Eit hand-made julebrev, spesielt til deg

Tradisjonen tru, er det ingen som får julekort fra unge Gangsøy i postkassa i år heller. Eg veit ikkje kva eg skal skylde på denne gangen. Ammetåke? Uheldig løkkeskrift? Tidsklemme? Manglande omtanke for mine medmennesker? Ingenting å berette fra 2010?

Nææh, eg trur eg droppar unnskyldningar. Litt generell tåke har eg vert i, løkkeskrifta er horribel og det har vert litt hektiske periodar innimellom. Men det manglar ikkje på omtanke for dei fine som er rundt meg, og det manglar heller ikkje på sprell og spetakkel i 2010.

Året starta fredelig. Eg klaga på bikkjekulde og uhorvelige mengdar snø. Eg sutra når eg måtte ut på ski og rota vekk årskortet på Bondalseidet med fullt overlegg. 3200 kr rett i dass, kjentes billigare ut - enn å henge i skitrekket helg etter helg, å fryse ræva av meg. I etterpåklokskapens lys, er det snodig å tenke på kva ein opplever som problem innimellom. Og eit paradoks at eg blir så blind på mine eigne kvardagsutfordringar, at eg gløymer å sette meg ned i sofaen å tenkje: ”Hmm…Strengt tatt er eg i ein fredelig periode akkurat no. Ingen store issues. Denne tida skal eg nyte!”.

I mai vart livet mitt, slik eg kjente det, snudd opp ned. Og det var ei heilt fantastisk fin tid! Makan til omsorg, omtanke og støtte, har eg aldri møtt. Eg har aldri trengt hjelp i så stor grad som eg trengte det da, og dermed ikkje tidlegare forstått kor mykje det betyr å sjå og høyre kvarandre. Eg har ikkje kjent på den djupe gleda, som ein liten omtanke fra nokon andre, kan gje meg. Og dermed har eg heller ikkje skjønt kor stor påvirkningskraft eg sjølv kan ha på andre. Kor enkelt det er å glede nokon, og kor utrulig godt det kjennes ut for meg sjølv samtidig.

På lista mi over ”Topp Ti Smarte Ting Du Gjorde I 2010”, heng ein SMS ganske høgt. Det var den SMSen eg sendte til dei flotte damene, som delvis var perifere bekjentskapar: Vil dere komme på besøk til meg på fredag kveld? Eg lagar litt mat og har litt vin – også treng eg litt selskap.

Og dei flotte damene kom. Nokon av dei kjente ikkje kvarandre fra før, men sporty og utadvendte som dei er alle sammen, så vart det ein strålande kveld. Og det har vert mange strålande kveldar saman seinare. No er dei uunværlige for meg alle sammen.
Så flytta eg til Bergen. Hallaien. Med sekken full av fordommar mot bråkete bergensarar. Men jammen vart eg ikkje kvitt dei rimelig fort også. No likar eg regn bedre enn snø. Og skarring er ganske sjarmerande. Og omtanke & varme fins det i Bergen også. Den nye jobben er midt i blinken.

Oppsummert har totusenogti gjort meg ti år eldre, men veldig fornøgd. Og eg gledar meg til no. For du har lært meg så mange smarte ting, at 2011 må bli eit strålande år. Du blir med meg til neste år også, du?

God jul!

5 kommentarer:

  1. Fantastisk Camilla!
    Eg vil GJERNE vere med deg i 2011 også..:-)
    KLEM!

    SvarSlett
  2. ..må også få legge til,at den SMSen,var noko av det luraste du sende..!:)
    Ein fantastisk kveld,det vi alle knytte nye venskapsband,som blir sterkare og sterkare!
    TAKK for at du gjorde det,Camilla!

    (ventar fortsatt på oppskrifta på den fantastiske kyllingsuppa di..;)
    GOD JUL!

    SvarSlett
  3. Takk, deilige Kristin!
    Oppskrifta får du aldri, for eg er ein luring; Inviter meg heller på besøk, så kan eg fixe ;-)

    SvarSlett
  4. Sjølsagt blir eg med i 2011 også!

    Ha ei fine jul!

    Solveig.

    SvarSlett
  5. Ej blir gjerne me dej for resten ta live ej, Camilla :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)