Lean Life - Er det mulig?

På grunn av min utruleg sære utdanningskombinasjon som brannmann og yster, med tidenes nerdefordjupning i kvitost på eit college i Danmark, skulle ein tru drømmejobben min var produksjon av røykt Jarlsberg. Men nei. Ikkje eit vondt ord om Jarlsberg. Men den røykte vart vel aldri nokon suksess. Men nok om det. Dei siste sju månadane har eg jobba med ein, om mulig, enda smalare profesjon. Bokstavlig talt eit slankt yrke. Ironisk nok, sånn rett før bikinisesongen. Men nok om det også.
Yrket er Leankoordinator. I Tine. Ein fantastisk jobb! Men likevel kan eg ikkje tenkje meg noko verre spørsmål enn:
- Kva jobber du med?
Ikkje fordi eg ikkje vil snakke om Lean. Eg vil nesten alltid snakke om Lean. Problemet er at det er umulig å forklare yrket mitt i ein kort setning. Eg har prøvd fleire variantar:

- Jo, eg jobber som Leankoordinator. Det handlar om å implementere ein filosofi som i første omgang skal eliminere alle former for sløsing i ei bedrift. Og skape flyt.
Reaksjonane er som regel heva augebryn og eit litt vridd ansiktsuttrykk, der vedkommande mest sansynleg tenkjer: Åååja, du skal rasjonalisere. Rasjonalisere vekk folk!
- Nei, nei! Eg lovar! Tvert imot; Eg skal få fram det beste i kvar enkelt!
Men ingen trur meg. Neste gang prøver eg:

- Jo, eg jobber som Leankoordinator. Har du ein time til overs? Eg kan gjerne fortelje deg ALT om dette fabelaktig enkle konseptet, som har revolusjonert bilindustrien!
Responsen da er som regel at vedkommande byrjer å rygge bakover med eit intens behov for å skifte samtaletema, og eg føler meg som eit Jehovas Vitne på misjoneringstokt:
- Jamen høyr da, Lean er Guds gave til industrien! Til folket! Til heile verda!!

Så eg ender som regel opp med:
- Jo, eg jobber i Tine. Fantastisk bedrift. Har du smakt den nye juicen? Den i blå kartong? Sommerfrisk!
Namm!

Men det er for gale å unngå temaet, sjølv om det kan virke komplisert. Lean er ikkje komplisert. Tvert imot er det sunn fornuft, i eit veldig fint system. Og det handlar egentlig berre om å lære å lære. Og eg trur, og eg skal prøve å vise, via min nye blogg-følgjetong Lean Life, at dette ikkje berre er ein produksjonsfilosofi. Eg trur faktisk det kan vere ein ganske strålande livsfilosofi. For vi har alle forbedringspotensial, sant? Kropp og sjel, vår heilt eigne indre organisasjon av overordna og underordna evner, er stadig i ein kontinuerlig forbedringsprosess. I dag gjer me så godt me kan - men i morgo kan me gjere alt littegrann bedre. Fordi me lærte noko nytt i dag, og med ny innsikt og forståelse, kan me i morgo bli eit litt bedre medmenneske, som jobbar litt smartare og som tenkjer litt meir positivt.

For all del; eg er ikkje eit orakel i verken kunsten å leve eller i den japansk/amerikanske Lean-filosofien. Men som eit bloggprosjekt, aktar eg å finne ut om dei 14 produksjonsprinsippa til Toyota, kan overførast til måten eg driv min eigen organisasjon på. Så gjenstår det å sjå, om produksjonseffektiv samlebåndsteori kan brukast som livsfilosofi eller ei. Haha! Fantastisk!

4 kommentarer:

  1. Halleluja - nesten så eg luktar meieriet igjenn - kjenner iallefall den saligjerande følelsen då eg vart vekt av tankegangen - nesten som eit vekkelses møte. Men du verden for ein flott tanke - gler meg til å følgje denne bloggfortsettelsen. Du sjønar det Camilla - eg har kobla det heilt ut og kjener at eg treng ei oppfrisking:-))

    Klem

    SvarSlett
  2. Det der er som å ha Chandler i "friends" sin jobb...ingen vet hva han gjør heller, og det er umulig å forklare... :-)

    SvarSlett
  3. Hahahaha, Kari - god referanse!
    Overdose lean på veg til deg, Janne Tove. Amen ;-)

    SvarSlett
  4. ..haha!! Når eg vart "omvendt"..kan ALLE bli Lean frelste..;-))

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)