Jone (4) seier "Skal eg balansere deg?" når han meiner massere. Og det er kanskje like rett, tenker eg..
Det fjerde produksjonsprinsippet til Toyota handlar om å balansere arbeidsmengda. Gjennom dagen, gjennom året og gjennom livet. Jobb som skilpadda, ikkje haren. Høyres mykje likt ut som det gamle ordtøke hastverk er lastverk, ikkje sant?
Her kunne eg moralisert mykje over tidsklemma (enten den reelle eller den innbilte), eller vår daglige kardinalfeil ved å ta morgondagen for gitt, eller viktigheten av å sjå dei små tinga i kvardagen. Men eg orkar ikkje moralisere. Ikkje hadde det tatt seg ut heller, ettersom eg begår alle desse feila sjølv, heile tida.
Den trufaste lesaren av bloggen, hugsar at eg i fjor sommar sjekka inn i eit fransk kloster. Livet var kaotisk i den perioden, og eg hadde behov for ein mental opprydding. Meditasjon er i så måte eit velprøvd konsept, likeens som at 5S er eit velkjent Lean-verktøy. Det snedige er at eg finn stor nytte i å kombinere meditasjon og 5S - til ei mental daglig ryddeøkt.
Meditasjon kan høyres hakket spirituelt ut, men det handlar igrunn berre om å ta ein liten pause fra kvardagen, finne seg ein liten krok, sette seg ned, lukke augene - og puste litt. Inn og ut og langt ned i magen. Kva tankar dukker opp, når du sitter der?
Kanskje nokon tankar som du kan sortere vekk? Fordi dei handler om dårlig samvittighet, ukonstruktivitet eller sjølvredusering? Vær snill; kast dei.
Kanskje nokon tankar som du kan systematisere? Tanker som kanskje kan samlast i ein kategori, i den hensikt at dei slik gir deg ein større sammenheng, forståelse og glede. "Dagens hyggelige hendingar" systematiserar eg til dømes i ei åpen skuff lengst framme i hukommelsen. Eg minner meg sjølv på dagens mottatte kompliment og positive historiar, suger på karamellen ein gang til og smiler idet eg legger dei i skuffa. Så enkel er eg. Anerkjenning er opium. Eg trur det er det for dei fleste. Og tenk så hyggelig; Om mine kompliment til andre, kan bli tatt fram igjen av mottakaren - og gitt glede ein gang til. Strålande.
Kanskje nokon tankar treng å reingjerast? Ein liten stille pustepause, er fin til å skjære tankane mine litt reine. Kva føler eg egentlig om det og det? Eller har eg vert irrasjonell i dag? Tillagt ein person eller ein sak egenskapar og meiningar som faktisk ikkje var der? Det er sjelden ein har svaret på det, fordi følelsen der og da var subjektiv - og det er vanskelig å ta tilbake. Men så kan det vere dagens "Vær raus"-øvelse. Aksepter situasjonen eller personen sånn som den er. Vask vekk det som du kanskje trur er ein subjektiv forstyrrelse av tanker som gjer litt vondt.
Kanskje du kan finn nytte i dette du også? Og vil standardisere ein praksis med å rydde litt i eige tankegods, for å sikre at du får det litt bedre? Litt ryddigare i knollen. Litt bedre i magen.
Poenget mitt er igrunn berre at me får ufattelig mange tankar og inntrykk kvar dag. Det er lett å komme litt i ubalanse. Ein kan tenke seg både mørkeredd og sjuk. Derfor gir eg deg ein vennlig oppfordring om å rydde litt i tankane ein gang for dagen. Kast ut det som er destruktivt. Systematiser tankane, og la dei gode øyeblikka skinne litt ekstra. For du kan også tenke deg veldig blid og fornøgd. Du er din eigen lykkes smed, veit du :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Morsomt om du legg att ei strofe ;-)