Livet er ingenting, om du ikkje er i live.

Me mennesker kjenner oss ofte overlegne alt anna liv. Me er på toppen av næringskjeden, me har evner som overgår alle andre skapningar og ved hjelp av teknologi og kreativitet, fins der knapt grenser for kva me kan få til. Og i dette, ligg det ein voldsom glede, makt og trygghet. Menneska er unike.

Men innimellom slår overmakta til. Brutalt og nådelaust. Uforståelig og djupt urettferdig. Ein bekjent ligg nett no på Haukeland og svevar mellom liv og død. For ein månad sidan var han ein sterk, frisk mann som gjorde ein upåklageleg god jobb og som var ein bautastein i familien. Så vidt meg bekjent, aldri vert nemneverdig sjuk. Men no er han så sjuk, at den beste medisin-kompetansen i landet, med djup frustrasjon har sagt: Det er ingenting meir me kan gjere. Men kroppen held fortsatt ut smertene, angsten og det uhelbredelige svineriet så lengje den klarer. Ein djupt ensom kamp, mellom liv og død. Og det er eit nådelaust paradoks, at me innimellom kan vere så uovervinnelige  - mens andre tider er me så sjanselause! Og den enorme sorga som fins i tomrommet, mellom at legane har gitt opp og i påvente av at også kroppen skal sleppe taket, må vere så fortvilande mørk for alle partar, at eg ikkje klarer å uttrykke den med ord. Familien har min aller, aller djupaste medfølelse. Eg veit ikkje kva anna eg kan gjere for dere.

For det er ein tung hjelpelaus følelse å stå rundt. Mennesker døyr kvar einaste dag, og for alle oss som står i ringen rundt, men kanskje hakket for langt ifra for å kunne bidra direkte, anar ikkje kva godt me kan gjere. Me kjenner oss kanskje berre overfladiske og dumme, der me går mellom jobb, butikkar og heim, og kan fortsette som før. Kjøper oss stadig nye ting, forbrukar og kastar, og lever eit liv som av og til kjennes berre tomt. Det er nett som ein kjenner seg følelseskald; Det er jo så mykje elende i verda, korleis kan eg leve eit liv utan at elenda påverkar meg i større grad? Må eg verkeleg vente til mine eigne vert sjuke og døyr, eller til og med til eg sjølv vert uhelbredelig sjuk, før eg verkeleg skal kunne få eit nytt perspektiv på livet?  Før eg verkeleg kan forstå kva som er rett prioritering og kva som verkeleg er viktig?

Eg meiner ikkje at me skal ta innover oss all elenda i verda. Det ville knekt oss. Ingen har kapasitet til å ta imot så mykje sorg som fins i kvardagen rundt oss. Men ei slik hending som dette, er ein påminnar om at me gjennom andre si sorg, må kunne klare å ta med oss noko konstruktivt ut - for at me sjølv skal kunne bidra, i dei tilfellene der me ikkje står for langt unna. Kanskje kan me gjennom andre si sorg, ta med oss ut at det er mykje me sjølv kan gjere for å bli bedre for kvarandre. I kvardagen. Ikkje vere så egoistiske. Bruke litt meir tid på andre. Oppdra ungane våre til å verte rause mennesker. Kjøpe litt mindre, prioritere litt anleis. Eg trur det er umulig å verkeleg leve kvar dag som om det var den siste - iallefall syns eg det er veldig vanskeleg, eg tek morgondagen for gitt heile tida. Men me kan prøve å lære litt av dei som plutseleg opplever store tap. For livet er ingenting, om du ikkje er i live.

3 kommentarer:

  1. Virkelig trist å lese! Livet er sannelig skjørt og uforutsigbart. Gir oss ingen garantier og lovnader. Det eneste vi har i vår makt er dessverre klisjeèn å gjøre det beste ut fra de forutsetningene vi har. Og det er en god egenskap å se ting i en større sammenheng. Føler med denne mannen og familien hans. Jeg håper og ber om at det skal skje et mirakel. For livet skal ikke være ingenting. Det skal leves!

    SvarSlett
  2. Tomrommet - eller tida mellom at legane gjev opp og kroppen seier stopp - er grusom, ufatteleg og heilt forferdeleg. Men den tida kan også vere fantastisk rik og ufatteleg god - tru meg på det.

    Når me opplever dette lærer me å glede oss over småting, ein blomst i vegkanten, eit ekorn i eit tre eller berre fine skyer. Så går tida og me får ting på avstand - me finn nye gleder - og så sakte men sikkert lever me på same måte som før - iallefall nesten.

    Det er det fine med at vi ikkje tek all verdens sorg innover oss.

    Camilla - du er rik fordi du evnar å dvele ved slike spørsmål. Du treng ikkje vente til "dine" eller du sjølv blir sjuk - du fattar det heile allereiea - du er eit fantastisk medmenneske.

    Klem

    SvarSlett
  3. Ett nydelig fint innlegg, Camilla; og på same tid so veldig trist. Føler me denne flotte mannen og dei som står han nærme. Live kan være so vanvittig urettferdig og nådelaust, som du sjølv seier, og dei som står vedkomande nær, kan føle sej so forferdelig hjelpelause, rådville og motlause - en forferdelig følelse:-(
    På den andre sida, trur ej også denne tida/ prosessen kan følast som fin og god, der familien og dei nære kan vise omsorg, støtte og varme og berre være der for kvarandre og den sjuke. En klarer kanskje ikkje å sjå det som fint, når en står i det, men i ettertid, når en har fått ting litt på avstand, kan en gjerne sjå annleis på det, og oppleve at det en har vore igjennom ikkje berre var trist og fælt men også noko fint....

    Trur ikkje du skal gå rundt å være redd for at du sjøl eller nåken "ta dine" skal værte uhelbredelig sjuke før du skal få ett nytt perspektiv på live, Camilla. Du he allereie ett strålande og annleis (positivt meint also)perspektiv på live, og du veit allereie ka som e viktig. Du he dine erfaringa me live, og du he vore gjennom både d eine og d andre, noke som he vore me å forma dej som d vanvittig gode og flotte menneske som du e!!!
    Du e ett fantastisk medmenneske, og du veit ka som e viktig her i live :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)