In your face, Facebook!

Det står i VG at Facebook veit alt om meg.

Det er sansynligvis meininga at eg skal bli redd. I alle fall tilstrekkelig skjelven til at eg kjøper VG for å finne ut om det er sant. Og kanskje tilstrekkelig bekymra til at eg let vere å publisere bilder av middagen min i kveld. I frykt for at vital informasjon om privatlivet mitt skal komme på avveie.

Men ha! Eg lar meg ikkje skremme.

Det Facebook veit om meg, er stort sett at eg er ei kvinne, på 35 år, som bur i ein by og at eg har ein utdanning. Også har dei sansynligvis ein viss oversikt over kva nettsider eg er innom. Ifølge statistisk logikk og reklamebransjens våte draumar, skal den type data kunne forutsei kva annonser det lønner seg å vise meg.  

Det er hi-tech. Storebror seg meg. Dagens teknologi gir god mulighet til å samle inn enorme mengder grunndata – og føkke den saman til konklusjonar som ofte er total skivebom.
All eigen erfaring med statistikk tilseier at eg kan samle inn data på kva som helst - og få det til å bety akkurat det som passer meg.  

Ein rask kikk på Facebook beviser at eg har rett. Ut fra reklamen som vises på veggen min, som altså er eit resultat av statistisk logikk,  så er eg ei utspjåka 2,3 barnsmor, i høge hælar med ein caffe lattè i handa og ein chihuahua i handveska. Middagen får eg  levert på døra og min statistisk sansynlige ektemann serverar meg blomster fra Mester Grønn og perleøyredobbar fra Chanti.  Eventuelt ein svart, sensuell nattkjole fra Zalando.

Ha! Grov skivebom alt saman. Eit heilt klassisk tilfelle av statistisk screw-up. Unntatt det der med den svarte, sensuelle nattkjolen. Neida. Joda. Neida.  

Konklusjonen er at Facebook ikkje veit alt om meg. Men eg derimot - veit alt om Facebook. Eg er der tross alt ein gang i timen..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)