No trur eg på spøkelser

Eg har alltid syns døden er grusom. Som genetisk dramaqueen, har eg dei tyngste stunder når nokon eg er glad i vert sjuke og døyr. "No får eg aaaaldri meir sjå ho igjen, klemme ho igjen, snakke med ho igjen!!" hulkar eg - og det kjennes nesten ut som eg skal døy sjølv.

Men så møter eg Lisa Williams. I Grieghallen, der 1500 mennesker sit rundt meg. Så fortel ho meg at ho har evna til å snakke med dei som er døde. Og eg himlar litt med augene. For eg trur jo ikkje på spøkelser..

Men så seier ho:
- Sit det nokon i salen som heiter Heidi?
30 stk rekker opp handa.
- Har nokon av dere mista ein pappa?
24 stk tar ned igjen handa.
- Døde han av lungekreft?
Berre ei hand er fortsatt oppe.
- Kan du røyse deg opp, kjære venn? Pappaen din seier at han er veldig glad i deg og at han syns den nye bilen du kjøpte deg er fin, men at han ikkje likar at du kjøyrer så fort. Stemmer det at du har kjøpt deg ny bil?
Den spinkle jenta svarar at ho kjøpte seg ny bil for ein månad sidan.
- Mmm, også seier han at han er veldig glad for at du fortsatt har på deg ringen hans. Stemmer det at du har ein ring som er hans?
Jenta ser ned på handa si og viser oss ringen sin, mens ei lita tåre renner nedover kinnet hennar.
- Og du? Når lyset i stua di av og til blinkar, så betyr ikkje det at det er noko gale med det eletriske anlegget ditt. Har du sett lyset har blinka?
Jenta ser litt usikkert rundt seg, men nikkar forsiktig.
- Det er berre pappaen din som vil vise deg at han er der.

Så takkar Lisa Williams for at ho fekk bringe beskjeden fra pappaen til denne jenta, og ho setter seg stille ned. Tårene renner, men ho smiler. Og Lisa fortsetter i 2,5 time med å bringe liknande meldingar videre til menneska i salen.

Og for alt eg veit, kan eg ha blitt lurt trill rundt av ei amerikansk profitthungrig humbug-dame. Kan hende alle som røyste seg opp, var skodespelarar som fekk godt betalt for å felle krokodilletårer.

Men eg slutta uansett å himle med augene. Og no trur eg på spøkelser. For det er jo ein strålande flott tanke at dei som er døde, følger litt med oss, ikkje sant? At farmora di, sønnen din, mammaen din eller vennen din passar litt på deg likevel, sjølv om du ikkje kan sjå dei? Det kan vere din vetle hemmelighet og du trenger ikkje å sei til nokon at du trur på spøkelser, men du kan jo smile litt for deg sjølv neste gang det blinkar med lyset, eller du finn ein firkløver, eller du setter på radioen og akkurat da kom den sangen eller du finn ein eller annan dings på golvet som du var sikker på ikkje låg der sist du såg? Og sende den døde ein liten tanke? Og kjenne litt på gleden i hjertet av at den døde kanskje akkurat no tenkte litt på deg?  Det skadar jo ingen. Alle har det godt på den andre sida, seier Lisa Williams.

Men eg kjenner eg blitt stressa av tanken på at det er fleire i rommet enn eg ser. Så neste gang ei vakker kvinne kjem inn i stua mi og det nærmar seg eit lite kyss kanskje, så kan det hende eg må snu meg å jage bestefar ut av rommet....! 

9 kommentarer:

  1. Dette tror jeg på, er SÅ mye mellom himmel og jord...
    Har selv mine evner jeg ikke skal komme inn på her, men har opplevd MYE!!

    Glad du fikk en positiv opplevelse!
    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  2. Ikke for å ødelegge stemninga (lizzm) men så et program der de fortalte hvordan slik kan gjøres. Personene i publikum er ikke skuspillere. Men de (Lisa i dette tilfellet) har ansatte som har som jobb og "mingle" med publikum før det braker løs. Late som om de også er publikum, og prøve å fiske frem opplysninger. "hei jeg heter per" "heidi her" "Noen du håper på å høre fra da?" "ja, kanskje pappa" Og så snakker de om løst of fast, og disse opplysningene blir da videreformidlet og brukt for alt det er verdt.

    Men. kan jo være the real deal. Who knows?

    Det er definitivt mer mellom himmel og jord enn vi aner. Vi vet mye om hvordan ting henger sammen. Og det vi ikke vet prøver vi å forklare så godt vi kan - ofte da med det overjordiske. (Lyn og torden - Tor med hammeren osv) Men, så kommer "vitenskapen" på banen med logiske forklaringer. Og det overtroiske blir erstattet med fysikk, kjemi, biologi osv.

    Der er sikkert mye vi ikke vet. Som vi ikke har skjønt hvordan henger sammen. Jeg tipper at vi om noen hundre år (hvis vi ikke har sprengt oss selv til da) vil kunne erstatte mange av de fenomenene vi i dag kaller overto med logiske forklaringer.

    (Vår oppfattning av hva som er logisk endrer seg jo også over tid.)

    SvarSlett
  3. Litt morsomt at den "koden" man blir bedt om å skrive inne når man skal poste innlegg (disse random bokstavene) I innlegget over var "spakels"

    Nesten spøkels (som de sier i trøndelag;) )

    SvarSlett
  4. Interessant Camilla - er av den oppfatning at det er mykje meir mellom himmel og jord enn vi anar. Syns det blir litt vanskeleg å tru at ei vilt framand dame kan formidle slike beskjedar - men eg vil ikkje avvise det heilt. Sjøl har eg iallefall aldri merka noko som helst til dei døde rundt meg og eg syns egentlig det er ganske ok. Men det finst folk rundt meg som påstår at dei merkar slike ting - ein kald gufs - ein støvsugar som slår seg på når avdøde blir snakka om - banking på døra uten at det står nokon der.
    Trur kanskje det er nokre menneske som er meir vare for slike ting enn andre - kanskje dei har eit sterkare ønske om å få kontakt?? Ikkje veit eg - men for all del sjå til å få jaga bestefar du når draumedama kjem :-)))

    SvarSlett
  5. Hahaha, Malina - tenk om det ikkje var random denne gang, men heller eit tegn?? Eit trøndersk spøkels, som var datahacker i sitt tidlegare liv, som ville "motbevise" din vitenskaplige forklaring ;-)

    Eg syns også det er vanskeleg å tru på alt, men eg gidd ikkje tenke så frykteleg mykje på om det kan forklarast naturleg eller ei. Etter Lisa-showet finn eg goodfeelings i å tenke på at nokon følger litt ekstra med. Når eg kjøyrte på jobb i dag, til dømes: Holdt fartsgrensa heile tida, i tilfelle bestefar sjekka meg ;-p

    SvarSlett
  6. Kanskje du må fundere på å kalle bloggen din for "Eg trur på eit liv etter døden."
    Jeg er helt overbevist om at de døde passer på oss. Da blir det pluselig litt mindre vondt å takle tankene rundt døden, og det å miste noen.

    SvarSlett
  7. Ej å systa va også på showet. Dersom det er "avtalt" spel, då spelte i alle fall ho som hadde nederlandsk familie godt. Ho heldt på å dette om...
    Ingen ørstinga som fekk "reading" verken på tirsdag eller onsdag.

    Har tru på at der er et "afterlife", men LW vert litt for kommersiell. Det vert for mykje show, og det kan fort virke kunstig for somme.
    Men for all del. Kjempeoppleving!!

    SvarSlett
  8. mammaen til Martin : )10. september 2010 kl. 14:46

    Skummelt!!! Her burde vore ein "warning". Eg e heime åleine.....eller kanskje ikkje heilt åleine likevel...uææh!

    SvarSlett
  9. Hahaha :-) I det huset der, med sin lange historie, har dokke garantert selskap av mange tusen akkurat no. Men utnytt sjansen og nyt "personalansvaret": Sett dei i sving med å montere kjøkken ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)