Forandring fryder!

Eg har fått ny jobb. Etter å ha fordjupt meg i det magiske meieriproduktet kvitost i sju år, har eg fått jobben som Lean-koordinator ved Tine sitt anlegg i Bergen. Visste du forresten at kvitost er dobbelt så vanskeleg å lage som vin? Mens vin stort sett handlar om omdanning av sukker, så handlar modning av kvitost om biokjemiske mirakelprosessar av både laktose, fett og protein! Det er heilt usansynlig vanskelig, men Tine får det til kvar gang! (jaffall nesten...;-)

Men det var ein digresjon. No er eg Lean-koordinator, og etter ein månad i stillinga, har eg omsider klart å forklare kva jobben min eigentleg går ut på, på ein enkel måte: Eg skal koordinere og stimulere til kontinuerlig forbedring. Og forbedring forutset at noko må forandrast. Og forandring gjer vondt for oss alle..nokon av oss likar ikkje eingang at blyanten ligg på ein annan plass enn i går.

Men sidan eg har kvitost-jobben i systemet enda, så vart det naturlige å tenke litt på kva biokjemiske omdanningar eg har å gjere med no. Sjå berre:

- Forandring handlar om omdanning av ein vane. Me må gjere noko på ein annan måte enn i går.

- Forandring handlar om omdanning av trygghet. Me har ulik terskel, men endring av ein vane påvirkar tryggheten vår. Å prøve å gjere noko på ein annan måte kan oppleves som utrygt - fordi det innebærer ein risiko for å feile. 

- Forandring handlar om omdanning av forsvaret vårt. Når me må akseptere at gårsdagens handlemåte kanskje ikkje er optimal i dag, så kan mange av oss kjenne oss litt dumme. Kvifor kom me ikkje på denne handlemåten i går? Nokon kan synes dette er så ubehageleg, at dei nekter å gjere oppgava på ein annan måte, for på eit vis å "skjule" at dei har komt til ein erkjennelse dei ikkje ville skulle sjå dagens lys.

- Forandring handlar om omdanning av krav. Både til oss sjølv og andre. Stadige forandringar skapar eit miljø der det er forventa at alle bidreg til å gjere jobben smartare. Da krever plutselig arbeidsdagen mykje meir av deg. Og her har me også ulik terskel, men krav oppleves av og til som slitsomt. 

Og etter sånn spekulering, innser eg at forandring handlar om biokjemiske omdanningar av fryktelig mykje meir enn det som skjer i både ost og vin. Men det er i dette høve eg gjerne vil proklamere mitt nye motto for forandring:

I dag gjer me så godt me kan. Men i morgo kan me gjere alt litt bedre.

Fordi eg veit at alle som står opp om morgonen og går ut i den nye dagen, gjer så godt dei kan.  Men fordi at me kvar dag lærer noko nytt, så har me også anledning til å gjere innsatsen litt bedre neste dag. Enten det er som arbeidstakar eller medmenneske og enten det gjeld forandringar på jobb eller i privatlivet.

Men det forutset at alle tenkjer det samme om forandring. Nemlig at  den som tek sjansen på å endre metode, gjer det i beste hensikt. Vedkommande gjer endring i eit håp om at ting skal bli bedre. Men skulle endringen vise seg å ikkje vere perfekt ved første forsøk (som den forøvrig sjelden er) så kan omgjevnadane reagere på fleire måtar:
a) Positivt: Oi, så fint du tok initiativ til å endre dette! No vart eg inspirert også! Kanskje me kan endre litt på det der også?
b) Likegyldig: ------*sukk*----
c) Negativt: FAN for ein idiot du e!!

Og da velgjer eg å avslutte på ein aldri så liten retorisk måte; Ettersom dei flotte menneska me omgir oss med, ynskjer å gjere dagen vår bedre ved å forandre på eit par ting, så er det vel vinn-vinn om me responderar som i alternativ a)?

8 kommentarer:

  1. Bra tankegang Camilla - eg skulle gjerne jobba med Lean i Bergen viss eg fekk ha deg som koordinator. Håpar alle dei flotte folka i Bergen har vet til å sette pris på deg - du fantastiske menneske:-)
    God helg og ein god klem
    jannetove

    SvarSlett
  2. Lykke til med Lean prosjektet, eg synest vertfall Lean er både bra og spennande! :D

    SvarSlett
  3. http://www.youtube.com/watch?v=3hgjFwtUbxA


    ;)

    SvarSlett
  4. Hahaha, den der såg eg faktisk før eg tok jobben ;-) "Skylde på andre? Ja! Problemet løst!"

    SvarSlett
  5. Nå får du så mange positive kommentarer at jeg føler du bør utfordres litt også:

    Først: Hva er "Lean"?

    Så: Jeg føler at du balanserer på ei hårfin linje her; dette er på grensa til "pseudo-speak"... Motstand mot forandring kan også skyldes at motivene for forandring ikke nødvendigvis er "edle": det man egentlig ønsker å gjøre er å spare penger, men dette pakkes inn i fraser om forbedring, de fortreffelige sidene ved å forandre, og ikke minst; hvor "dumme"/vanskelige/konservative vi mennesker er som ikke skjønner dette.

    Ja - forandring kan være veldig sunt. Men det kan også bety reelle trusler for mennesker som er redd for å miste jobben sin.

    Med en stor klem og et spark i baken,
    Bjørn Olav

    SvarSlett
  6. Ahh, nydelig med eit realt spark og ein utfordring!

    Lean er opprinneleg ein japansk produksjons-filosofi, utvikla av Toyota. Ordet Lean betyr jo slank, så det er ingen tvil om at det er eit rasjonaliseringsverktøy, og hensikta er å spare pengar. Spare pengar slik at me fortsatt er konkurransedyktige og at me har ein jobb. Konkurransen er rå, og kan ikkje me levere (i vårt tilfelle; Tine), så kan andre levere. Og Noreg er det dyraste landet i verda å produsere varer i.
    1/3 av Lean går på å sørge for ein jamn produksjon. 1/3 går på å redusere overbelastning på mennesker og maskiner. Og den siste tredjedelen går på å eliminere sløseri. Alt fra å tillegge varer ekstra-effektar som kunden ikkje er villig til å betale for, til å redusere lager og transport, til å fjerne sløsing med dei tilsette sin kreativitet.

    Det som eg syns er genialt med denne japanske tenkemåten, er at alt er tufta på dei tilsette. Det er dei tilsette som skal motiverast til å gjere forandringane. Dei skal ha eigarskap til alle endringane. Ganske enkelt fordi det er dei som har dei beste forutsetningane; dei gjer jobben 7,5 time pr dag. Det er dei som veit kor skoen trykker. Organisasjonskartet blir snudd heilt på hovudet; leiinga sin funksjon vert å støtte og legge til rette. Og jobbsikkerhet er heilt klart ein forutsetning - og det er klingande klart at ingen skal miste jobben sin i dette never-ending rasjonaliserings-prosjektet. MEN det kan hende jobbinnholdet blir forandra, ettersom me strevar mot å gjere jobben smartare, fjerne sløsing med tid og bli meir effektive. Men dette skal også vere ei gulerot, for det er ikkje til å stikke under ein stol at ein jobb på eit samleband er kjedeleg. Håpet er at eigarskapen dei tilsette får via ei heil rekke verktøy og teknikkar, og stimulansen dei får ved å verte sett og høyrt i langt større grad, skal motivere dei til å kontinuerlig jobbe med å forbedre.

    Eit heilt sentralt prinsipp i Lean er Go to Gemba, som betyr at du skal pelle deg ned på golvet. Ingen forandringar skal skapast bak eit skrivebord. Du må studere det du skal endre nøye, virkelig nøye, du må vite akkurat kva du snakkar om. Og forstå alle konsekvensar. Og når eg les i bloggen din om frustrasjonen rundt alle dei nye reformane i skuleverket, så forstår eg forargelsen - for sånn eg ser den saken, så handlar det frykteleg mykje om at politikarane ignorerar verdien av å Go to Gemba.

    Hmm, eg var glad for sparket du ga meg, for eg kjenner at når eg går inn i sånne prosjekt, så blir eg fryktelig fort hjernevaska, fullstendig oppslukt og veldig naiv. Det er med skrekkblanda fryd at eg skal jobbe med forandring saman med 160 mennesker, som alle er ulike, så eg blir nok realitetsorientert rimelig fort. Eg er glad for at den første realitetsorienteringen kom fra "trygt" hold, frå ein som vil meg vel. Så eg skal gå ydmykt inn i jobben.

    Stor klem frå unge Gangsøy
    - fortsatt potensiell statsminister ;-) -

    SvarSlett
  7. Takk for flott oppklaring! Og lykke til - tror nok du er rett kvinne på rett plass.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)