte kan oppleves som utrygt - fordi det innebærer ein risiko for å feile.
- Forandring handlar om omdanning av forsvaret vårt. Når me må akseptere at gårsdagens handlemåte kanskje ikkje er optimal i dag, så kan mange av oss kjenne oss litt dumme. Kvifor kom me ikkje på denne handlemåten i går? Nokon kan synes dette er så ubehageleg, at dei nekter å gjere oppgava på ein annan måte, for på eit vis å "skjule" at dei har komt til ein erkjennelse dei ikkje ville skulle sjå dagens lys.
- Forandring handlar om omdanning av krav. Både til oss sjølv og andre. Stadige forandringar skapar eit miljø der det er forventa at alle bidreg til å gjere jobben smartare. Da krever plutselig arbeidsdagen mykje meir av deg. Og her har me også ulik terskel, men krav oppleves av og til som slitsomt.
Og etter sånn spekulering, innser eg at forandring handlar om biokjemiske omdanningar av fryktelig mykje meir enn det som skjer i både ost og vin. Men det er i dette høve eg gjerne vil proklamere mitt nye motto for forandring:
I dag gjer me så godt me kan. Men i morgo kan me gjere alt litt bedre.
Fordi eg veit at alle som står opp om morgonen og går ut i den nye dagen, gjer så godt dei kan. Men fordi at me kvar dag lærer noko nytt, så har me også anledning til å gjere innsatsen litt bedre neste dag. Enten det er som arbeidstakar eller medmenneske og enten det gjeld forandringar på jobb eller i privatlivet.
Men det forutset at alle tenkjer det samme om forandring. Nemlig at den som tek sjansen på å endre metode, gjer det i beste hensikt. Vedkommande gjer endring i eit håp om at ting skal bli bedre. Men skulle endringen vise seg å ikkje vere perfekt ved første forsøk (som den forøvrig sjelden er) så kan omgjevnadane reagere på fleire måtar:
a) Positivt: Oi, så fint du tok initiativ til å endre dette! No vart eg inspirert også! Kanskje me kan endre litt på det der også?
b) Likegyldig: ------*sukk*----
c) Negativt: FAN for ein idiot du e!!
Og da velgjer eg å avslutte på ein aldri så liten retorisk måte; Ettersom dei flotte menneska me omgir oss med, ynskjer å gjere dagen vår bedre ved å forandre på eit par ting, så er det vel vinn-vinn om me responderar som i alternativ a)?

Abonner på:
Innlegg (Atom)