Julafta. På ein gamleheim.

Ho er pynta, som om det var sin første julekveld.
Men ho har feira Jesu fødsel nittifire gangar før.
Så i år søv ho i stolen sin, mens presten les.
Historien kan ho likevel utenat.
Så eg unner ho ein kvil.

Ho lagar ingen festmåltid lenger.
Får omsider gå til duk og dekka bord.
Men hugsar ikkje kva ho et.
Går berre utifra..at det var godt.

Å savne, er ofte fint.
Når det er snakk om - å vente litt.
Men å savne er ikkje godt,
når noko aldri kjem tilbake.
Og hugset. Det er tapt for godt.

Mens barn riv papiret av med glede,
løsner bestemor forsiktig tapen.
Bretter papiret tilside,
og stryk rolig over gaven.
- Til meg? Nye strømper. Det trengte eg!
Med spørrande blikk..
-Gjorde eg ikkje?

Så er alle gaver åpna.
Ho smiler som ei sol.
- Skulle tru det var julekveld i kveld!

Svelger siste tabeletten tungt.
Og julafta er forbi.

I morgo er nok alt gløymt.
Men eg veit.
At den finaste julekvelden
- var med bestemora mi.

12 kommentarer:

  1. God Jul.
    Veldig bra skrevet, rørende!
    Jeg hadde også en fin julaften sammen med minsten og mine foreldre..og det var som å lese om pappa, det du skrev om din bestemor...Han vet nå hvem han er da, men det med å sitte og sovne, åpne gavene veldig sent..
    Er vel sånn å bli gammel tenker jeg...

    God juleklem til deg fra meg

    SvarSlett
  2. Veldig fint, Camilla!!!
    Du e veldig flink og viser omtanke for dei rundt dej. VEIT at bestemor hadde en stråålande kveld i går. D å leve her og no får ei anna betydning for menneske som he lagt d meste av hukommelsen sin langt ne i ei skuffe i kjellaren. Men du, me dine, ga bestemor d finaste ho kunne få på julafta 2010 <3

    SvarSlett
  3. Vakkert Camilla:-))

    Klem janne tove

    SvarSlett
  4. Rørende vakkert <3

    SvarSlett
  5. :) Så perfekt! :)

    Du er god du Camilla!

    Håper juledagene videre bringer glede og kos til deg også! Klemmer fra meg

    SvarSlett
  6. ÅH! fantastisk fint å lese for ei som har si bestemor som for førsta gang måtte feire på sjukeheim i staden for saman med oss som ho er vant med!! Tårene trilla når vi reiste frå henne akkurat på julafta... Sjølv om eg innerst inne veit at ho har det best der! kjempefint skrive!

    SvarSlett
  7. fint skrive, Camilla. Vi har farta til og frå sjukehuset i jula. Betemora mi fekk ei stor hjerneblødning på lisjejulafta... ikkje noko kjekt i det heile tatt. heile familia har valfarta sjukehuset for å vere saman med henne. sjølv om ho meir eller mindre er i koma, så håper og trur vi at ho erindrar at vi er der saman med henne.

    God jul :)

    SvarSlett
  8. Hmm...så fint om mine ord kan bety noko for andre også. Mange som ikkje har det så greit i jula, av ulike årsaker - men dere alle viser ein veldig fin omtanke. Ein ekstra tanke til deg, Cecilie *klem*

    SvarSlett
  9. God jul Camilla.
    Håper bestemor di hadde det fint likevel... Ta godt vare på dei stundene du har med ho. Du veit aldri når ho reiser...

    SvarSlett
  10. Så vakkert du skildrar det såre i at bestemødre blir gamle... Godt å vere saman med dei medan ein har dei! Framleis god jul!!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)