Lean Life: Kvalitetsikre deg sjølv

Toyota sitt femte produksjonsprinsipp er å skape ein kultur for å slutte å fikse feil, men heller gjere det riktig første gang.

Dette prinsippet er eg ydmyk overfor å transformere til livsfilosofi. Eg kjenner eg burde ta ein psykologi-videreutdanning på si. Men eg kan jo likevel invitere deg med på mi assosisasjonsreise:


Eg er min kunde. Og for at eg skal oppleve livskvalitet, må eg handle i tråd med mitt verdigrunnlag. Og her skal eg ikkje pompøst legge ut om mine verdiar. Eg veit neimen ikkje om eg er dei alle bevisst eingang.  Men via arv og miljø, har me alle ein viss indre styreretning på kva me opplever som riktig og galt. Eit indre kvalitetsystem, som gjer at me på ulike måtar har ein evne til å oppdage disharmoni, problem og feil. Det er ganske snedig, det der. Kropp & sjel seier ifra på ulike måtar når me bedriv juks & fanteri, sluntrar unna, drar ein nødløgn eller ser på andre damer over brillekanten. Dårlig samvittighet er kanskje den alarmklokka som først signaliserar problem, som eit andon. Støttesystemet som raskast oppdager problem og ber om mottiltak. Indre varsling om at du har behov for å stoppe opp litt og rette feilen før du går videre. Utfordringen min i desse tilfellene er å klare å stoppe opp. Dagens kvinner forventer jo effektivitet!
Men paradokset er at uten ein kultur for å stoppe opp eller sakke på tempoet for å få riktig kvalitet første gang, komme i samsvar med mitt eige verdigrunnlag igjen så fort som mulig, så vil ikkje effektiviteten øke før dette er på plass igjen.

4 kommentarer:

  1. Oi, ditta va ett spennande og utfordrande prinsipp, som ej godt kan forstå e vanskelig å transformere til livsfilosofi.....
    En skal slutte å rette opp feil men heller gjere d rett første gongen...??!!! Tygge litt på den, men trur nok ikkje d femte prinsippe e nåke for mej... Me gjer alle feil til tider og ej trur d e slik me lære - laga veien mens en går, på en måte... Og forresten, gjere rett for ken?? En sjøl, abeidsgjevar, for mannen, kona, familien, ungane osv...???? Monge en skal ta hensyn til; men kjeme sjølvsagt ann på situasjonen. Men å gjere rett første gongen kan no kanskje være nåke å strebe ette, men blir nok mest prøving og feiling i mitt tilfelle i alle fall....

    Uansett, feil eller rett førte gongen, so ønske ej dej ei nyydelig helg :-)

    SvarSlett
  2. Faaabelaktig! At du syns det var spennande. Det var særdeles gledelig :-)

    Eg er heilt enig med deg i at feil er uungåelige - og nødvendige. For å lære. Eit Lean-slogan er "Dårlig nytt er godt nytt", som understreker at filosofien ønsker ein læringskultur der feil blir satt pris på, nettopp fordi ein feil betyr at du kan forbedre deg.

    Men i transformasjon til ein livsfilosofi, tenkjer eg at kultur i ein organisasjon er mykje det samme som verdiane i min eigen organisasjon. Det er mine verdiar som er min kultur. Og eg merkar, og det gjer nok du også - gaaaanske fort, dersom eg gjer ein handling som strider imot mine verdiar. Og det er i dei tilfeller eg meiner at det er mest effektivt - mest rett - å rydde opp og gjere riktig med ein gang.

    Så spør du kven du skal gjere rett for; Der syns eg det er stråålande at du tenkjer både på arbeidsgjevaren, mannen, kona, ungane og familien din. Ei fin sjel, tek omsyn til alle desse i kvardagen. Det prøver eg også. Men eg er knallhard på at det er EG som er kunden min, og at det er MITT ansvar at EG er fornøgd.

    Så eg syns du skal gjere det som er rett for deg ;-) Ha ei njudelig helg du også, kjære Anonym!

    SvarSlett
  3. Hei igjen Camilla :-)
    Må berre få kommentere nåke her......: Du seier at d er du som er kunden din og at d e ditt ansvar at du er fornøgd, og for så vidt er eg enig i d. Likevel kan e være fole vanskelig å skille en sjøl ifrå foreksempel mann/kone og familieforhold..... En vil gjerne ta omsyn til alle (for å prøve å være ei fin sjel), men d kan då også være ei viss fare for at en "misse" elle gløyme sej sjøl opp i d heile - vanskelig å ta hensyn til sej sjøl (kunden) når en sjøl også e en del ta i familie foreksempel......Forstår du....?????
    Uansett, so e ej i alle fall enig i at en e sin egen lykkes smed (til ei viss grad i alle fall), men e no fole greit viss andre me delteke litt for at en skal ha d bra :-)

    Ha ei fantastisk veke !!!

    SvarSlett
  4. Så bra at du utfordrar meg, vyrde Anonym. Eg ser at eg kan framstille dette for enkelt - i praksis fungerar jo ikkje dette som varm kniv i meierismør. Eg meiner fortsatt at det er mitt ansvar å gjere meg fornøgd, ta den plassen eg trenger og gi meg rom til å gjere dei tinga eg trenger å gjere. Eg kan ikkje forvente at andre skal "sjå" dette på mine vegne. Men utfordringen kjem, som du seier, i ein familie, der mange har behov som skal dekkast. Handlingsrommet og plassen eg kan få, blir mindre da - og det er klart at det å please andre har ein eigenverdi for meg også (føler seg bra, som du seier)men dette trur eg ikkje er nok bensin til bålet i det lange løp. Det blir litt sånn tisse-i-buksa-effekt. Fine tilbakemeldingar varmar ei stund, og kanskje til og med ganske lenge - men neglisjerar ein sine eigne behov tilstrekkelig lengde, så er eg overbevisst om at det blir kaldt tilslutt...

    Mitt egentlige poeng er vel at eg ønsker å vere ein aktiv part når eg ikkje er fornøgd. Er det noko som skurrar, så fordrar det at eg tek initativ til ein handling. For å bedre situasjonen for meg sjølv - og for å gjere meg i bedre stand til å vere fin for andre.

    Men hey...eg er ein yster og ein leankoordinator. Og eg er skilt. Så eg har tydeligvis gjort eit par feil...(vel, akkurat i det tilfellet, besto vel feilen kun i at eg var så teit å gifta meg ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)