Dagens underholdningstilbud på Fantoft

Har du det sånn også? At dei brilliante ideane ofte kjem rett før du sovnar?
Det er visst ein liten logikk i dette. Når stressnivået synker og ein kjem i avslappa modus, endres den eletriske aktiviteten i hjernen. På dagen går aktiviteten i alfa- og betabølgjer, mens ein om kvelden kan komme opp på gamma- og deltanivå. Og rett før du sovner, kan du oppleve ein avslappa oppmerksomhet, som registrerar dine indre impulsar. Og da blir ofte gode idear født.

Min fantastisk gode idè på deltabølgjer i går kveld var: "Gå på bybana på Paradis stasjon i morgo, Gangsøy. Ikkje gå den kronglete stien til Fantoft på snø, holke og sørpe. God plan..zzzz"

Men på autopilot i morgonmodus, og med alfabølgjer i hjernen, gjekk eg av gammal vane til Fantoft. Fin tur igrunn. Nice med ein sånn liten spasertur på morgonkvisten. Gir meg tid til å våkne litt. Møter andre mennesker i morgonmodus, og kan smile litt - og sole meg i glansen av eit smil i retur. Det er fint.

Rett før bybanestasjonen på Fantoft, er det ein 150 meter slakk bakke. Heilt ny, strålande fin asfalt og høge kantar på sidene. Godt utført arbeid! Kanskje Mesta? Lat oss håpe dei har fått skryt.
Når eg kom til bakken i dag tidlig, trallande og blid, såg eg imidlertid at: "Her var det glatt, gitt...!"
To beine, lange sklispor indikerte likevel at nokon hadde prøvd vegen før meg. Og spora varte og rakk heilt ned bakken, så eg skjønte dette hadde gått fint. Perrongen var godt oppfylt og eg hadde ca to minutt på meg til bybana skulle gå. Så med brei fotstilling og litt svikt i knea, satte eg utfor med friskt mot. Og hui hei, kor det gjekk! Eg kom fort foran tidsskjema, med 70 kilo i fint, aerodynamisk driv nedover - surfande på perfekt asfalt og underkjølt regn. For ein entrè eg skulle gjere inn på perrongen!

Men så merkar eg at føtene begynner å skli litt sidelengs. Og fullstendig uten sjanse til å bremse, endrar eg plutselig beinstillingen fra å stå solid framlengs - til litt usikkert å gli sidelengs - og plutselig sklir eg baklengs nedover. Med rumpa ut. "Hmm, dette var ikkje heilt etter planen..Men det går fint. Berre hold deg oppreist no, Gangsøy, så rekker du bybana just in time." Eg ser meg over skuldra, for å sjekke om publikummet fortsatt følgjer med. Men da ser eg...at tre meter framfor meg, akkurat i løypa mi...ligger ei lita, flatklemt Popcorn-eske. Av papp, fryst fast i isen.
"Neeeei, ikkje popcorn! Kvifor i hel... popcorn?? Kunne det ikkje vert ein lett potetgull-pose? Som berre fint kunne lagt seg foran skoen min, og blitt med på turen ned? Potetgull er jo mykje bedre enn popcorn!!"
Men nei. Det var fastfrosen papp. Akkurat nok til at eine foten stoppa heilt opp, og takka vere eit C-moment av ein heilskru, så ender eg flatt, på magen, med hendene rett fram - og kan nyte dei resterande 75 meterane av bakken på snørra. I full speed. Og sjølvsagt ikkje ein einaste popcorn-pakke i sikte, som eg kan bremse farten på. Er det ikkje typpisk? Miljøforurensing er aldri der du treng det! Og akkurat da, når det var ein meter igjen, før perrongen, kom eg på: "Eg skulle jo gå til Paradis stasjon i dag! Ikkje Fantoft. Ikkje Fantoft.."

Men eg ankjem altså Fantoft stasjon, siglande på magen, akkurat idet bybana kjem. Og med ein slik entrè, så har eg jo ikkje så mange valg. Taktikken med å sprette opp igjen, koste av meg på knea og sjekke om nokon såg - før eg later som ingenting å går vidare, er jo dødfødd. Så her var det berre å røyse seg opp, bukke og neie til publikummet og ta imot den velfortjente applausen.

For så å snu, og bakse meg med fiskebein oppigjen bakken. Klissvåt fra topp til tå, med nysmelta sørpe rennande på innsida av t-skjorta. Som gjorde at dei møtande morgon-medmenneska også fekk seg ein god latter.

Det er så veldig hyggelig å kunne glede andre!!

7 kommentarer:

  1. :-) Dette skulle vært filma! Hehe..men du var jo heldig som ikke skadet deg da..kanskje litt såret stolthet, men pytt..

    Ha en fin kveld og klem fra meg

    SvarSlett
  2. Hoffa Camilla - godt du ikkje skada deg.....Men antageleg uhyrleg morsomt å sjå på for alle andre. Du er verkeleg ein gledespredar som ofrar deg du:-))

    Stor klem:-))

    SvarSlett
  3. Eg ler så eg griner! :-) Ser deg for meg! :-)) Og så gikk det jo bra, uten beinbrudd!
    Nina

    SvarSlett
  4. Auu! og auu! var det nok sikkert for deg i dag, men no blei det faktisk au og au på meg og....måtte eg le så eg fikk smerter i dei visna, men melkesyrestinne magemusklane mine :)

    SvarSlett
  5. Huff da, bra det gikk bra med deg da....men jeg må nok innrømme at jeg hadde skratta jeg også om jeg hadde sett deg seiliende ned bakken.....så ja en skikkelig gledespreder må du kalles!!=)

    SvarSlett
  6. He he. Rekna me det verte Paradis ei stund framover no då...for å sleppe gjenkjennande nikk, og sjølvsagt for å glede andre heilt ukjende menneske ;)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)