Ny i ein stor by

Eg trur eg har nådd toppen av empati. I ein alder av 31 år, kan eg denne hausten identifisere meg heilt tydelig med ein 6-åring. Som ein kvalmande flash-back, hugsar eg plutselig nøyaktig korleis det var å stå i enden av ein gedigen skuleplass. Med splitters nye klede og litt for stor sekk. Alt bak var trygt. Alt foran var nytt. Og eg er, for første gang trur eg, uendeleg glad eg ikkje er mor. For korleis er det muleg å stå å sjå på den vetle utrygge kroppen, som må gå inn i alt det ukjende, heilt åleine?? Det må da vere ein uutholdeleg følelse!  Eg er overbevist om at eg hadde sagt:
- Kom vennen min, me drit i heile skulen. Me går heller heim å spelar ludo. Så kan me prøve igjen til neste år. 

Eg innser plutselig at den norske stat har rett: Homofile er uegna som omsorgspersonar. Iallefall eg. Eg har plenty nok med å ta meg av meg sjølv. For eg må innrømme at eg syns det er ensomt å starte på nytt igjen. Det krever mykje energi å begynne på scratch å bygge opp eit nytt nettverk. Og eg stiller spørsmålstegn ved livsvisdomen "Øvelse gjer mester", for eg har flytta mange gangar før - men det er nett som det vert vanskeligare og vanskeligare kvar gang. Og det er jo rart, er det ikkje? Kan det ha noko med at terskelen for å ta kontakt med nye aukar proporsjonalt med alderen? Ungar seier hei til kvarandre på leikeplassen og dermed er det nye vennskapet igang. Ungdom og studentar møtes på skulen og har dermed etablert referanseramma si. Miljøet rundt legg til rette for kontaktpunkt. Ein skulle jo tru dette var sosialisering ein veks på og tek med seg vidare? Men kan det verte vanskeligare å gje av seg sjølv, til eldre ein blir? Eg går på jobb og smiler og ler, men syns det er uendeleg godt å komme heim i kåken å "slappe av" fra tvangssosialiseringen. Eller er det berre at dei fleste på min alder har eigen familie, ungar og partner, og har nok med seg og sine? 

På den andre sida; det er utrulig interessant å kjenne på nye følelsar. På søndag trur eg at eg for første gang kjente på følelsen sosial angst. Eg var invitert med 8 fullstendig ukjente kollegaer på å spele ein bedriftshandballkamp. Som keeper. Og oppgava der er jo enkel: Stå i mål og ta imot alt som kjem. Og eg veit at eg er ok god. Men når sjansen bydde seg, takka eg nei. Eg vart kvalm og svett og hadde mest lyst å snike meg vekk. Men av evne lata eg som ingenting og heia ivrig fra benken. Det var ein god erfaring.

Eg måtte ha ein kviledag i trygge omgjevnadar i dag. Men i morgo skal eg prøve på nytt; Da er det ein badmintontrening i Fantoft idrettshall. Den vetle spurven skal blåse støv av den gamle badminton-rackerten, møte opp og trene på både badminton og sosial omgang med ukjente. Tenke uhyre positivt og vere glad for at menneskesinnet er slik bygd opp, at det som eingang var enkelt - ikkje alltid forblir enkelt. På den måten blir ein aldri ferdig med å jobbe med seg sjølv.

7 kommentarer:

  1. Blir litt lei meg når eg les dette Camilla - kjenner på meg at eg er bitte litt mora di som står og ser på at den vesle kroppen skal gå ut i det ukjente. Huskar då Helene skulle vere med på meieriskulen og begynne i 4. kl på Brekstad - herlighet kor eg remja då eg forlot ho for å gå og gjere meg sjølv kjent med mine nye klassekamerater....Huff det var fælt - men fy søren...det gjekk jo bra.
    I helga var eg på besøk med søstra mi og hennar familie - dei har campingvogn oppi her og var der for første gang. Då er det jo om og gjere at jentene hennar finn seg venner viss helgane skal vere nokonlunde kjekke for alla saman. Den yngste fant fort ei jente på same alder å leike med. Så overhøyrde dei antageleg kva vi voksne snakka om - for etter ei lita stund ser vi dessa to på 5 gå å banke på døra til ei veletablert campingvogn. Ut kjem ei dame på ca. 55 år og jentene spør så på pent: " Har du noen barn som kan komme ut å leke". Dama drog på smilebandet og sa at: jau ho hadde da barn - men dei var i 30 åra.....tenk om eg kunne fått adressa deira - ville jo vere akkurat passe for deg det Camilla:-)

    Stor klem og masse lykke til med sosialiseringa di

    SvarSlett
  2. Føle me dej, Camilla :-( Ikkje d at ej he flytta so monge gonga og måtta starta "på nytt igjen", men kan forestille mej utfordringane en må møte i en slik situasjon. På den andre sida, so veit ej vel kanskje ikkje heilt, for ej he ikkje erfart eller kjent d på kroppen sjøl. Men ensomheita.....den kan være grusom.
    Men e overbevist om at du kjeme til å trivast og skaffe dej venna og nettverk etterkvart (sjølom d e bergensera, hehehe). Som du sjøl seie, so he du gjort ditte før, so du he erfart tidlegare ka som e bra og mindre lurt og gjere for å opppnå d du søke etter og vil. Ditta fixa du :-)

    Og når d gjelde dinna bedriftskampen i handball, so måtte du ha hatt ett "lite, midlertidig illebefinnande"; for ett slik ej he lest på bloggen din tidlegare, so e du en "ræsar" i (stol)handball. So en simpel bedriftskamp ha vore en lett kamp for dej. Men neste gong.....ja neste trening, vil du nok ikkje kjenne på nåken "fysiske ubehageligheite" (anna enn knea som skjelve og sveitten renne, etter ei fabelaktig gjennomført treningsøkt :-)

    Når d gjelde den norske stat og deira syn på homofile som uegna omsorgspersona, so he ej berre ditte å seie : Drit i d, Camilla!!! Du ha garantert vore ei vanvittig go mor :-)
    ( ej e sjøl mor )

    SvarSlett
  3. Kjensla av sosial angst ekje god...he sjølv tendensa til det når det vert mykje folk eg ikkje kjenner. Men det går alltid bra til slutt. Etter eit par gongar så vil denne kjensla gå over til å verte ei glede over å få møte nye menneske og stifte nye vennskap.

    Stå på Camilla. Nye venna dukka opp når du minst venta det.

    Å sei at homofile ikkje e eigna som omsorgspersona e like bakstrebersk so å påstå at jorda e flate...En skal ikkje finne seg i slike fordommar, men motbevise dei til fulle! Du trenge berre ei like fantastisk kvinne ved di side, som det du er!!!!

    (å du? alle e si eiga lykkes smed!) :)

    SvarSlett
  4. JA, alle er sin eigen lykkes smed! Det der er eit kjempegodt ordtak. Eg ville ikkje at verken Janne Tove eller ho kjekke anonyme skulle bli lei seg, og ingen skulle syns synd på meg. Eg ville berre vise, ved å bruke meg sjølv, at innimellom er me alle sårbare og må kjenne litt på nye følelsar. Og det er litt skummelt og trasig, men det er først og fremst veldig bra! For det utvidar horisonten, vi lærer noko nytt, vi kan forstå andre sine reaksjonar bedre, vi utviklar vår eigen empati osv. Så eg ville berre bidra med mine tankar, slik at neste gang du skulle få befatning med tankar som liknar, så kan du tenke: Dei er tenkt før, eg er heilt normal og alt ordnar seg tilslutt! :-)

    Tilslutt var det jo hyggeleg å sjå at dokke har tru på meg som mor! Hehe..men inntil det skulle bli aktuelt, så velgjer eg litt omvendt psykologi og bruker statens fordommar for alt dei er verdt: Ja, eg kan godt passe dattera/sonen din, men i likhet med barn under 16 år, så vil eg gjer merksam på at Den Norske Stat har klassifisert meg som ein uegna omsorgsperson, så dersom noko skulle inntreffe under barnevaktoppdraget, så fraskriver eg meg alt ansvar! ;-)

    SvarSlett
  5. Å eg kjenner meg så godt igjen Camilla! Eg trur alle mine venner kjenner meg som en utadvendt person, men når det kjeme til nye og "skumle" ting så blir eg fryktelig sjenert og usikker.
    Det e rart med det, kan ikkje komme på en einaste gang at eg har hatt en ubehagelig opplevelse når eg har begynt i ny jobb, vært ny på fotballlaget, første gang på et treningssenter eller på fest med bare ukjente, men likevel så blir eg klam i hendene og får hjertebank når eg kjem opp i en lignande situasjon... Eg regna med du ikkje har nåken skumle opplevelsa sjøl, så det e bare å komme seg på den fotballtreninga ;) Hehehe.
    Eg syns du skal sjå på deg sjøl som heldig. Du får lov til å begynne "på nytt" i en alder av 31 år. Kanskje får du med deg nokre erfaringa og opplevelsa som gjer livet ditt litt rikare. Det e jo opp til deg ;)

    SvarSlett
  6. Ja, sånt blir faktisk bære vanskligare og vanskligare. Når en e liten e sånt so enkelt. I gata mi der ej vokste opp bodde der bære guta. Og dei ville ikkje ha med mej (du veit, lus og sånt) Så ej ønska mej ei jente. Huska ej satt og tenkte at so monge hus som det e i grepalida, så må det vel være ei eller anna jente vel. Så, ej tok saka i egne hender og gikk fra hus til hus og ringde på "Hei, bor der ei jente på min alder i ditte huset?" Fann ei tilslutt. Måtte heilt ned i farkvamen "Ska vi vær i lag?" jada, det kunne vi.

    Ser for meg scenarioet i dag. Om ej hadde gått frå hus til hus og spurt om der va ei jente på min alder ej kunne være med...

    SvarSlett
  7. Så veldig bra at både Janne og Malina kan være så ærlige at dei gidd å dele sine eigne erfaringar med oss sånn! Me er igrunn prikk like alle sammen...og iallefall syns eg at det er greit å vite om :-)

    Og Janne; Eg må psyke meg meir opp for å vere med på den fotballtreningen. Men DEG er eg ikkje nervøs for å treffe igjen! Tvert imot så gledar eg meg til det :-) Og denne helga er heilt blank (fram til søndag kl 17..), så gje meg ein pip om du har anledning :-D

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)